TESTDATA

TESTDATA

TESTDATA

Hopp til hovudinnhald

sarahs globale varselj

viktig global melding Les mer her

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2025

RapportTilhøyrer rapportserie: Ja

Utgivar:Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Redaktør:Stig Helge Pedersen
Forfattarar:Carl Endre Espeland , Fredrik Sagafos, Kjerstin Bruvold Klokkeide, Terje Kolbu Jacobsen, Therese Halvorsen Røst
Publisert:04.06.2025
Rapportnummer:07/205

Samandrag

Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning omtalar sektoren i tal og analyser om studentar, fagskular, utdanningstilbod og økonomi for 2024.

Studentane

I 2024 var det 34 000 studentar høgare yrkesfagleg utdanning, ein auke på 2 500 frå året før. Samla studiepoengproduksjon har òg auka, sjølv om kvar student i snitt tek litt færre studiepoeng. Dette heng saman med fleire studentar på kortare studietilbod. Over 80 prosent er likevel meldt opp til ei gradsutdanning.

Dei største fagområda er tekniske fag, helse- og velferdsfag, og økonomi- og administrasjonsfag, og desse står for ein aukande del av studentmassen. Snittalderen på studentane er 34 år, og mange er etablerte i arbeidslivet. Dette pregar både behovet for fleksible løysingar og sektoren sitt bidrag til kompetansepåfyll i yrkeslivet.

Fleksible utdanningar

Studentane nytter seg i stor grad av fleksible utdanningsformar. I 2024 var 74 prosent av studentane deltidsstudentar, samstundes gjekk 72 prosent av studentane på nett- eller samlingsbaserte tilbod, og 10 prosent tok kortare studietilbod under 30 studiepoeng. Tala viser at mange vel utdanningsformar som lar seg kombinere med jobb eller andre forpliktingar, og som er uavhengig av geografi og livssituasjon.

Opptaksgrunnlag

Hausten 2024 var det over 18 00 nye studentar i høgare yrkesfagleg utdanning. Like over halvparten av desse ble tatt opp på utdanninga på grunnlag av deira yrkesfaglege kompetanse. Talet på studentar som vert tekne opp på grunnlag av realkompetanse har auka med 30 prosent sidan 2023, og er no 23 prosent av studentane. Studentar med generell studiekompetanse som opptaksgrunnlag var 21 prosent av studentane.

Uteksaminerte

I 2024 vart om lag 13 000 studentar uteksaminert frå høgare yrkesfagleg utdanning. Eit særtrekk ved sektoren er at mange studentar kombinerer utdanning med arbeid, noko som stiller krav til fleksible løysingar og påverkar gjennomføringsmønsteret. For å vurdere effektiviteten i sektoren kan ein sjå på kor stor del av planlagde studiepoeng som faktisk vert avlagde kvart år. I 2024 vart 80 prosent av forventa studiepoeng produsert. Studentar på nettbaserte utdanningar og deltidsutdanningar har generelt lågare andel produserte studiepoeng, medan heiltidsstudentar og dei på stadbaserte tilbod produserer ein større andel. Desse forskjellane slår òg ut mellom fagområde, og kan forklare kvifor gjennomføringa er høgare i samferdselsfag og lågare i økonomi- og administrasjonsfag.

Institusjonane

Hausten 2024 talde vi 63 fagskular, 18 offentlege og 45 private, som rapporterte aktivitet på 178 studiestader. Det har vorte fleire store fagskular, og talet på fagskular med fleire enn 1 000 studentar har auka frå 11 til 14.

Fagområdeakkreditering

I 2024 var det 15 fagskular som hadde fagområdeakkreditering på eitt eller fleire fagområde. Det er gitt 33 fagområdeakkrediteringar totalt. Dette er ein auke på 12 fagområdeakkrediteringar frå i fjor. Av fagområdeakkrediteringane er det flest innanfor helse og velferd.

Utdanningstilbod

Hausten 2024 var det 419 ulike utdanningstilbod. Om ein reknar med variasjonar i tilboda i form av finansiering (offentleg eller skulepengar), organisering (heiltid og deltid), utdanningsform (stadbasert, nettbasert og samlingsbasert), er det registrert 2 107 utdanningstilbod innan høgare yrkesfagleg utdanning. Dette syner eit breitt spekter av utdanningstilbod som gjer utdanningane meir tilgjengelege. Det er flest tilbod innan tekniske fag. Generelt går utviklinga i retning av fleire nettbaserte og nett- og samlingsbaserte tilbod.

