Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2025
1. Innleiing
Høgare yrkesfagleg utdanning har vorte ein tydeleg og viktig del av det norske utdanningssystemet. Utdanninga har ein praksisnær og arbeidslivsretta profil, og gir tilbod til ei målgruppe som ofte står midt i arbeidslivet – med både fagkompetanse og erfaring. Dette er utdanning for dei som vil byggje på sin formelle kompetanse i det yrkesfaglege løpet.
Sektoren er i utvikling. Fleire studentar, fleire utdanningstilbod og større breidde i opptaksgrunnlag speglar ei opning og ei tydeleggjering av fagskulane si rolle i kompetansepolitikken. Med fleksible utdanningsformer og varierte tilbod frå korte, målretta studietilbod til lengre gradsutdanningar, gir fagskulane menneske med ulik yrkesbakgrunn og i ulike livssituasjonar moglegheit til å tileigne seg ny og relevant kunnskap og kompetanse. Dette er òg ein viktig nøkkel for omstilling, både i enkeltmenneske sin karriere og for samfunnet som heilskap.
Stortingsmelding 11 (2024–2025) «Fagfolk for ei ny tid» løftar sektoren og legg klare føringar for vidare utvikling. Meldinga peikar på behovet for at fagskulane òg skal kunne levere utdanningstilbod med et meir komplekst læringsutbyte enn i dag, og opnar for at fagskulane skal kunne utvikle utdanningar på nivåa 5-7 i det nasjonale kvalifikasjonsrammverket for kompetanse (NKR). Dette viser at sektoren ikkje berre skal utviklast i breidda, men også i djupna – med større fagleg ambisjon og tydelegare plass i det livslange læringsløpet.
Fagskulane skal bidra til å dekke både nasjonale og regionale kompetansebehov. Fylkeskommunane har ei sentral rolle som kompetansepolitisk aktør, og Stortinget har derfor òg gitt fylka ansvaret for å forvalte det statlege tilskotet til drift av fagskular. Samarbeid mellom fylkeskommunar, arbeidsliv og fagskular er avgjerande for å sikre at dei offentlege midlane vert prioriterte til utdanningar som dekker kompetansebehova til dei mest kritiske områda som konkurransedyktig næringsliv, det grøne skiftet, gode velferdstenester i heile landet, og forsvar og sivil beredskap.
Denne rapporten gir eit samla og overordna bilde av høgare yrkesfagleg utdanning for 2024 – og eit grunnlag for vidare diskusjon om styring, utvikling og ambisjonar for framtida. Vi presenterer nasjonale tal og analysar, men òg data på fylkesnivå. Dette skal støtte fylkeskommunane sitt kompetansepolitiske arbeid og koplinga til forvaltninga av høgare yrkesfagleg utdanning.
Tekstboks 1 Fagfolk for ei ny tid – med høgare yrkesfagleg utdanning
Stortingsmelding 11 (2024–2025) Fagfolk for ei ny tid – med høgare yrkesfagleg utdanning, presenterer regjeringa si oppdaterte politikk for høgare yrkesfagleg utdanning og fagskulesektoren. Det overordna målet med tiltaka i meldinga er å sikre fleire kandidatar og fleire meir kompetente kandidatar til norsk arbeidsliv. For å få dette til, skal fagskulane få ein større og meir sentral rolle i utdannings- og kompetansepolitikken.
Meldinga inneheld 29 tiltak som vert presenterte under tre tematiske overskrifter:
Fagskulane skal utrustast med meir kunnskap om kvalitet, betre og meir føreseieleg finansiering og nye fullmakter.
Studentar skal ha tilgang til god studentvelferd og rustast med fleire lærings- og karrieremoglegheiter.
Fylkeskommunane skal bli betre rusta til å forvalte høgare yrkesfagleg utdanning gjennom meir samarbeid og handlingsrom.
Eit sentralt grep er at fagskulane skal kunne utvikle og tilby yrkesretta utdanningar på nivåa 5-7 i nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for kompetanse og livslang læring (NKR). Dette skal bidra til meir heilskaplege utdanningsløp, betre karrierevegar for studentane, og ei styrking av den yrkesfaglege utdanningsvegen frå vidaregåande nivå. Stortinget vedtok i si handsaming av meldinga at fullført og bestått fagskuleutdanning på nivå NKR 6 og 7 skal ha nemningar som er i tråd med i dei landa i Europa som Norge samarbeider mest med. I tillegg blei det vedtatt at utdanningane skal koplast til ECTS.
Meldinga legg stor vekt på auka fullmakter og meir føreseieleg finansiering av fagskulane. Finansieringa skal styrkast, og fagskulane skal få tilskotet som rammetildeling. I tillegg skal det fremjast eit forslag til lovfesta samfunnsoppdrag for fagskulane. Eit slik samfunnsoppdrag skal setje ein klar retning for den vidare utviklinga av fagskulane som utdanningsinstitusjonar, og bidra til å avgrensa arbeidsdelinga mellom fagskular, fylkeskommunar og universitet og høgskular.
Fleire tiltak i meldinga er retta mot kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning. Frå styrking av kvaliteten til meir tilsyn og auka kunnskap om kvalitet i desse utdanningane. Mellom anna skal Noregs Forskingsråd kvart åt lyse ut 25 millionar kroner til forsking på yrkesfagleg og høgare yrkesfagleg utdanning.
Kjelde: HK-dir