TESTDATA

TESTDATA

TESTDATA

Hopp til hovedinnhold

Erasmushandboka for Erasmuskoordinatorar

2. Mobilitet og stipend for studentar og tilsette

Mobilitet for studentar som ynskjer studera eller ta praksis i eit anna land enn sitt eiga og tilsette som ynskjer utvekslingsopphald for å undervise eller få opplæring.

2.1 Studiemobilitet

Gjennom Erasmus+ får norske studentar moglegheit til å reise på studieopphald til utanlandske lærestader, og internasjonale studentar får moglegheit til å studere ved norske universitetet og høgskular.

Krav til deltaking og tillatne aktivitetar
Formelle krav

For å delta i Erasmus+ må studenten

  • vere registrert ved ein norsk institusjon som har eit "Erasmus Charter for Higher Education», forkorta ECHE
  • vere registrert på eit gradstudium, anten på bachelornivå, masternivå eller doktorgradsnivå

Deltidsstudentar og studentar som tek praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kan òg delta i Erasmus+-programmet.

Lengde på opphaldet

Studieopphald ved ein partnarinstitusjon kan ha ei varigheit på inntil 12 månader per studienivå.

Studentar kan reise ut frå fyste studieår.

  • Lengde langtidsmobilitet: frå 2 til 12 månader
  • Lengde korttidsmobilitet (doktorgradskandidatar og blanda mobilitet): frå 5 til 30 dagar

Ved utrekning av stipend ved langtidsmobilitet i Beneficiary Module, har kvar månad 30 dagar, også februar.

Ved korttidsmobilitet blir stipendet rekna ut dag for dag, noko som betyr at februar då vil ha 28/29 dagar.

Kriterium for utveljing

De står fritt til å setje kriterium for utveljing av Erasmus+-studentar, så lenge desse er i tråd med krava i Erasmus+-programmet, og elles er rettferdige. Kriteria for utveljing må vere synlege og tilgjengelege for potensielle deltakarar i forkant av søknadsrunden.

Døme på legitime kriterium for utveljing kan vere karaktersnitt, studieprogresjon, motivasjon og tidlegare deltaking i Erasmus+.

Politiattest (innreisande studentar)

Studentar som gjennom praksis eller klinisk undervisning kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper skal ifølgje norsk lov framleggje politiattest. Kravet om å fremleggje politiattest vil òg gjelde innreisande studentar.

Det kan gjerast unntak viss årsaka til at studenten ikkje har lagt fram politiattest er utanfor kontrollen deira. De må i så fall varsle praksisstaden om at den aktuelle studenten får delta i praksis utan å ha lagt fram politiattest, slik at praksisstaden kan ta dei nødvendige forholdsreglane i samband med avviklinga av praksisen til vedkommande.

Unntaket frå kravet om politiattest må praktiserast strengt, då omsynet til dei sårbare gruppene som kravet om politiattest er meint å verne vegar så tungt at viss ikkje den aktuelle samarbeidsinstitusjonen kan gå god for vandelen til studenten eller at praksisstaden ikkje kan ta dei nødvendige forholdsreglane i samband med avviklinga av praksisen til vedkommande, bør normalt ikkje vedkommande ha moglegheit til å ha praksis eller delta i klinisk undervisning der det er krav om politiattest for å delta.

Studiar og feltarbeid som del av grad

Stipend kan delast ut til studentar på bachelornivå, masternivå og doktorgradsnivå. Studentane kan følgje alle typar undervisning, inkludert arbeid med oppgåver, datainnsamling, og feltarbeid («thesis preparations») som inngår i grada studenten tek. Forskingsaktivitetar som ikkje spesifikt er del av ein studieplan eller emneplan er ikkje tillatne.

Fleire Erasmus+-mobilitetsopphald

Studentens mobilitetsopphald kan vare i inntil 12 månader på kvart gradsnivå (bachelor-, master- og doktorgrad). Studentar som gjennomfører eit integrert, femårig studieløp, kan vere på mobilitetsopphald i inntil 24 månader.

Det er mogleg å dele dei 12 månadene opp i fleire mobilitetsopphald, men kvar mobilitetsperiode må oppfylle kravet til minimumslengde for dei ulike utvekslingstypane og eventuelle andre gjeldande kriterium. Studentane kan altså ha mange enkeltståande mobilitetsopphald, men desse kan ikkje ha ei total lengde ut over 12 månader per gradsnivå.

To eller fleire mobilitetssopphald same år (for eksempel eit opphald på 8 månader og eit på 3 månader) skal rapporterast som separate mobilitetar.

Praksisopphald etter fullført grad skal teljast saman med eventuelle andre utvekslingsopphald studenten har frå det studienivået studenten har avslutta grada si innanfor.

Kan studenten ta imot to Erasmus+-stipend samtidig?

Studentane kan ikkje ta imot Erasmus+-stipend for både studieopphald og praksisopphald samtidig. Dette blir rekna som dobbeltfinansiering. Studentane kan få stipend for studieopphald og praksisopphald same semester, så lenge opphalda ikkje overlappar.

Blanda mobilitet

Blanda mobilitet kombinerer fysisk mobilitet med ein virtuell læringskomponent før, under og/eller etter den fysiske mobiliteten.

Den virtuelle delen kan kombinerast med langtidsmobilitet (2 - 12 månader) og korttidsmobilitet (5 - 30 dagar).

Ved korttidsmobilitet er den virtuelle komponenten obligatorisk for alle bortsett frå doktorgradsstudentar.

For studentar gjeld følgjande minimumsvarigheit på det fysiske opphaldet

  • fysisk kortidsmobilitet (studiar og praksis): 5 dagar
  • fysisk langtidsmobilitet (studiar og praksis): 2 månader
Læringsavtale ("Learning Agreement")

Før utvekslingsopphaldet startar, skal studenten, sendarinstitusjonen og mottakarinstitusjonen signere ein læringsavtale («Learning Agreement»).

Alle læringsavtalar skal utvekslast digitalt, så sant det lèt seg gjera. Les meir om "Digital Learning Agreements" (DLA) og digitaliseringa av Erasmus+ på EU-kommisjonens nettsider.

