TESTDATA

TESTDATA

TESTDATA

Hopp til hovudinnhald
Framsida av rapporten

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2025

4. Fagskular og utdanningstilbod

Fagskulane skal kunne svare på kompetansebehova i arbeidsmarknaden gjennom praksisnære og fleksible utdanningar av høg kvalitet. Dei skal dekke langsiktige og varige kompetansebehov som til dømes maskinoffiser, lokførar eller elektroinstallatør, men samtidig dekke nye og skiftande behov som dukkar opp med til dømes ny teknologi.

Med den nye meldinga til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning, Fagfolk for ei ny tid - Med høgare yrkesfagleg utdanning (Meld. St. 11 (2024-2025)), tek regjeringa til orde for at fagskulane får ei større og meir sentral rolle i utdannings- og kompetansepolitikken. Det er eit uttalt mål at fagskulane skal sikre fleire og meir kompetente kandidatar til norsk arbeidsliv. Dette krev solide fagskular med sterke fagmiljø og administrativ kapasitet som evnar å vere fleksible for å møte kompetansebehov i stadig endring, og samstundes skape gode rammer for læring i ulike livsfasar.

Vi ser framleis ein heil del endringar kvart år i fagskulelandskapet. Dei siste åra er det i hovudsak private fagskular som har samla seg til større einingar, samstundes som nye private fagskular har vorte oppretta. I tillegg er det ein fylkeskommunal fagskule som har vorte splitta opp som følgje av fylkesdeling. Fagskulane som slår seg saman ser framleis ut til å halde på dei ulike studiestadane, og i tillegg opprette nye.

Hausten 2024 tel vi 63 fagskular med aktive studentar. Desse fagskulane har 178 studiestader og 2 107 utdanningstilbod. Bak tala ser vi ein mangfaldig sektor, med store variasjonar innan storleik, geografisk spreiing, eigarform, faglege tilbod, med meir. I det vidare skal vi sjå nærare på institusjonane som utgjer sektoren.

4.1 Fagskular og studiestader

Det er institusjonelle endringar i høgare yrkesfagleg utdanning kvart år. Nye fagskular kjem til, nokre blir lagde ned, medan andre fagskular vert slått saman eller splitta opp. Talet på studiestadar endrar seg òg kvart år, og til og med i løpet av året. Difor opererer vi med eit augeblinksbilete på hausten når vi tel fagskular og studiestadar.

Eit mangfald av studiestader gjer utdanningstilboda lettare tilgjengeleg, og gjer det mogleg for fagskulane å svare på kompetansebehovet der det er, og i den perioden behovet er der. Vi ser fleire fagskular som opprettar nye studiestadar, og som samarbeider med studiesentera for å legge til rette for utdanningar på nye stader. Eit døme på dette er fagskulen Innlandet som har heile elleve studiestader berre i Innlandet fylke.

Endringar i institusjonsbilete i 2024

På teljetidspunktet hausten 2024, var det 63 fagskular som rapporterte aktivitet ved 178 studiestader. Dette er tre fleire fagskular enn dei 60 vi talde i 2023. Totalt fire nye fagskular rapporterte aktive studentar i 2024. Dette var Oslo Nye Fagskole AS, Norsk Fjellfagskole, Fagskolen i Finnmark og Brann- og redningsskolen. Fagskolen i Finnmark er skilt ut av Fagskolen i Nord, som held fram som eigen fagskule. I tillegg gjekk AOF Norge konkurs sommaren 2024, noko som gir ein netto vekst på tre fagskular.

Utanfor teljetidspunktet var det fleire institusjonelle endringar i løpet av 2024. Tabell ‎4.1 viser ein oversikt over endringane blant fagskulane i løpet av heile 2024. I tillegg til dei nye fagskulane, ser vi at dei to private fagskulane AOF Norge AS og International Stunt Academy AS gjekk konkurs. Fagskolen Diakonova AS kjøpte Folkeuniversitetets Fagskole AS og fusjonerte ved årsskiftet 2024/2025. NKI Fagskoler AS og MedLearn AS vart kjøpt opp av eigaren av Fagskolen Kristiania AS, men ei samanslåing av fagskulane er ikkje venta før i løpet av 2025.

Tabell 4.1 Endringar i institusjonsbilete i 2024
Fagskular med endring i 2024
Eigarform
Merknad
Brann- og redningsskolen
Statleg
Ny
Fagskolen i Finnmark
Fylkeskommunal
Gjenoppretta
Norsk Fjellfagskole AS
Privat
Ny
Oslo Nye Fagskole
Privat
Ny
NKI Fagskoler AS
Privat 
Oppkjøp
Medlearn AS
Privat
Oppkjøp
AOF Norge
Privat 
Konkurs
International Stunt Academy AS
Privat 
Konkurs
Folkeuniversitetets Fagskole AS 
Privat 
Oppkjøp og fusjon inn
i Fagskolen Diakonova
frå 1.jan 2025
Fagskolen AOF Vestland Agder
Privat 
Namneskifte til Fagskolen Tirna 
AOF Østfold
Privat
Namneskifte til AOF Østlandet
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T4.1

Utvikling i talet på fagskular

I figur 4.1 får vi eit bilete av utviklinga i talet på fagskular, fordelt på offentleg og privat eigarskap. Av figuren ser vi ein nedgang i talet på fagskular over tid, samstundes som vi i kapittel ‎3.1 såg at studenttalet aukar. Nedgangen er særskilt markant dei første åra etter fagskulemeldinga i 2017. Det er i hovudsak i den offentlege delen av sektoren at talet på fagskular har gått ned. I den private delen av sektoren har talet på fagskular vore nokså jamt kring 45. Det har likevel skjedd store endringar i form av oppkjøp, konkursar og nyetableringar.

