EØS-midlane
Program/tilskotsordning • Tal på tilskot: 0EØS-midlane skal bidra til sosial og økonomisk utjamning i Europa, samt styrke samarbeidet mellom Norge og 15 land i Europa innan ei rekke samfunnsområde, mellom anna utdanning. Avtale om ny programperiode er no godkjent.
Kva er EØS-midlane
EØS-midlane er ein del av EØS-avtalen og er eit økonomisk bidrag som Noreg, Island, og Liechtenstein betalar til EU. Dette bidraget skal finansiere tiltak som kan utlikne sosiale og økonomiske forskjellar i Europa, og i tillegg styrke samarbeidet mellom dei tre EØS-landa og eit utval land i EU.
EØS-midlande 2014-2021
Denne programperioden er avslutta 30.04.2024.
EØS-midlane 2021-2028
Det er semje mellom EU og dei tre EØS/EFTA-landa, Noreg, Island, Liechtenstein om ein ny programperiode av EØS-midlane. Den totale ramma er på 3.2 milliardar og skal sikre utvikling i og styrke samarbeid med dei minst velståande medlemslanda i EUer på ei rekke områder, deriblant utdanning.
Kven står bak
I Noreg er det Utanriksdepartementet (UD) som løyver midlane og er «programeigar» for EØS-midlane. Eit felles sekretariat, Financial Mechanism Office (FMO), lokalisert i Brussel, er underlagt UD og har ansvaret for teknisk gjennomføring og drift av ordninga.
Ein programoperatør innanfor kvar sektor i kvart av dei europeiske samarbeidslanda har ansvaret for å forvalte midlane, program og utlysingar, og tildele midlane. For utdanningsprogramma er dette ofte nasjonalkontoret for Erasmus+.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har rolla som programpartnar i alle program som omfattar utdanningssamarbeid. Vi gir råd og samarbeidar med programoperatørane om utvikling av program og utlysingar. Vi er i tillegg nasjonalt kontaktpunkt for norsk utdanningssektor, og har eit ansvar for å synleggjere moglegheitene som fins i EØS-midlane overfor norsk utdanningssektor.
Formål
EØS-midlane har som mål å utjamne sosiale og økonomiske forskjellar i Europa, og skal i tillegg styrke samarbeidet mellom dei tre EØS-landa og eit utval land i EU på ulike samfunnsområde.
Innan utdanning så har landa som er omfatta av ordninga ulik fokus og innretning for sine program, men dei skal alle bidra til å styrke det enkelte land sin befolkning sine kunnskapar og ferdigheiter. Dette skal først og fremst skje gjennom samarbeid mellom norske utdanningsinstitusjonar og tilsvarande partnarar i dei europeiske landa.
Kven kan søke tilskot frå programmet
Det er ingen fleire opne utlysingar i inneverande periode.
Forhandlingar om ny programperiode pågår, men det er enno uklart når nye utlysingar kan komme og eventuell innretning på desse.