Forlenging av studieopphaldet: studie- og praksismobilitet

Sendarinstitusjonen kan forlengje opphaldet dersom mottakarinstitusjon eller praksisplassen er samde, og når følgjande forhold er oppfylt:

  • det er inngått avtale om forlenging før den opphavlege sluttdatoen for utvekslingsopphaldet er passert
  • forlenginga følgjer straks etter noverande mobilitetsperiode. Det kan ikkje vere opphald mellom den opphavlege perioden og forlenginga. Dette gjeld ikkje for feriar og periodar der mottakarinstitusjonen er stengd. Dersom det er opphald mellom periodane, skal det grunngivast av sendarinstitusjonen og godkjennast av HK-dir.
  • forlenginga skal avtalast skriftleg av alle partar

Ingen mobilitetsperiodar kan forlengjast ut over maksimumsvarigheita på 12 månadar per gradsnivå.

Avbrote mobilitetsopphald: studie- og praksismobilitet

Nokre gonger oppstår det situasjonar som gjer at studenten må eller vel å avbryte utvekslingsopphaldet før den planlagde sluttdatoen.

Korleis slike situasjonar skal handterast, avheng av når i det planlagde opphaldet avbrotet skjer, og kva som er årsaka.

De kan lese meir om kva de kan gjere ved avbrot i mobilitetsopphaldet i Annex 2 i kontrakten mellom dykk og HK-dir.

Varigheitsdifferanse på fem dagar eller mindre

Eit avvik på opp til fem dagar i mobilitetsperioden sin varigheit er tillete for studie- og praksismobilitet, så lenge minimumslengda på det aktuelle mobilitetsopphaldet er oppnådd.

Dersom differansen mellom den bekrefta mobilitetsperioden og den planlagde mobilitetsperioden som stipendsummen er utrekna etter, er på opp til fem dagar, er det ikkje naudsynt å justere mobilitetsperioden i «Beneficiary Module» og gjennomføre ei ny utrekning av stipendet. Avviket får med andre ord ingen betydning for studenten eller stipendet.

Dersom eit avvik på opp til fem dagar gjer at minimumslengda på opphaldet ikkje blir oppfylt, skal saka handterast som eit avbrot før minimumslengda på eit opphald er oppnådd (sjå avsnitt lengre nede på denne sida).

Varigheitsdifferanse på fem dagar eller meir

Dersom differansen mellom den bekrefta mobilitetsperioden og den planlagde mobilitetsperioden som stipendsummen er utrekna etter, er på meir enn fem dagar, er det naudsynt å justere mobilitetsperioden i "Beneficiary Module" og gjennomføre ei ny utrekning av stipendet.

Ved varigheitsendring på meir enn fem dagar, vil stipendbeløpet bli justert i samsvar med den faktiske mobilitetsperioden.

Her kan det og vere aktuelt å tildele "zero grant" for dei ekstra dagane som overstig den planlagde perioden, og dette skal reflekterast i den reviderte stipendavtalen.

Avbrot etter at minimumslengda på et opphald er oppnådd

Dersom ein student avbryt mobilitetsopphaldet sitt før den planlagde sluttdatoen, men etter at studieopphaldet har vart i minimumslengda, vil studenten likevel få stipendet for den perioden vedkommande var på utveksling.

Når utvekslingsopphaldet blir avbrote, må de gjere endringar i den registrerte mobilitetsperioden i «Beneficary Module» og rekne stipendet ut på nytt, slik at summen blir rekna ut etter den faktiske lengda på utvekslingsopphaldet. Den nye, endelege utrekninga av stipendet fører til eit av følgjande to scenario for studenten:

Dersom studenten har fått utbetalt ein høgare sum enn summen for det endelege stipendutrekninga ved starten av utvekslingsoppholdet, må studenten betale tilbake differansen mellom det endelege stipendet og det førehandsutbetalte stipendet for den opphavlege utrekninga.

Dersom studenten har fått utbetalt mindre enn eller ein lik sum som for den endelege stipendutrekninga, får studenten anten utbetalt dei resterande stipendmidlane eller inga ny utbetaling.

Avbrot før minimumslengda på eit opphald er oppnådd

Dersom studenten avbryt utvekslingsopphaldet før minimumslengda på opphaldet er oppnådd, vil årsaka til avbrotet vere avgjerande for kva utfall saka får.

Dersom årsaka til avbrotet kan reknast som eit tilfelle av «force majeure», kan studenten behalde heile eller deler av stipendet. Det er vi i HK-dir som vurderer om ei hending kan reknast som «force majeure». Det er derfor viktig at de tar kontakt med oss så raskt raskt som mogleg dersom de har ei sak som kanskje kan vere «force majeure».

Viss me vurderer at saka kan vere eit tilfelle av "force majeure", vil me sende dykk eit søknadsskjema som heiter "Søknad om å kunne vise til force majeure". I dette søknadsskjemaet skal de fylle ut informasjon om lærestaden, prosjektnummer og mobilitetsnummer. Vidare skal de beskriva situasjonen som har oppstått, om forsikringsselskapet er kontakta og kor mykje av stipendet de søkjer om at deltakaren skal få behalde. Beløpet skal oppgivast i euro.

Me gjer dykk merksame på at søknader som blir sendt inn seinare enn 6 månader etter heimkomsten til deltakaren vil bli avviste.Dokumentasjon/kvitteringar på utgifter ut over dei dagane deltakaren var fysisk på mobilitet skal sendast saman med søknaden.

Ikkje under nokon omstende skal de oppgi informasjon som gjer det mogleg å identifisere mobilitetsdeltakaren!

Når søknadsskjemaet er returnert til oss, vil saka bli teken vidare til ein eigen "force majeure"-gruppe ved HK-dir for vidare sakshandsaming. Vedtak vil bli sendt dykk kort tid etter at saka er ferdigbehandla av denne gruppa

Dersom årsaka til avbrotet ikkje kan reknast som eit tilfelle av «force majeure», skal studenten betale tilbake heile det utbetalte stipendet, også for dei dagane studenten var ute.

Årsaka til at studentane avbryt opphaldet sitt kan viarere. Dei kan få heimlengsel, tilbod om jobb, dei ombestemmer seg, og så vidare. Det er viktig at de gir god informasjon til studentane, slik at dei er er godt førebudde til utanlandsopphaldet. Då er sjansen mindre for at studentane avbryt opphaldet.

Dersom ein student ønskjer å avbryte opphaldet, er det viktig at studenten får tydelig informasjon om konsekvensane, og at de prøver å finne fram til gode løysingar for alle partar.