Figur 4.1 Fagskular etter eigarskap, 2017–2024

Når vi ser på dei offentlege fagskulane, har talet halde seg stabilt på 16 fagskular dei tre siste åra, men aukar til 18 i 2024. Auken skyldast etableringa av den nye statlege fagskulen Brann- og redningsskolen, og oppattrettinga av Fagskolen i Finnmark etter fylkesdelinga.

Av dei 18 offentlege fagskulane er det 12 fylkeskommunale, fem statlege, og éin som er eigd av dei regionale helseføretaka. Der vi i 2023 talde éin fylkeskommunal fagskule i kvart fylke har fylkesdelingane enda med to fagskular, Fagskulen Viken og Fagskulen Vestfold og Telemark, som er eigd av til saman fem ulike fylkeskommunar.

Utviking i talet på studiestader

I figur 4.2 ser vi utviklinga i studiestader ved offentlege og private fagskular. Figuren viser at talet på studiestader har endra seg over tid. Frå totalt sett 141 studiestader i 2017, har vi i dag 178 studiestader. Det er tre fleire enn i 2023, ein for kvar av dei tre nye fagskulane. Når fagskular vel å oppretthalde og opprette nye studiestader, kan vi gå ut frå at det heng saman med etterspurnaden etter kompetanse, og ønsket om å vere til stades der bedriftene og arbeidstakarane er.

Figur 4.2 Studiestader ved offentlege og private fagskular, 2017–2024
Vedlegg: F4.2
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU

Som vi ser i figuren, har utviklinga i talet på studiestader vore nokolunde lik i offentleg og privat sektor over tid, og det totale talet studiestader aukar i takt med nyetableringar av fagskular og/eller studiestader. Der talet på studiestader i privat sektor gjorde eit lite hopp i fjor, og talet på studiestader i offentleg sektor gjekk ned, ser vi motsett utvikling i år. I 2024 er det totalt 79 offentlege og 99 private studiestader

4.2 Storleiken på fagskulane

Det er store skilnader mellom fagskulane. Nokre er store, med stor breidde i både tilbod og fagmiljø, medan andre er små og spissa. Til dømes hadde den minste fagskulen sju studentar, medan den største hadde nesten 4 000 studentar i 2024.

Vidare kan ein måle storleiken på fagskular etter ulike parameter. I tillegg til talet på studentar, altså talet på personar som tek utdanning, kan ein måle heiltidsekvivalentar (HTE, sjå kap. ‎3.1.2 for definisjon). Med heiltidsekvivalentar får vi eit tal på aktiviteten ved fagskulane som er samanliknbart på tvers av fagskular som har lange eller korte utdanningar, heiltids- eller deltidsstudentar.

Når vi ser på talet på studentar ved dei offentlege fagskulane, hausten 2024, er det Fagskolen Viken som har flest studentar med meir enn 2 700. Fagskolen Rogaland har 2 400 studentar, medan Fagskolen Vestland har litt over 2 000 studentar. Ser ein på HTE endrar bilete seg noko. Fagskolen Viken (1 452 HTE) er framleis størst, medan Fagskolen Vestland (1 378 HTE) blir større enn Fagskolen Rogaland som har 1 129 HTE.

Tabell 4.2 Dei tre største offentlege og private fagskulane målt i studentar og heiltidsekvivalentar
Studentar
Heiltidsekvivalentar
Offentlege fagskular
Fagskolen Viken
2 743
1 452
Fagskolen Rogaland
2 432
1 129
Fagskulen Vestland
2 046
1 378
Private fagskular
Noroff Fagskole AS
3 800
3 146 
Din kompetanse AS
2 033
1 016
Fagskolen Kristiania AS
1 938
1 552
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T4.2

Blant dei private fagskulane er Noroff størst med 3 800 studentar og 3 146 HTE. Din kompetanse har 2 033 studentar men berre 1 016 HTE, noko som indikerer at alle studentane studerer på deltid. Fagskolen Kristiania har litt færre studentar (1 938) enn Din kompetanse men fleire HTE (1 552). For meir informasjon om forhaldet mellom studentar og HTE på dei ulike institusjonane, sjå vedlegg V3.