Finansiering

Det vart brukt om lag 2,8 milliardar kroner på høgare yrkesfagleg utdanning i 2024. Om lag 1,4 milliardar kroner av finansieringa var i form av tilskot frå Kunnskapsdepartementet, medan 845, 5 millionar kroner var i form av skulepengar. Resten var midlar frå fylkeskommunane, frå offentlege tilskotsordningar, og direktetildelingar over statsbudsjettet til nokre statlege fagskular.

Vi ser at dei offentlege midlane som vert fasa inn som nye studieplassar fører til auka heiltidsekvivalentar og studiepoengproduksjon som venta.

Fylkesvise sektorbilete

Fylkeskommunane har det heilskaplege kompetansepolitiske ansvaret i regionane, og forvaltar dei statlege midlane til drift av fagskular. I kapittel 6 er det presentert sektorbilete for kvart enkelt fylke. Bileta er meint å gi fylkeskommunane nokre nøkkeltal på status i høgare yrkesfagleg utdanning i fylket.

Vedlegg

  • Datagrunnlag for alle figurar og tabellar er tilgjengeleg på https://vedlegg.hkdir.no/TRHYU/2025. Der finn ein òg datagrunnlag for tidsseriar og andre tabellar som ikkje er viste i sjølve rapporten.
  • Fylkesoversikter - statistikk og omtale av dei einskilde fylka. Her presenterer vi eit utval av statistikk om høgare yrkesfagleg utdanning ved studiestadene i kvar enkelt fylkeskommune. Vedlegget er tilgjengeleg på (lenke kjem)

Summary

This status report for higher vocational education presents key figures and analyses related to students, institutions, study programmes, and financing in 2024.

Students

In 2024, there were 34,000 students enrolled in higher vocational education, an increase of 2,500 from the previous year. Overall credit production also rose, although students on average completed slightly fewer credits. This is linked to a rise in enrolments in shorter programmes. Still, over 80 per cent of students are registered in full degree programmes. The largest subject areas remain technical subjects, health and welfare, and business and administration—together accounting for a growing share of the student population. The average student age is 34, and many are in employment, highlighting the need for flexible learning options and the sector’s role in providing upskilling opportunities.

Flexible education

Most students choose flexible study formats. In 2024, 74 per cent were part-time students, 72 per cent followed online or session-based programmes, and 10 per cent took short programmes worth fewer than 30 credits. This reflects a demand for education that can be combined with work and adapted to different life situations.

Admission

More than 18 000 new students were admitted in autumn 2024. Over half qualified based on their vocational qualifications. The number admitted through recognition of prior learning has risen by 30 per cent since 2023 and currently accounts for 23 per cent of all new students. Students admitted with general university entrance qualifications made up 21 per cent.

Graduates

Around 13,000 students graduated in 2024. Many combine studies with work, requiring flexible solutions and affecting completion patterns. To assess efficiency, one indicator is the proportion of planned credits completed each year. In 2024, 80 per cent of expected credits were completed. Online and part-time students had lower completion rates, while full-time and on-campus students were above average. These patterns also vary across subject areas, explaining higher completion rates in transport and lower rates in business and administration.

Institutions

In autumn 2024, 63 higher vocational colleges (18 public and 45 private) operated across 178 campuses. The number of larger colleges is growing, with 14 institutions now enrolling more than 1,000 students, up from 11 the previous year.

Subject area accreditations

Fifteen higher vocational colleges held subject area accreditation in one or more fields in 2024, with a total of 33 accreditations granted — 12 more than the year before. The highest number of subject area accreditations are in health and welfare.

Study programmes

Higher vocational colleges offered 419 different study programmes in autumn 2024. Including variations in financing (publicly funded or tuition-fees), organisation (full-time or part-time), and format (on-campus, online, or session-based), a total of 2,107 programmes were registered. This shows a wide range of options that improve accessibility. Most programmes are in technical subjects, with a general trend toward more online and hybrid formats.

Financing

In total, around NOK 2.8 billion was spent on higher vocational education in 2024. Of this, NOK 1.4 billion came from the Ministry of Education and Research, while NOK 845.5 million was paid in tuition fees. The remaining funding came from county authorities, public grant schemes, and direct budget allocations to state-owned institutions. Publicly funded new study places contribute to expected increases in full-time equivalents and credit production.

Regional overviews

County authorities are responsible for regional skills policy and administer national funding for vocational colleges. Chapter 6 presents regional snapshots for each county, providing key figures on the state of higher vocational education in each region.

Appendices

  • The data used for all figures and tables is available at https://vedlegg.hkdir.no/TRHYU/2025 along with time series and additional tables not included in the report itself.
  • County-level overviews – statistics and analyses for each county. This section presents a selection of statistics on higher vocational education at the study locations within each county. The overview is available at (link will come).