Vi ber om at de sender oss ein e-post viss det oppstår situasjonar som det er uklart korleis de skal handtere.

Studieavgifter

Studentane skal ikkje betale avgift for rettleiing, registrering, eksamenar, tilgang til laboratorium og bibliotek, og så vidare. Mottakarinstitusjonen kan likevel krevje at studenten betaler små avgifter som også lokale studentar må betale, som medlemsavgift i studentforeiningar, kopiering, bruk av laboratorieprodukt, og liknande.

De som sendarinstitusjon skal ikkje be om betaling frå utreisande studentar for tenester knytt til organisering eller administrasjon av mobilitetsperioden.

De skal straks gje beskjed til oss i HK-dir viss ein Erasmus+-samarbeidspartner krev studieavgift eller betaling for tenester knytt til organisering eller administrasjon av Erasmus+-opphaldet.

Godkjenning av studieopphaldet

De skal godkjenne mobilitetsoppholda i samsvar med prinsippa i ECHE og i læringsavtalen med studenten.

Førehandsgodkjenning

Gjennom Erasmus+ studiemobilitet er det berre tillate at studentane reiser ut for å gjennomføre studieopphald som kan godkjennast som ein del av grada studenten studerer til.

De skal, som sendarinstitusjon, gje studenten ei førehandsgodkjenning av det planlagde studieopplegget i utlandet, slik at studenten veit at emna kan godkjennast dersom dei følgjer det planlagde studieløpet og emnet blir bestått.

De skal òg informere studentane om korleis utanlandsstudiet vil bli godkjent og innpasset i grada.

Endeleg godkjenning og innpass i grad

Når mobilitetsperioden er fullført på ein tilfredsstillande måte, skal mottakarinstitusjonen gje studenten karakterutskrift eller annan dokumentasjon på gjennomført utvekslingsopphald i samsvar med det som er avtalt i læringsavtalen.

Godkjenning av studiar ved mottakarinstitusjonen kan berre haldast tilbake dersom studenten ikkje har oppfylt sin del av avtalen som er inngått med sendar- og mottakarinstitusjon. I tilfelle der studenten ikkje oppnår alle planlagde studiepoeng, er det opp til sendarinstitusjonen å vurdere om opphaldet skal rapporterast og om studenten skal få stipendet.

Studieopphald som ikkje gir studiepoeng frå mottakarinstitusjonen

Som oftast avlegg studentane eksamen ved den utanlandske lærestaden og får ei karakterutskrift med studiepoeng som kan innpassast i studenten sin grad ved heimeinstitusjonen. Desse studiepoenga blir anten godkjende som tilsvarande obligatoriske emne i grada til studenten, eller som valfrie emne.

Unntaksvis er det tillate at studentar kan reise på Erasmus+-utveksling og følgje eit undervisningsopplegg der studenten ikkje får studiepoeng frå den utanlandske lærestaden. Dette gjeld i hovudsak viss studentane følgjer halv- eller heilårsmodular med ein avsluttande eksamen som utgjer 30-60 studiepoeng, og der utveksling utgjer ein del av modulundervisninga og blir godkjend som eit arbeidskrav.

Prinsippa i ECHE skal framleis overhaldast, studentane skal få ein læringsavtale, og det skal førast på vitnemålet til studenten at vedkommande har vore på utveksling.

Dersom de er usikre på om eller korleis eit slikt opphald kan godkjennast, kan de ta kontakt med oss i HK-dir.

Stadfesting av lengda på opphaldet

Lengda på opphaldet må dokumenterast for at det skal godkjennast og for at studenten skal få utbetalt siste del av stipendet. Datoane må anten stå i karakterutskrifta, i læringsavtalen eller i eit eige dokument, til dømes «Certificate of attendance»/«Confirmation of Erasmus period», som stadfestar lengda på opphaldet.

Reisebevis, som ombordstigningskort til fly, eller tog- og bussbillettar, gjeld ikkje som dokumentasjon på lengda på opphaldet.

Avvik mellom faktisk lengde på studieopphaldet og avtalen

Om den stadfesta lengda på opphaldet er kortare enn den som er oppgitt i avtalen med studenten, og differansen er meir enn fem dagar, må «Beneficiary Module» oppdaterast i samsvar med korrekt opphaldslengde som angitt i karakterutskrift eller annan stadfesting på opphaldet. Dette gjeld for opphald over minimumslengde.

Avbrot i løpet av opphaldet skal også registrerast i «Beneficiary Module». «Beneficiary Module» korrigerer stipendbeløpet basert på revidert opphaldsperiode.

Deltakarrapport: studie- og praksismobilitet

Når utvekslingsopphaldet er avslutta og sluttdato for opphaldet er passert, skal deltakarane fylle ut og levere ein elektronisk rapport frå opphaldet. Lenkje til den elektroniske rapporten blir sendt på e-post direkte til deltakarane frå Beneficiary Module.

Data som blir generert frå deltakarrapportane blir overførte til sluttrapporten ("Final Beneficiary Report") til både sendar- og mottakarinstitusjonen.

Erasmus+ Student Charter

"Erasmus Student Charter" gir informasjon om Erasmus+-studenten sine rettar og plikter. Trykk her for å komme til EU-kommisjonens nettside om "Erasmus Student Charter".

De skal informere studentane om innhaldet i studentcharteret. De må og gje studentane eit charter som vedlegg til læringsavtalen før mobilitetsperioden startar.

2.2 Tilsettmobilitet

Gjennom Erasmus+ kan tilsette reise på utvekslingsopphald for å undervise eller få opplæring.

Både vitskapelege tilsette og tilsette i teknisk-administrative stillingar kan få moglegheit til å reise på Erasmus+ tilsettutveksling. Det er mogleg for tilsette å reise på utveksling både innan europeisk og global mobilitet.

Tilsettmobiliteten skal bidra til å oppnå målsettingane i Erasmus+, EUs agenda for modernisering av høgare utdanning og institusjonanes internasjonale strategi nedfelt i Erasmus Policy Statement. Tilsettutveksling skal med andre ord bidra til noko meir utover den enkelte tilsette sitt individuelle utbyte og karriereutvikling.