Fleire store fagskular

I figur 4.3 ser vi ei samanlikning av fagskular i fem ulike storleikskategoriar i åra 2017, 2021 og 2024. Eit heilt klart utviklingstrekk er utviklinga frå fire til 14 fagskular med fleire enn 1 000 studentar. Blant desse fagskulane er det ein fagskule med 3 800 studentar og fem med mellom 2 000 og 2 700 studentar. Totalt har desse 14 fagskulane (22 prosent av alle fagskulane) heile 79 prosent (26 700) av alle studentane.

Ei anna interessant endring er at talet på fagskular med færre enn 50 studentar er høgare i 2024 enn i 2021. Dette skuldast i hovudsak etableringa av fire nye fagskular. Elles er endringane mellom dei ulike storleiksgruppene eit resultat av at fagskular veks over i ein annan kategori, eller at dei slår seg saman og at det derfor vert færre slik som i gruppa 50-100.

Sjå elles vedlegg V3 for eit oversyn over studenttalet for alle fagskular hausten 2024.

Figur 4.3 Fagskular etter storleik målt i talet på studentar, haust 2017, 2021 og 2024
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.3

Tal på fagskular som tilbyr utdanningar i dei ulike fagområda

I figur 4.4 ser vi tal på offentlege og private fagskular med aktive studentar i dei ulike fagområda. Sidan 2017 har det som følgje av dei store konsolideringane i sektoren i åra etter, blitt færre fagskular med tilbod i dei fleste fagområda. På økonomi- og administrasjonsfag og fagområdet anna har det likevel blitt totalt sju fleire mellom 2017 og 2024. Frå 2021 ser vi ei dreiing mot at det blir fleire fagskular som tilbyr utdanningar i alle fagområde bortsett frå samferdsel. Noko av utviklinga skyldast tilfang av nye fagskular, medan noko skyldast at fagskular utvidar tilboda til område der dei tidlegare ikkje hadde utdanningar.

Det er totalt 25 fagskular med helse- og velferdsutdanningar, 13 offentlege og tolv private. Tekniske utdanningar vert tilbydt ved 28 fagskular. Av desse er 16 fagskular offentlege, medan tolv er private. Dette er ein auke på fire fagskular frå 2023.

Totalt 22 fagskular, 14 private og åtte offentlege, har tilbod i økonomi- og administrasjonsfag.

Figur 4.4 Fagskular etter fagområde og eigarskap, haust 2024
Merknad: Kategorien «Uoppgitt» er fjerna. Fagskulen Kristiania har rapportert tilbod som ikkje er registrert på fagområde.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.4

Det er berre to offentlege fagskular som tilbyr kreative utdanningar, mot 13 private. I samferdselsutdanningar derimot dominerer dei offentlege med ti av totalt 13 fagskular. Dei offentlege har utdanningar i maritime fag og lokførarutdanning, medan dei private har utdanningar i luftfart. Det siste fagområdet, anna, omfattar til dømes utdanningar innan grøne fag, religion og skjønnhetspleie, og vert tilbydt ved ni private og sju offentlege fagskular.

I kapittel 4.5.2 ser vi på utviklinga i utdanningstilboda over tid. Sjå vedlegg V22 for meir data om fagskular etter fagområde og storleik i perioden 2017-2024.

4.3 Fagskular og studiestader i dei ulike fylka

I tabell 4.3 ser vi talet på fagskular og studiestader i dei ulike fylka. Den enkelte fagskule vert plassert i det fylket der hovudeininga er registrert, medan ein studiestad er alle stader undervisning vert gjennomført som ikkje er ved hovudeininga. I tillegg til studiestader med ordinære skolebygg, kan studiestader òg vere plassert i tilknyting til ei bedrift, på eit studiesenter, eit fartøyvernsenter, eller ved eit anna høveleg lokale i nærleiken av der studentane bur eller jobbar. Fleire fagskular, både offentlege og private, har studiestader i fleire fylke. Mellom anna har Fagskulen Innlandet, som har hovudadministrasjonen i Innlandet, studiestader i sju fylke, medan Fagskolen Diakonova, som har hovudadministrasjon i Oslo, har studiestader i elleve fylke.

Tabell 4.3 Fagskular og studiestader per fylke, 2024
Fylke
Fagskular
Studiestader
Agder
4
14
Akershus
3
12
Buskerud
1
7
Finnmark
1
4
Innlandet
5
18
Møre og Romsdal
3
7
Nordland
3
16
Oslo
17
24
Rogaland
4
11
Telemark
1
4
Troms
1
6
Trøndelag
5
18
Vestfold
8
9
Vestland
4
21
Østfold
3
7
Totalt
63
178
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T4.3

Etter fylkesoppsplittingane av fylka Viken, Vestfold og Telemark og Troms og Finnmark ser vi endringar frå fjorårets bilete. Oslo er framleis fylket som har flest fagskular og studiestader med 17 fagskular og 24 studiestader. Det er fire fylke (Buskerud, Telemark, Troms og Finnmark) som berre har éin fagskule med hovudkontor i fylket. I dei resterande ni fylka ligg talet på fagskular mellom tre og fem.

