Samarbeidspartnarskap i Erasmus+ støttar utdanningssamarbeid i Europa som bidreg til å utvikle, utveksle og prøve ut nyskapande praksis, pedagogisk metode og/eller ulike læringsaktivitetar.
Kven kan søke
Alle typar organisasjonar og utdanningsinstitusjonar som har vore etablert i minst to år, kan søke som koordinator, så framt effekten ligg i ein eller fleire av følgande sektorar:
- barnehage og skule
- fag- og yrkesopplæring (inkludert fagskular)
- vaksne si læring
- høgare utdanning
Som hovudregel skal eit samarbeidspartnarskap bestå av minst tre partnarar frå tre av Erasmus+-landa (dei 27 EU-landa samt Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia).
Land utanfor EU/EØS kan berre inkluderast som partnarar dersom dei er frå land i region 1 til 3 (sjå Programguide del A om "Kvalifiserte land"), og berre dersom dei tilfører prosjektet stor meirverdi. Ein kan ikkje inkludera partnarar frå Belarus.
Ver merksam på at det inntil vidare er avgrensingar på kva for ungarske institusjonar som kan delta som partnarar i prosjekt, ref. Council Implementing Decision (EU) 2022/2506 of 15 December 2022 on measures for the protection of the Union budget against breaches of the principles of the rule of law in Hungary. Sjå lista over institusjonar som er omfatta av rådsbeslutninga.
Ver merksam på at kvar institusjon som søker innanfor sektorane barnehage og skule, fag- og yrkesopplæring eller vaksne si læring berre kan vere involvert i maks. ti søknader (som koordinator eller partnar) per utlysingsår.

Søknadsfrist
5. mars 2026 kl. 12.00 (CET)
Om tilskotet
Tilskotsbeløp
Ein søker om eitt av tre ulike sekkebeløp: 120 000 euro, 250 000 euro eller 400 000 euro. For mer utfyllande informasjon om moglegheiter innanfor tiltaket og krav til søknaden, les kapittelet i programguiden om Cooperation partnerships og sjå programsida for Samarbeidspartnarskap.
Sjå også handbok for sekkebeløp. Vi legger ut handboka for 2026 når Kommisjonen har publisert ho.
Slik søker du
For å få tilgang til søknadsskjemaet, treng du ein EU Login-brukarkonto. Denne opprettar du sjølv på ein enkel måte (europa.eu) .
I Erasmusportalen finn du søknadsskjemaet for samarbeidspartnarskap (KA220 – Cooperation partnerships) innanfor dei respektive sektorar under menypunktet «Opportunities». Søknaden er eit online-skjema og blir lagra automatisk når du jobbar i det. Du kan også gi tilgang til andre som kan redigere søknaden.
Organisasjons-ID (OID)
Alle utdanningsinstitusjonar og organisasjonar som søker om Erasmus+-midlar må skaffe seg ein organisasjons-ID (OID). Når du oppgir organisasjons-ID i søknaden, blir relevant informasjon om organisasjonen automatisk fylt ut i søknadsskjemaet. Du kan finne ut om din organisasjon har eit OID-nummer frå før, eller registrere institusjonen din i Erasmusportalen under menypunktet «Organisations».
Ver tidleg ute med søknaden!
Det er lurt å sende inn søknaden nokre dagar før fristen. Då har vi tid til å hjelpe deg om det skulle oppstå tekniske problem. Viss du får problem med å sende inn søknaden, ber vi om at du tar kontakt med oss på e-post: erasmuspluss@hkdir.no (ADU, SCH, VET) / erasmus@hkdir.no(høgare utdanning) . Får du problem same dagen som søknadsfristen, må du kontakte oss umiddelbart.
Nyttig informasjon for deg som søker
- Informasjon om samarbeidspartnarskap.
- På sida Ressursar (under) finn du vidare informasjon som vil vere nyttig å sjå til i søknadsprosessen.
Slik behandlar vi søknaden
- Gyldigheitssjekk: HK-dir sjekkar først at søknaden oppfyller alle formelle kriterium.
- Sjekk av originalt innhald: Alle prosjektsøknader må innehalda originalt innhald skrive av søkjaren sjølv, eller i samarbeid med partnarar. Sjå Programguiden del C, informasjon til søkarar.
- Sjekk av operasjonell kapasitet: HK-dir gjennomfører ein kontroll for å vurdere om det er sannsynleg at søkarorganisasjonen har den nødvendige kapasiteten som trengs for å gjennomføre prosjektet den søker på. Du kan lese meir om det her.
- Kvalitetsevaluering: Søknaden vert evaluert av uavhengige ekspertar etter fastsette kriterium. Les om kriteria i programguiden for Erasmus+.