Undervisningsopphald

Det er tillate med både inn- og utreisande undervisningsmobilitet

Individuell mobilitet i høgare utdanning

Deltakarar kan vere

  • tilsette som jobbar ved ein norsk høgare utdanningsinstitusjon som har ECHE. Institusjonane må ha inngått ei avtale («inter institutional agreement») før mobiliteten finn stad, også dersom den tilsette skal dra til tredjeland som ikkje er assosiert med programmet (den internasjonale dimensjonen). Hugs at det er ei eiga avtale for desse landa. Sjå malane for interinstitusjonelle avtaler (europa.eu).
  • tilsette frå bedrifter eller organisasjonar som blir inviterte som gjesteundervisere ("invited staff from enterprise")
  • Dette er den einaste form for innreisande mobilitetsopphald som er tillaten i KA131
  • Gjeld kun undervisningsopphald, ikkje opplæringsopphald
  • Det er mottakarinstitusjonen som inngår stipend- og mobilitetsavtale, og utbetaler stipendet
  • Gjesteundervisere må vere tilsette frå EU-land og tredjeland assosiert med programmet
  • Gjesteundervisere kan ikkje vere tilsette frå frå tredjeland som ikke assosiert med programmet, med unntak av Ukraina
  • Gjesteundervisere kan vere tilsette frå høgare utdanningsinstitusjoner utan ECHE
  • Institusjonar kan ikkje invitere gjesteundervisere frå institusjonar med ECHE, då desse må få stipend frå sin eigen institusjon, og det blir kravd ein institusjonsavtale
Global mobilitet i høgare utdanning

Deltakararar kan vere:

  • Tilsette som jobbar ved ein høgare utdanningsinstitusjon i Noreg eller i eit partnarland, som er akkreditert som høgare utdanningsinstitusjon av nasjonale myndigheitar. Institusjonane må ha inngått ei avtale («inter institutional agreement») før mobiliteten finn stad. Sjå malane for interinstitusjonelle avtaler (europa.eu).
  • Tilsette i ei bedrift eller organisasjon som inviterast som gjesteundervisar.

Uansett om det er snakk om innreisande eller utreisande undervisningsopphald, må deltakarane oppfylle krava under for at opphaldet skal kunne godkjennast.

Krav

Eit mobilitetsopphald for tilsette som skal undervise ved ei partnarinstitusjon kan strekke seg frå 2 dagar til 60 dagar for KA131, og frå 5 til 60 dagar for KA171 og den såkalla internasjonale dimensjon i KA131. I tillegg kan sendarinstitusjonen leggje til ein reisedag i forkant og etterkant av opphaldet dersom den tilsette trenger det for å komme seg til partnarinstitusjonen. Ved grøn reise kan tilsette få opp til fire reisedagar i tillegg til dette, altså totalt seks dagar. Reisedagane kan ikkje reknast med for å fylle minstekravet til varigheit.

Ved inviterte gjesteforelesarar frå bedrifter/organisasjonar gjeld minimumskrav på 1 dag fysisk mobilitet, innanfor KA131.

Den tilsette må ha minst 8 timars undervisning per uke (eller i en kortare periode enn ei uke). Dersom mobiliteten varer lenger enn ei uke, reknast tal på timer i den ufullstendige uka proporsjonalt med talet på dagar. Til dømes: Ein lærar er på vertsinstitusjonen i ei uke + 2 dagar. Personen skal da undervise i 8 timar + omtrent 3 timer, totalt 11 timar.

Godkjende aktivitetar

Undervisning kan ha ulike former som til dømes seminar, førelesning og rettleiing. Undervisninga krev at læraren er fysisk til stades saman med studentane. Rettleiing på e-post eller anna form for fjernundervisning tel ikkje med i de 8 timane. Utdanningsinstitusjonane står fritt til å avgjerda kva type undervisning som skal finansierast gjennom Erasmus+. Innhaldet i mobilitetsavtalane må likevel vurderast med tanke på kvalitet og betydning for institusjonens strategi.

Mobilitetsopphald som inkluderer helgedagar

Dersom ei tilsett reiser på eit godkjent mobilitetsopphald som gjer det naudsynt at opphaldet inkluderer helgedagar, bør den tilsette få stipend også for desse helgedagane. Dette fordi det vil være urimeleg å krevje at den tilsette skal finansiere helgedagane sjølv. Det vil likevel ikkje være naudsynt å krevje at det skal reknast undervisningstimar for dei aktuelle helgedagane.

Opplæringsopphald

Erasmus+ opplæringsopphald («staff mobility for training») skal støtte opp om den profesjonelle utviklinga av institusjonens tilsette.

Vitskapeleg og administrativt tilsette som har eit tilsetjingsforhold på ei norsk institusjon med ECHE kan delta i ordninga. Innafor Individuell mobilitet (KA131) er det berre utreisande opplæringsopphald som støttes. Innanfor global mobilitet kan både inn- og utreisande opplæringsopphald støttast.

Opplæringsopphaldet kan være på ei anna høgre utdanningsinstitusjon eller ei anna bedrift eller organisasjon. Om opphaldet skal skje på ei høgre utdanningsinstitusjon som ligg i eit tredjeland som ikkje er assosiert med programmet (tidlegare partnarland) må institusjonane ha inngått ei inter-institusjonell avtale (internasjonal IIA) før opphaldet finn stad. Dersom opphaldet skjer i ei bedrift/organisasjon (uavhengig av geografisk lokasjon) eller i ei høgre utdanningsinstitusjon i eit EU-land eller tredjeland assosiert med programmet (tidlegare programland) treng ein ikkje ei slik avtale.

Krav

Eit mobilitetsopphald for tilsette som skal på opplæring kan strekke seg frå 2 dagar til 2 månader i KA131. For KA171 og den såkalla internasjonale dimensjonen i KA131, kan eit slik opplæringsopphald strekke seg frå 5 til 60 dagar. I tillegg kan sendarinstitusjonen leggje til ein reisedag i forkant og etterkant av opphaldet dersom den tilsette trenger det for å komme seg til partnarinstitusjonen. Ved grøn reise kan tilsette få opp til fire reisedagar i tillegg til dette, altså totalt seks dagar. Reisedagane kan ikkje reknast med for å fylle minstekravet til varigheit.

Godkjende aktivitetar

Føremålet med opplæringsopphald er overføring av kunnskap, deling av god praksis, tileigning av praktiske kunnskapar og få nye idear til undervisning og læring – som videre kan delast internt ved heimeinstitusjonen. Det er også eit overordna mål at aktivitetane skal styrke internasjonaliseringsstrategien til institusjonen. Konferansar eller anna type arrangement som berre er dedikert til ei bestemd fagleg disiplin, kvalifiserer ikkje som opplæringsopphald.