Ser vi på talet på studiestader endrar bilete seg ein del, og nokre fylke med få fagskular har relativt mange studiestader. Til dømes er det 16 studiestader i Nordland, seks i Troms og fire i Finnmark. Vestland fylke, som berre har fire fagskular, har heile 21 studiestader, og Innlandet med fem fagskular har 18 studiestader. Dette speglar til ein viss grad busetting og geografi i dei ulike fylka.

I figur 4.5 får vi eit visuelt oversyn over den geografiske plasseringa av offentlege (blå) og private (raud) fagskular i 2024, og tilsvarande for fagskulane sine studiestader i figur 4.6. Storleiken på sirklane indikerer talet på fagskular og studiestadar i kommunen.

Den geografiske oversikta viser at det er dei offentlege fagskulane som er mest representert i distrikta, medan dei private studiestadene dominerer i dei bynære områda på austlandet. Det finst likevel private studiestader i alle fylka.

Figur 4.5 Geografisk plassering av offentlege og private fagskular, 2024
A map of norway with different colored circles

AI-generated content may be incorrect.

Merknad: Storleiken på ringane indikerer talet på fagskular i den einskilde kommune.

Foto: Kjelde: HK-dir/DBH-HYU

Figur 4.6 Geografisk plassering av studiestader ved offentlege og private fagskular, 2024
Et bilde som inneholder kart, tekst, atlas

KI-generert innhold kan være feil.

Merknad: Storleiken på ringane indikerer talet på studiestader i den einskilde kommune. For interaktivt kart sjå: dbh.hkdir.no/static/files/dokumenter/fagskole/2025/studiestad_kart.html

Foto: Kjelde: HK-dir/DBH-HYU

Geografi og variasjonar i storleiken på fagskular

I figur 4.7 får vi eit overblikk over korleis fagskular av ulik storleik fordeler seg på dei ulike fylka. Fagskulane er talt i alle fylke der dei har studiestad, og kategorisert etter den totale storleiken på fagskulen for å gi eit bilete av kva slags fagskular som har aktivitet i dei ulike fylka.

Eit hovudtrekk er at dei største fagskulane med over 1 000 studentar har studiestadar i alle fylke. Fagskular med mellom 501 og 1 000 studentar har studiestad i elleve av fylka. Dei minste fagskulane med færre enn 50 studentar finn vi i ti av fylka, men med ein stor grad av konsentrasjon i Oslo og dei sentrale austlandsområda.

Vedlegg V23 inneheld ytterlegare tal på fagskular etter fylke og eigarforhold i perioden 2017-2024.

Figur 4.7 Fagskular etter samla storleik fordelt på fylka der dei har ein eller fleire studiestader, haust 2024
Merknad: Figuren viser fagskulane si samla størrelse, alle studiestader inkludert. Han viser då i kva fylke store og små fagskular er representert.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.7

4.4 Fagområdeakkreditering

Fagområdeakkreditering er ein viktig indikator på kvalitet. Ei slik akkreditering inneber at NOKUT har godkjent at ein fagskule har høg nok kvalitet i både kvalitetssystema og fagmiljøa til sjølv å akkreditere og endre utdanningstilbod innanfor det akkrediterte fagområdet. Fagområdet som vert akkreditert må bestå av eitt eller fleire ulike utdanningstilbod. Området skal òg vere tett knytt til eitt eller fleire yrkesfelt, og det vert stilt klare krav til kva kompetanse fagskulen må ha for å kunne ivareta eit slikt ansvar.

Ei fagområdeakkreditering gjer det mogleg for ein fagskule å opprette nye utdanningar utan at utdanningane må verte godkjent av NOKUT, noko som forkortar tida som går frå utviklinga av utdanninga til uteksaminering av nye kandidatar innanfor det gitte fagområdet. På den måten betrar fagområdeakkrediteringane fagskulane si omstillingsevne i møte med endra kompetansebehov.

I 2024 hadde 15 fagskular fagområdeakkreditering på eitt eller fleire fagområde, sjå tabell 4.4. Totalt var det 33 fagområdeakkrediteringar i 2024. Dette inkluderer vedtaka som vart fatta i februar 2025. Det vil seie at det er ein auke på tre fagskular som har fagområdeakkreditering og heile 12 fagområdeakkrediteringar sidan 2023.

Til saman har desse 15 fagskulane meir enn 20 000 studentar, eller 11 156 heiltidsekvivalentar (sjå kapittel ‎3.1.2), og dekker med det over halvparten av sektoren.

Det er eit mål at fleire fagskular skal oppnå fagområdeakkreditering. I mars 2024 opna Stortinget for at fagskular kan verte institusjonsakkreditert, og med det få større fullmakter til å opprette og endre utdanningar innan alle fagområde (Innst. 290 L (2023-2024)). Endringa har som mål å forbetre fagskulane sin fleksibilitet og omstillingsevne.

