Pågåande prosjekt tildelt i 2025 - Samarbeidspartnarskap
Her har vi samla vedlegg til kontrakten og andre dokument, verktøy og ressursar som de kan ha bruk for under prosjektet, frå oppstart til avslutning.

For prosjekt godkjende i 2025
Prosjektstart skjer mellom 1. september og 31. desember 2025. Aktivitetane blir gjennomførte i løpet av ein prosjektperiode på 12 til 36 månader. Den nøyaktige startdatoen og prosjektlengda for dykkar prosjekt går fram av kontrakten. I kontrakten står det også om de må sende inn ein eller to delrapportar i løpet av prosjektperioden. Når prosjektperioden er over, sender de inn ein sluttrapport for heile prosjektperioden.