Følgjande aktivitetar er døme på aktivitetar som kan inngå i eit opplæringsopphald (lista er ikkje uttømmande):

  • Jobbskygging
  • Observasjon
  • Workshop
  • Kurs
  • Seminar
  • Staff training weeks

Deltaking på større konferansar, som EAIE eller likande, er ikkje godkjende opplæringsopphald. Ein kan heller ikkje nytte stipendmidlane for at tilsette reiser til (nye) partnarinstitusjonarfor å opprette/vedlikehalde institusjonssamarbeid. OS-midlane kan nyttas til dette.

Mobilitetsopphald som inkluderer helgedagar

Dersom ei tilsett reiser på eit godkjent mobilitetsopphald som gjer det naudsynt at opphaldet inkluderer helgedagar, bør den tilsette få stipend også for desse helgedagane. Dette fordi det vil være urimeleg å krevje at den tilsette skal finansiere helgedagane sjølv. Det vil likevel ikkje være naudsynt å krevje at det skal reknast undervisningstimar for dei aktuelle helgedagane.

Kombinerte opphald

Tilsette kan reise på utvekslingsopphald som kombinerer undervisning og opplæring. Dei må da ha minst 4 timer undervisning per uke (eller i ei kortare periode enn ei uke). Informasjonen om innhaldet i opplæringsperioden førast inn i mobilitetsavtalen for undervisning.

Når dette rapporteres i Beneficiary Module, rapporterer ein mobiliteten i som lærermobilitet, og velger «Combined Teaching and Training Mobility activity». Navn på organisasjonen som tilbyr opplæring, hvor den holder til, og varighet på opplæringen må skrives i feltet «Mobility Activity Comments».

Opphald ved fleire enn ein partnarinstitusjon

Tilsette kan i løpet av eit opphald besøke fleire institusjonar innafor same land.

Ved registrering i «Beneficiary Module» vel de ein av partnarane som «recieving institution» (hvis opphaldet er lenger hos ein av partnarane, vel de den institusjonen som har det lengste opphaldet). Bruk kommentarfeltet til å forklare korleis opphaldet er disponert mellom dei to gjeldande institusjonane.

Dersom den tilsette besøker to ulike partnarinstitusjonar i same land, er avstanden mellom dei avgjerande for korleis opphaldet skal registrerast. Dersom det er mindre enn 100 km mellom dei, kan opphalda reknast som eit mobilitetsopphald. Er det meir enn 100 km mellom dei, skal aktivitetane reknast som to ulike mobilitetsopphald, med to mobilitetsavtalar og stipendavtalar. Kvar av opphalda må oppfylle minimumskrava til ein enkelt mobilitetsperiode.

Blanda mobilitet

Blanda mobilitet kombinerer fysisk mobilitet med ei virtuell læringskomponent før, under, og/eller etter den fysiske mobiliteten.

For tilsettmobilitet gjeld minimumsvarigheita på det fysiske opphaldet:

  • Tilsettmobilitet til EU-land eller tredjeland som er assosiert med programmet: 2 dagar
  • Tilsettmobilitet til tredjeland som ikkje er assosiert med programmet: 5 dagar
  • Opplæringsmobilitet til EU-land eller tredjeland som er assosiert med programmet for å delta i eit blanda intensivprogram (BIP): 5 dagar
Avtalar

Før mobilitetsopphaldet startar må den tilsette inngå to avtaler: stipendavtale og mobilitetsavtale.

Stipendavtale ("grant agreement")

Stipendavtalen er mellom den tilsette og sendarinstitusjonen. Malen for stipendavtalen finn du på HK-dir sine nettsider, under Vedlegg til kontrakter (Annex V):

  • KA131 Individuell mobilitet i høgre utdanning (lenke kommer)
  • KA171 Global mobilitet i høgare utdanning (lenke kommer)
Mobilitetsavtale ("mobility agreement")

Før den tilsette reiser må sendarinstitusjon, mottakarinstitusjon og den tilsette godkjenne innhaldet i mobilitetsopphaldet. Dette formaliserast i ei mobilitetsavtale og kan gjerast elektronisk. Eventuelle tillegg til avtalen må gjerast skriftleg og oppbevarast på institusjonen.

Deltakarrapport

Etter mobilitetsopphaldet er avslutta skal den tilsette fylle ut og levere rapport frå opphaldet. Den tilsette får tilsendt ei lenke til rapportskjemaet per e-post etter at sluttdatoen for opphaldet er passert.

Dokumentasjon på opphaldet

For at sendarinstitusjonen og HK-dir skal kunne godkjenne et mobilitetsopphald, krevjast følgjande dokumentasjon.

Stadfesting på mobilitetsopphaldets varigheit og innhald

På slutten av opphaldet skal mottakarinstitusjonen utskrive dokumentasjon som stadfestar start- og sluttdato for opphaldet, samt at dei avtalte aktivitetar er gjennomført. Dette kan gjerast enten i den siste delen av mobilitetsavtalen eller i ei separat stadfesting.

Dokumentasjon på mobilitetsopphaldet

Alle mobilitetsopphald kan bli gjenstand for revisjon av HK-dir eller andre. I tilfelle revisjon vil sendarinstitusjonen bli beden om å dokumentere at mobilitetsopphaldet har funnet stad og at stipendet er utbetalt frå institusjonens bankkonto til stipendmottakar. Dette dokumenterast med stipendavtalen, mobilitetsavtalen (og eventuelt ei separat stadfesting på mobilitetsperioden) og bankutskrift frå institusjonens side. Dersom dette ikkje kan dokumenterast kan det resultere i at stipendet må tilbakebetalast til HK-dir. Det er ikkje påkravd å dokumentere dei faktiske utgiftene ved mobilitetsopphaldet, så det er ikkje naudsynt å arkivere flybillettar, hotellreservasjonar eller andre kvitteringar i fall ei revisjon i samband med Erasmus+ programmet.

Les meir om dokumentasjon i vedlegg til kontrakten.

Anerkjenning av mobilitetsopphaldet

Institusjonane skal anerkjenne mobilitetsopphalda etter prinsippa i ECHE og i mobilitetsavtalen med den tilsette.

HK-dir oppfordrar institusjonane til å utvikle godkjennings- og meritteringsordningar for tilsette sine mobilitetsopphald slik at kompetansen dei utviklar og erfaringane dei får blir anerkjend.