Tabell 4.4 Fagskular med fagområdeakkrediteringar, 2024
Fagskule
Fagområde
Fagområde-
akkrediteringar 
AOF Vestlandet –
Agder (Fagskolen Tirna)
Helse og oppvekst
Økonomi og administrasjon
2
Fagskolen
Aldring og helse
Helsefag
1
Fagskolen
i Agder
MaritimTeknisk
Helsefag
3
Fagskolen
Innlandet
Teknologifag
Helsefag
Landbruksfag
Bygg- og anleggsteknikk
Økonomi, administrasjon og leiing
5
Fagskolen
i Nord 
Verkstadtekniske
fag
1
Fagskolen i
Viken
Helse Teknisk
Økonomi, administrasjon,
logistikk og reiseliv
3
Fagskolen
Kristiania
Helse og oppvekst
Design, kommunikasjon
og teknologi
Kommersiell scenekunst - 
tolking og formidling
Økonomi og administrasjon
4
Fagskolen Møre og Romsdal
Teknisk
1
Fagskolen
Rogaland
Helse og oppvekst
Økonomi og administrasjon
Teknisk
Maritim
4
Fagskolen Vestfold og Telemark
Helse
1
Fagskulen Vestland
Tekniske fag
Helsefag*
2
Folkeuniversitetets fagskole AS
Helsefag
Økonomi, administrasjon
og logistikk
2
MedLearn AS
Helse og oppvekst 
1
Norges grønne
fagskole - Vea
Grøne design
og miljøfag
1
Nordland
fagskole 
Elektro*
Helsefag*
2
Totalt 
33
Merknad: Dei tre fagområdeakkrediteringane merka med stjerne (*) fekk innstillinga i 2024, men endeleg vedtak først i februar 2025 då styremøte sett til desember 2024 vart utsett. AOF Norge som gjekk konkurs er ikkje tatt med i tabellen
Kjelde: NOKUT, HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T4.4

4.5 Utdanningstilboda

Det er lovbestemt at høgare yrkesfagleg utdanning skal vere praksisnær og møte behovet for kvalifisert arbeidskraft i samfunnet (fagskolelova, §4). På grunn av den tette koplinga til arbeidslivet blir høgare yrkesfagleg utdanning ofte omtala som arbeidslivets skule. For å møte både lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov, vert det tilbydd eit mangfald av utdanningstilbod innan høgare yrkesfagleg utdanning. Utdanningane vert utvikla i eit tett samarbeid med arbeidslivet. I dette kapittelet skal vi sjå på kva slags tilbod som finst, og kva som kjenneteiknar dei ulike fagområda sin tilbodsstruktur.

Tal på utdanningstilbod i sektoren

Høgare yrkesfaglege utdanningar skal vere tilgjengeleg i heile landet og tilpassa folk i arbeid. For å møte dette kan eitt og same utdanningstilbod vere tilbydd fleire stader, og med ulike variasjonar. Hausten 2024 vart det registrert 2 107 høgare yrkesfaglege utdanningstilbod. Dette er ein auke på 241 tilbod frå 2023. I desse tala er alle variasjonar av utdanningane registrert, noko som betyr at det som i innhald er ei og same utdanning kan bli tald fleire gonger fordi den vert tilbydd på ulike måtar. Til dømes kan ei utdanning vere tilbydd både som heiltids- og deltidsutdanning, eller på ein eller fleire av utdanningsformene; stadbasert, nettbasert med samling eller nettbasert. Utdanningstilbodet blir tald for kvar variant av tilbodet som har aktive studentar. Alle desse variasjonane er viktige for å synleggjere det breie spekteret i det samla tilbodet i høgare yrkesfagleg utdanning, og for studentane gjer desse variasjonane at tilboda vert meir tilgjengelege.

Når ein ser på unike tilbod, altså tek vekk alle variasjonane innanfor kvar utdanning, var det totalt 419 utdanningstilbod i 2024. Desse 419 tilboda vert altså tilbydd i 2 107 ulike variantar.

I tabell 4.5 ser vi både talet på unike utdanningstilbod og alle dei ulike variasjonane, fordelt på fagområde. Det er flest utdanningar innan tekniske utdanningar (806) etterfølgt av helse og velferd (583) og økonomi og administrasjon (445).

Tabell 4.5 Utdanningstilbod i høgare yrkesfagleg utdanning, haust 2024
Fagområde
Unike
utdanningstilbod
Talet på utdanningstilbod
med ulike variasjonar
Helse og velferd
101
583
Kreativ
47
145
Samferdsel
7
49
Teknisk
127
806
ØkAdm
89
445
Anna
47
73
Uoppgitt
1
6
Totalt
419
2 107
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T4.5

Utvikling i tal på utdanningstilbod over tid

I figur 4.8 ser vi korleis talet på utdanningstilbod med ulike variasjonar innanfor dei ulike fagområda har utvikla seg sidan 2017. Medan tala på utdanningstilbod innanfor fagområda samferdsel og kreativ har vore rimeleg stabile, er det ein markant auke innanfor tekniske fag, helse- og velferdsfag og økonomiske og administrative fag. Utviklinga for dei tekniske faga kan ein sjå i samanheng med endringar i kompetansebehova som følgje av megatrendar i samfunnet, som mellom anna teknologiutvikling og grøn omstilling (Kompetansebehovsutvalget, 2022). Det er òg i dette fagområda vi har sett størst vekst i studenttalet (figur 3.3), og endring i tilbodsstrukturen med mellom anna framvekst av korte og fleksible tilbod.