Institusjonane bør og sørge for at erfaringane dei tilsette har frå mobilitetsopphaldet deles, og slik kan være ei kjelde til inspirasjon for andre.

2.3 Praksismobilitet

Gjennom Erasmus+ har norske studentar moglegheit til å reise på praksisopphald til land både i og utanfor Europa.

Praksismobilitet er mogleg både innanfor KA131 og KA171.

Det er et mål å auke bruk av praksismobilitet, jamfør Strategi for norsk deltaking i Erasmus+ og Det Europeiske utdanningsområdet lansert i 2021. Det er ei positiv utvikling i bruk av praksismobilitet blant utreisande studentar, men framleis presterer Noreg svakt jamført med andre land, og praksismobilitet har framleis eit uforløyst potensial i Noreg.

Praksismobilitet skal rapporterast på vanlig måte i "Beneficary Module", men "Activity Type" må markerast som praksismobilitet.

Blanda mobilitet

Blanda mobilitet kombinerer fysisk mobilitet med ein virtuell læringskomponent før, under og/eller etter den fysiske mobiliteten. Den virtuelle delen kan kombinerast med langtidsmobilitet (over 2 månader), men kan òg kombinerast med kortare fysisk mobilitet. Ved korttidsmobilitet er den virtuelle komponenten obligatorisk (det er unntak for doktorgradsstudentar, som kan ha korttidsopphald utan ein virtuell komponent).

For studentar gjeld følgjande minimumsvarigheit på det fysiske opphaldet:

  • Kortids fysisk mobilitet (studiar og praksis): 5 dagar
  • Langtids fysisk mobilitet (studiar og praksis): 60 dagar
Krav til deltaking og tillatne aktivitetar
Varigheit

Praksisopphald ved ei bedrift eller organisasjon på inntil 12 månader per studienivå (bachelorgradsnivå, mastergradsnivå og doktorgradsnivå).

Studentar som gjennomfører eit integrert, femårig studieløp, kan vere på mobilitetsopphald i inntil 24 månader.

Praksisopphaldet kan og gjennomførast i løpet av det fyste året etter fullført grad.

  • Varigheit langtidsmobilitet: 2 til 12 månader.
  • Varigheit korttidsmobilitet (doktorgradskandidatar og blanda mobilitet): 5 til 30 dagar.

Merk: 2 månader svarar til 60 kalenderdagar, men unntak av utvekslingsopphald som har blitt gjennomført i februar og derfor er på 58 eller 59 dagar. HK-dir godkjenner altså ikkje opphald på 58 eller 59 dagar, dersom dei har blitt gjennomført på andre tidspunkt i året.

Kven kan dra på utveksling?

Studentar på gradsstudiar (bachelor, master, doktorgrad).

Deltidsstudentar og studentar som tek praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kan og dra på utveksling.

Det er og mogleg å reise i løpet av første året etter avslutta grad så lenge praksisopphaldet er avtalt før graden er avslutta.

Politiattest (innreisande studentar)

Studentar som gjennom praksis eller klinisk undervisning kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper skal ifølgje norsk lov framleggje politiattest. Kravet om å fremleggje politiattest vil òg gjelde innreisande studentar.

Det kan gjerast unntak viss årsaka til at studenten ikkje har lagt fram politiattest er utanfor kontrollen deira. De må i så fall varsle praksisstaden om at den aktuelle studenten får delta i praksis utan å ha lagt fram politiattest, slik at praksisstaden kan ta dei nødvendige forholdsreglane i samband med avviklinga av praksisen til vedkommande.

Unntaket frå kravet om politiattest må praktiserast strengt, då omsynet til dei sårbare gruppene som kravet om politiattest er meint å verne vegar så tungt at viss ikkje den aktuelle samarbeidsinstitusjonen kan gå god for vandelen til studenten eller at praksisstaden ikkje kan ta dei nødvendige forholdsreglane i samband med avviklinga av praksisen til vedkommande, bør normalt ikkje vedkommande ha moglegheit til å ha praksis eller delta i klinisk undervisning der det er krav om politiattest for å delta.

Kor kan praksisutvekslinga gjennomførast?

Bedrifter, organisasjonar, institusjonar, ambassadar og faste delegasjonar til EU-land, Island, Liechtenstein, Nord- Makedonia eller Tyrkia, samt partnarland for prosjekt under Global mobilitet KA171 eller gjennom den internasjonale dimensjonen i KA131. Unntak er EU-institusjonar og nasjonalkontor for Erasmus+.

Sjå PG22 s. 51 (inkludert fotnote 38) for meir detaljar.

Forsikring for studentar på praksisopphald

Det er viktig at studentar og praktikantar er forsvarleg forsikra under deira opphald. Retningslinjene i Erasmus+ programmet i denne samanheng er at studentane må ha tilstrekkeleg forsikringsdekning, og det er obligatorisk å inkludere organiseringa av denne i stipendavtalen med studenten.

I tillegg til helseforsikring, må praktikanten ha ulykkesforsikring og ansvarsforsikring. Studenten kan forsikrast av sendarinstitusjonen, bedrifta/organisasjonen vedkommande skal ha praksis i, eller ved å tekne eigne forsikringar. Dersom verken studenten eller praksisplasstilbydaren er i stand til å skaffe ulykkes- og ansvarsforsikring tilrår HK-dir at sendarinstitusjonen ikkje lar studenten reise på praksisopphaldet. Institusjonane kan nytte OS-midlar til å dekkje forsikringskostnader dersom forsikring ikkje blir dekka av mottakarinstitusjon.

Dei fleste forsikringsselskap har forsikring for studentar som er på utanlandsopphald, men ansvarsforsikring i samband med arbeid er sjeldan inkludert i desse. I nokre tilfelle dekkjer bedrifta/arbeidsplassen ansvarsforsikring for studenten, men det er då viktig at studenten sjekkar om det er tilstrekkeleg.

Eksemplar på forsikringar som inkluderer ulykkes- og ansvarsforsikring for nokre praksistypar:

  • ANSA sin studentforsikring tilbyr ulykkes- og ansvarsforsikring for praksisarbeid. Forsikringa kan og nyttas av studentar på praksisopphald etter fullført grad.
  • Norsk Sykepleierforening (NSF) tilbyr ansvarsforsikring for sine studentmedlemmer
Kombinert studie- og praksisopphald

For kombinasjonsopphald må det gjerast endringar i stipendavtalen for studiar eller praksis, slik at det blir tydeleg at den gjeld for eit kombinasjonsopphald, og slik at informasjonen som ulykkes- og ansvarsforsikring frå praksisavtalen kjem med. Det må og lagast ei tilpassa læringsavtale («learning agreement») som sørger for at innhaldet i både studiedelen og praksisdelen av utvekslingsopphaldet inkluderast og avtalefestast.

Det er sendarinstitusjonen som avgjer korleis det kombinerte utvekslingsopphaldet skal leggjast opp, og korleis fordelinga mellom vanlege studiar og praksis skal vere for at sendarinstitusjonen skal kunne godkjenne opphaldet. Dei vanlege krava til praksisopphald gjeld (kor studenten kan være i praksis og liknande).

Praksisopphald etter fullført grad

Studentar som ønskjer å gjennomføre praksisopphald etter fullført grad («recent graduate») skal avtale dette med heiminstitusjonen i løpet av sitt siste studieår, og praksisopphaldet må gjennomførast innan 12 månader etter at graden er avslutta. Den høgare utdanningsinstitusjonen kan velje bort moglegheita til å tilby praksisopphald etter fullført grad. Praksisopphald etter fullført grad reknast med som eit utvekslingsopphald innan det studienivået som studenten nyleg fullførte ein grad i, og blir talt med i dei 12 månadene ein student kan være på Erasmus-utveksling per studienivå.

Praksisopphald etter fullført grad kan godkjennast ved å førast på vitnemål eller Diploma Supplement, men dette er ikkje eit krav. Godkjenning av slike praksisopphald kan og godkjennast av heiminstitusjonen gjennom utfylling av «Europass Mobility Document» eller andre stadfestingar. Det er viktig at studenten får god og tydeleg dokumentasjon på gjennomført praksis dersom opphaldet ikkje dokumenterast på vitnemål eller Diploma Supplement.

Praksisavtalen fyllast ut på vanleg måte.

Institusjonen må sjølv vurdere korleis desse studentane best kan registrerast og handterast reint praktisk. Ein måte å registrere dei på er å opprette ei poststudierett eller annan type eittårig studierett for studenten når studieretten på gradsprogrammet går ut. Deretter skal det registrerast i FS at studenten er på praksisopphald i den aktuelle perioden. Vi anbefaler òg at utdanningsinstitusjonane avklarar internt kven som har oppfølgingsansvar for praktikantar som reiser ut etter fullført grad – om det er internasjonalt kontor eller fakultetet/instituttet praktikanten avla graden ved.

Læringsavtale ("learning agreement")

Dersom det blir laga ein kontrakt eller arbeidsskildring med arbeidsplassen i tillegg til læringsavtalen, bør dette visast til i læringsavtalen.

Informasjonen som blir etterspurt i læringsavtalen er å rekne som eit minimum, og ein kan be om ytterlegare informasjon ved behov. Det er mogleg å tilpasse praksisavtalen til eige behov, til dømes tilpassing av skrifttypar, skriftsstorleik, fargebruk og størrelse på tekstboksar.

For informasjon om korleis du skriv læringsavtalen, sjå “Guidelines on how to use the learning agreement for traineeships” (europa.eu).

Godkjenning og dokumentasjon av praksisopphald
Vitnemålstillegg ("Diploma Supplement") og studiepoeng/ECTS

Praksisopphaldet skal dokumenterast i vitnemålstillegget («Diploma Supplement») – i tillegg tilrår HK-dir at det blir gitt studiepoeng/ECTS. Som eit haldepunkt kan det brukast 1,5 ECTS per arbeidsveke (20 jobbveker = 30 ECTS), men det kan vere grunn til anna utrekning.

Vitnemålstillegg ("Diploma Supplement")

Godkjenning ved ei beskriving i vitnemålstillegget. Det kan vere ulike årsaker til at dette kan vere rett godkjenningsdokumentasjon, til dømes

  • Praksisopphaldet er ei uspesifisert del av ein større modul i eit master- eller bachelorprogram, og ikkje er målbart i forhald til antal ECTS
  • Viss praksisopphaldet ikkje er innlemma i studieprogrammet, til dømes i løpet av sommaren eller etter avslutta grad
  • I andre tilfelle der opphaldet ikkje er målbart i ECTS
Praksisopphald som gjennomførast etter enda grad

Godkjenning kan anten bli gitt på same måten som for praksis som skal inngå i graden, eller ved at heimeinstitusjonen stadfestar praksisopphaldet ved å fylle ut og og signere Europass Mobility Document.

Deltakarrapport: studie- og praksismobilitet

Etter at utvekslingsopphaldet er avslutta og sluttdato for opphaldet er passert, skal deltakarane levere ein elektronisk rapport frå opphaldet. Lenkje til den elektroniske rapporten som deltakarane skal fylle ut, blir sendt på e-post direkte frå Beneficiary Module.

Data frå deltakarrapportane blir generert og inngår som ein del av sluttrapporten ("Final Beneficiary Report") til både sendar- og mottakarinstitusjonen.

kor de finn meir informasjon om deltakarrapporten.

Forlenging av studieopphald: studie- og praksismobilitet

Sendarinstitusjonen kan forlengje opphaldet viss mottakarinstitusjon/praksisplassen er einig, og når følgande forhold er oppfylt:

  • Det er inngått avtale om forlenging før den opphavlege sluttdatoen for utvekslingsopphaldet er passert
  • Forlenginga følgjer straks etter noverande mobilitetsperiode. Det kan ikkje vere opphald mellom den opphavlege perioden og forlenginga. Dette gjeld ikkje for feriar og periodar kor mottakarinstitusjonen er stengt. Viss det er opphald mellom periodane skal det grunngjevast av sendarinstitusjonen og godkjennast av HK-dir.
  • Forlenginga skal avtalast skriftleg av alle partar

Ingen mobilitetsperiodar kan forlengast ut over ei total varigheit på 12 månadar per utdanningsnivå.

Avbrote mobilitetsopphald: studie- og praksismobilitet

Nokre gonger oppstår det situasjonar som gjer at studenten må eller vel å avbryte utvekslingsopphaldet før den planlagde sluttdatoen.