Utviklinga må òg sjåast som eit resultat av ein fagskulepolitikk med auka fokus på å styrke samarbeidet med arbeidslivet og få fleire nye utdanningar som svarar på dei nye kompetansebehova. Konkrete kompetansepolitiske tiltak, som mellom anna Industrifagskolen, Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling, Utviklingsmidlar til høgare yrkesfagleg utdanning, Ordning for fleksibel og desentralisert utdanning med meir, har ført til mellom anna utvikling av nye utdanningstilbod i samarbeid med arbeidslivet og til ein vekst i både tilbod og personar som tek tilboda.

Figur 4.8 Utdanningstilbod etter fagområde per år, haust 2017–2024
Merknad: Utdanningstilbod med uoppgitt fagfelt vises ikkje i figuren. Sjå vedlegg for tal på desse tilboda.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.8


Figur 4.8 viser ein nedgang i utdanningstilbod innan helse- og velferdsfag dei to siste åra. Dette betyr ikkje at vi utdannar færre kandidatar med kompetanse på helse- og velferd. Som vi såg i kapittel ‎3.2 aukar talet på studentar som tek utdanningar i helse- og velferdsfag. Endringa i talet på helse- og velferdsutdanningane heng delvis saman med rapporteringstekniske grunnar, men òg nedlegging av tilbod grunna konkursar og oppkjøp. Når det kjem til det rapporteringstekniske, ser vi at fleire fagskular har gjort revideringar i både namn og innhald på eksisterande utdanningar, mellom anna etter revideringa av nasjonale planar. I ein overgangsfase vil det difor vere studentar som er tatt opp og fullfører løpet ved den «gamle utdanninga», parallelt med at det er tatt opp og registrert studentar på «ny utdanning». I denne overgangsfasen vil altså det som i praksis er ei og same utdanning kunne ha fått endringar i namn eller revidert innhald, og dermed bli talt fleire gonger, noko som vil gje eit unaturleg høgt tal på utdanningstilbod, noko vi ser særskilt i åra 2022 og 2023. I 2024 ser vi at fleire fagskular har fullført denne overgangsfasen – altså at studentar som var tatt opp ved utdanninga før endringane no er uteksaminerte. Når vi ser på registrerte utdanningstilbod er det grunn til å forvente at rapporteringstekniske grunnar vil påverke tala også komande år.

Tekstboks 3 Kompetansebehovsutvalet og digital omstilling

Kompetansebehovsutvalet skal gje sine beste faglege vurderingar av kompetansebehov for framtida. Regjeringa har bedt utvalet om å særleg sjå på korleis digital teknologi påverkar kompetansebehova i arbeidslivet og samfunnet.

Tidleg i juni 2025 inviterte utvalet aktørar frå arbeidsliv, forsking og utdanning til innspelsmøte. Her presenterte dei elleve påstandar om korleis digital teknologi kan påverke kompetansebehova, og kva som skal til for å lykkast med digital omstilling. Påstandane er baserte på utvalet sine førebelse analysar, og er ikkje uttrykk for dei endelege vurderingane.

Utvalet presenterte mellom anna to påstandar om utdanningssystemet som tilbydar av kompetanse:

Kunstig intelligens kan svekkje læringsprosessar dersom elevar og studentar overlèt kognitivt krevjande oppgåver til teknologien, i staden for å utvikle eigen kompetanse.

For å støtte læring og sjølvregulering bør kunstig intelligens i utdanningssystemet først takast i bruk når elevar og studentar har utvikla kompetansen som er nødvendig for å bruke teknologien på ein kritisk og reflektert måte.

Utdanningssystemet bør leggje vekt på å utvikle den digitale kompetansen til elevar og studentar framfor å auke bruken av digitale verktøy.

Lærarar og undervisarar må bli betre rusta til å styrkje den digitale kompetansen til elevar og studentar.

Arbeidsgjevarar bør i større grad leggje til rette for at lærarar og undervisarar får høve til å utforske digitale verktøy og til å heve den digitale kompetansen sin.

Kompetansebehovsutvalet sin rapport kjem i desember 2025. Der kan ein sjå korleis påstandane har utvikla seg.

4.6 Gradar og studiepoeng

Utdanningstilboda i fagskulesektoren varierer i både omfang og form. Dei toårige utdanningane er på 120 studiepoeng eller meir, og gir høgare fagskulegrad, medan utdanningar på eitt til halvtanna år gir 60-90 studiepoeng og fagskulegrad. Utover desse tilboda er no det vanlegaste tilbodet dei kortare studietilboda på under 30 studiepoeng, vanlegvis på mellom fem og ti studiepoeng. Desse tilboda har vakse frem frå 2019, først etter ein unntaksbestemming i lova, men frå 2021 som ei permanent utviding av tilbodsstrukturen i høgare yrkesfagleg utdanning. Vi ser no ein auke i delen av desse tilboda frå fjorårets rapport. I tillegg kjem utdanning på mellom 30 og 59 studiepoeng, eller mellom eit halvt og eitt års studium. Dei fleste utdanningane vert tilbydd på deltid, og har derfor ein reell varigheit på nesten det dobbelte av den tida som talet på studiepoeng angir. I dette kapittelet vil vi sjå nærare på omfang før vi i kapittel ‎4.7 går vidare til form.

Variantar av utdanningstilbod, studiepoeng og gradar

Figur ‎4.9 viser den prosentvise fordelinga av utdanningstilbod i kategoriane høgare fagskulegrad, fagskulegrad, korte utdanningstilbod mellom 30 og 59 studiepoeng og kortare studietilbod under 30 studiepoeng. Hausten 2024 var det 2107 studietilbod, ein auke på 241 frå 2023. I figuren ser vi at 39 prosent av tilboda kvalifiserer til fagskulegrad, medan 22 prosent gir høgare fagskulegrad. Dei kortare studietilboda under 30 studiepoeng saman med kortare utdanningane på mellom 30 og 59 studiepoeng utgjer nesten 40 prosent av tilboda i sektoren.

Samanlikna med 2023 ser vi ein auke i delen kortare studietilbod under 30 studiepoeng på 10 prosentpoeng. Utdanningstilbod som gjev fagskulegrad har gått ned med sju prosentpoeng og korte utdanningstilbod med tre prosentpoeng sidan 2023. Den relative delen av høgare fagskulegrad ligg om lag på same nivå.

Figur 4.9 Fordelinga av studie- og utdanningstilbod etter omfang målt i studiepoeng, 2024
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.9

Høgare fagskulegradar og fagskulegradar

Figur 4.10 viser korleis utdanningstilbod av ulik lengde fordeler seg på dei ulike fagområda. Sjå òg vedlegg V25 for ytterlegare fordeling på fag. Innanfor samferdselsfaga og dei kreative faga er det ei overvekt av høgare fagskulegradar. Nesten 4 av 5 utdanningstilbod innanfor samferdselsfaga er høgare fagskulegradar. Også for tekniske fag er det ei overvekt av utdanningar som gjer høgare fagskulegrad. Dei tekniske faga har lang tradisjon for å tilby slike toårige gradsutdanningar, men dei siste åra har kortare studietilbod under 30 studiepoeng blitt stadig viktigare. Dette ser vi nærare på under.

I helse- og velferdsfag eksisterer det nesten ikkje høgare fagskulegradar, sjølv om det finst eksempel på at dette er under utvikling. I dette fagområdet er det klart flest utdanningstilbod på fagskulegrader på 60 studiepoeng. Også i økonomi- og administrasjonsfag er det ei stor overvekt av utdanningar som gjer fagskulegrad. I helse og velferd gjer over 70 prosent av utdanningane fagskulegrad, medan tilsvarande tal for økonomi og administrasjon er om lag 50 prosent.

I vedlegg V26 viser vi utdanningstilboda fordelt på fagområde og omfang i 2017-2024.

Figur 4.10 Utdanningstilbod etter fagområde og studiepoeng, haust 2024
Merknad: Utdanningstilbod med uoppgitt fagfelt vises ikkje i figuren. Sjå vedlegg for tal på desse tilboda.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU

Dei korte tilboda

Som nemnt over skil vi mellom korte utdanningstilbod på mellom 30 og 59 studiepoeng, og kortare studietilbod på under 30 studiepoeng. Dei korte utdanningstilboda på mellom 30 og 59 studiepoeng finn vi i størst utstrekning i økonomi- og administrasjonsfaga (22 prosent) og helse- og velferdsfaga (12 prosent).

Kortare studietilbod under 30 studiepoeng finn vi flest av i dei tekniske faga, der 41 prosent av tilboda er slike kortare tilbod. Dette er ein markant auke frå 2023, då det tilsvarande talet var 21 prosent. Dei kortare studietilboda under 30 studiepoeng i tekniske fag har auka frå 290 til nærare 560 tilbod, og står for det meste av veksten i tilbod i dei tekniske faga som er vist i figur 4.8. Utviklinga er i stor grad stimulert gjennom tilskotsordningar som treparts bransjeprogram for kompetanse, og Industrifagskulen, som begge stiller krav om at tilboda skal være inntil 30 studiepoeng. Ordningane er utforma med partane i arbeidslivet som har peika på behov for slike kortare studietilbod, mellom anna på grunn av teknologiutvikling og det grøne skiftet. Det handlar òg om å legge utdanning til rette for ulike målgrupper, og for nokon er slike kortare studietilbod meir aktuelt og lettare å kombinere med livet elles, enn lengre utdanningar.

Også innanfor økonomiske og administrative fag er det ein stor auke i delen kortare studietilbod under 30 studiepoeng, frå 20 prosent i 2023 til 31 prosent i 2024. Utviklinga her er berre dels stimulert av tilskotsordningar som bransjeprogram og Industrifagskulen. Den desiderst største tilbydaren av slike kortare tilbod i økonomi- og administrasjonsfag er NKI fagskule som finansierer tilboda sine med skulepengar.