Korleis slike situasjonar skal handterast, avhenger av når i det planlagde opphaldet avbrotet skjer og kva årsaka er til at studenten avbryt opphaldet. De kan lese meir om dette i kontrakten mellom institusjonen dykkar og HK-dir.

Varigheitsdifferanse på fem dagar eller mindre

Eit avvik på opp til fem dagar i mobilitetsperioden sin varigheit er tillete for studie- og praksismobilitet, så lenge minimumslengda på det aktuelle mobilitetsopphaldet er oppnådd.

Dersom differansen mellom den bekrefta mobilitetsperioden og den planlagde mobilitetsperioden som stipendsummen er utrekna etter, er på opp til fem dagar, er det ikkje naudsynt å justere mobilitetsperioden i «Beneficiary Module» og gjennomføre ei ny utrekning av stipendet. Avviket får med andre ord ingen betydning for studenten eller stipendet.

Dersom eit avvik på opp til fem dagar gjer at minimumslengda på opphaldet ikkje blir oppfylt, skal saka handterast som eit avbrot før minimumslengda på eit opphald er oppnådd (sjå avsnitt lengre ned på denne sida).

Varigheitsdifferanse på meir enn fem dagar

Dersom differansen mellom den bekrefta mobilitetsperioden og den planlagde mobilitetsperioden som stipendsummen er utrekna etter, er på meir enn fem dagar, er det naudsynt å justere mobilitetsperioden i "Beneficiary Module" og gjennomføre ei ny utrekning av stipendet.

Ved varigheitsendring på meir enn fem dagar, vil stipendbeløpet bli justert i samsvar med den faktiske mobilitetsperioden.

Her kan det og vere aktuelt å tildele "zero grant" for dei ekstra dagane som overstig den planlagde perioden, og dette skal reflekterast i den reviderte stipendavtalen.

Avbrot etter at minimumslengda på et opphald er oppnådd

Dersom ein student avbryt utvekslingsopphaldet sitt før den planlagde sluttdatoen, men etter at studieopphaldet har vart i minimumslengda, vil studenten behalde stipendet for den perioden vedkommande var på utveksling.

Når utvekslingsopphaldet blir avbrote, gjer institusjonen endringar i den registrerte mobilitetsperioden i «Beneficary Module» og reknar stipendet ut på nytt slik at summen blir rekna ut etter den faktiske lengda på utvekslingsopphaldet. Den nye, endelege utrekninga av stipendet fører til eit av følgjande to scenario for studenten:

  • Dersom studenten har fått utbetalt ein høgare sum enn summen for den endelege stipendutrekninga ved utvekslingsoppholdets start, må studenten betale tilbake differansen mellom det endelege stipendet og det forhandsutbetalte stipendet for den opphavlege utrekninga.
  • Dersom studenten har fått utbetalt mindre enn eller ein lik sum som for den endelege stipendutrekninga, får studenten enten utbetalt dei resterande stipendmidlane eller inga ny utbetaling.
Avbrot før minimumslengda på eit opphald er oppnådd

Dersom studenten avbryt utvekslingsopphaldet før minimumsvarigheita på opphaldet er oppnådd, vil årsaka til avbrotet vere avgjerande for kva utfall saka får.

Dersom årsaka til avbrotet kan reknast som eit tilfelle av «force majeure», kan studenten få behalde heile eller delar av stipendet. Det er HK-dir som vurderer om ei hending kan reknast som «force majeure», så de må ta kontakt med oss så raskt som mogleg dersom de har ei sak som kanskje kan vere «force majeure».

Viss me vurderer at saka kan vere eit tilfelle av "force majeure", vil me sende dykk søknadsskjemaet som heiter "Søknad om å kunna visa til force majeure". I dette skjemaet skal de fylla ut informasjon om lærestaden, prosjektnummer og mobilitetsnummer. Vidare skal de beskriva situasjonen som har oppstått, om forsikringsselskapet er kontakta og kor mykje av stipendet de søkjer om at deltakaren skal få behalde. Beløpet skal oppgivast i euro.

Me gjer dykk merksame på at søknader som blir sendt inn seinare enn 6 månader etter heimkomsten til deltakaren vil bli avviste.Dokumentasjon/kvitteringar på utgifter ut over dei dagane deltakaren var fysisk på mobilitet skal sendast saman med søknaden.

Ikkje under nokon omstende skal de oppgi informasjon som gjer det mogleg å identifisera mobilitetsdeltakaren!

Når søknadsskjemaet er returnert til oss, vil saka bli teken vidare til ein eigen "force majeure"-gruppe ved HK-dir. Vedtak vil bli sendt til dykk kort tid etter at saka er ferdigbehandla i denne gruppa

Dersom årsaka til avbrotet ikkje kan reknast som eit tilfelle av «force majeure», skal studenten betale tilbake heile det utbetalte stipendet, og for dei dagane studenten var ute. Årsaker til at studentane avbryt opphaldet sitt kan vere så mangt; heimlengsel, tilbod om jobb, dei ombestemmer seg, osb. Det er derfor viktig at de forbereder studentane godt på utanlandsopphaldet, slik at sjansen for avbrot blir minst mogleg. Dersom ein student likevel ønsker å avbryte opphaldet, er det viktig at de informerer studenten tydeleg om konsekvensane og prøver å finne fram til gode løysingar for alle partar.

Send e-post til oss dersom det oppstår situasjonar som det er uklart korleis de skal handtere.

Erasmus Student Charter

"Erasmus Student Charter" gjev informasjon om Erasmus+-studenten sine rettar og plikter.

Norsk institusjon må informere studentane om innhaldet i studentcharteret. De må og gje studentane eit charter som vedlegg til læringsavtalen før mobilitetsperioden startar.

2.4 Stipend til studentar og tilsette

Les meir om stipend til studentar og tilsette som reiser på mobilitetsopphald.

Sjå også informasjon om skattereglane for Erasmus+-stipend.

Stipend til studentar

Stipendet til studentane er eit tilskot til kostnadene mobilitetsopphaldet fører med seg, og vil som oftast ikkje dekkje alle dei reelle utgiftene.

Stipendet blir rekna ut etter faste satsar som blir kalkulert i "Beneficary Module". Stipendsatsane speglar om mottakarlandet er eit høykost- eller lågkostland. Ei oversikt over høg- og lågkostland, og dei ulike regionane, finn de på Europakommisjonen sine nettsider

og i Erasmus+-programguiden (europa.eu).