4.7 Utdanningstilbod på heiltid og deltid

Deltidsutdanningar utgjer eit stort fleirtal av utdanningstilboda i sektoren, og er eit særs viktig verkemiddel for å legge til rette for studiar ved sida av arbeid.

Figur 4.11 viser korleis delen av heiltids- og deltidsutdanningar er ulikt fordelt mellom dei ulike fagområda. Helse- og velferdsutdanningar vert tilbydd nesten berre på deltid. I dei tekniske faga og dei økonomiske- og administrative faga er det òg ei stor overvekt av deltidsutdanningar, men med eit langt høgre innslag av heiltidsutdanningar enn i helse- og velferdsfaga. I samferdsels- og kreative fag er tilboda nesten berre heiltidsutdanningar. I 2024 er det tre fagskular som har starta opp maritime utdanningar på deltid. Dette markerer ein tydeleg endring frå dei faglege tradisjonane. Om desse tilboda lykkast kan vi kome til å sjå større endringar i desse tilboda dei neste åra òg. Til dømes vil deltidsutdanningar truleg være meir attraktivt for eldre studentar enn dei vi tradisjonelt finn på dei maritime utdanningane.

Figur 4.11 Utdanningstilbod på heiltid og deltid etter fagområde, haust 2024
Merknad: Utdanningstilbod med uoppgitt fagfelt vises ikkje i figuren. Sjå vedlegg for tal på desse tilboda.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.11

Den høge andelen deltidstilbod er truleg den viktigaste årsaka til at snittalderen i høgare yrkesfagleg utdanning er 34 år, som omtala i kapittel 3. Deltidsutdanningane legg til rette for at folk som står i arbeid kan ta ein utdanning. I kapittel 3.4 kan du lese meir om kjønn og alder fordelt på dei ulike fagområda. Der ser vi mellom anna at 80 prosent av studentane innan helse er over 30 år, noko som truleg ikkje ville vore tilfellet om utdanningane ikkje var på deltid.

4.8 Stadbaserte, nettbaserte og samlingsbaserte utdanningar

Utdanningstilbod blir tilbydt i tre ulike utdanningsformar i høgare yrkesfagleg utdanning. Det er nettbaserte tilbod, nettbaserte tilbod med fysiske samlingar (forenkla til samlingsbasert), og stadbaserte tilbod. Svært ofte vil ein finne at eitt og same utdanningstilbod vert tilbydt i fleire av utdanningsformene, avhengig av etterspurnaden.

Figur 4.12 Utdanningstilbod etter undervisningsformer, 2017-2024
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.12

Figur 4.12 viser den relative fordelinga av utdanningstilbod mellom dei tre ulike utdanningsformane. Det har vert ein ganske tydeleg endring i tilbodsstrukturen sidan 2017. Dei stadbaserte tilboda har gått frå å utgjere oppunder 80 prosent av alle tilboda i 2017, til 33 prosent i 2024. Dei nettbaserte tilboda har auka frå åtte til 26 prosent, medan dei samlingsbaserte har gått frå 14 prosent til 41 prosent av det samla talet på utdanningstilbod. Denne utviklinga speglar sjølvsagt den teknologiske utviklinga, men er òg eit uttrykk for ein fagskulesektor som tilpassar seg endra behov og etterspørsel. I vedleggstabellen til figuren (F4.12) kan ein sjå utviklinga i reelle tal òg. Der vil ein mellom anna sjå at talet på stadbaserte utdanningar hald fram med å auke fram til 2022, men med langt lågare vekst enn dei to andre utdanningsformane. Frå 2023 har det reelle talet på stadbaserte utdanningar gått ned.

Den høge delen nett- og samlingsbaserte tilbod viser at det er ein marknad for fleksible utdanningstilbod, og som vi kunne vise i figur 3.12 har det sidan 2017 vore kring 300 prosent auke i talet på studentar på desse tilboda. Det kan òg tenkast at det for fagskulane er enklare å skalere opp utdanningstilbod som er nettbaserte og ikkje krev like mykje fysisk infrastruktur.

Kombinasjonen av nettundervisning med fysiske samlingar kan i nokre tilfelle vere knytt til bruk av laboratorium, simulatorar eller liknande som ikkje lar seg løyse over nett. Fleire fagskular gir òg uttrykk for at fysiske samlingar gir betre resultat med tanke på fullføring, og at dei derfor satsar på denne utdanningsforma framfor reint nettbaserte.

Figur 4.13 viser at det er særleg mange samlingsbaserte tilbod i helse- og velferdsfaga og dei tekniske faga, men òg ein del i økonomi- og administrasjonsfaga. Bilete vi ser i figuren er truleg eit resultat både av kva som blir etterspurt av dei som er i målgruppa for faga, og av eigenarten til dei ulike faga. Medan nokre utdanningar har mykje teori, har andre utdanningar med meir praksis eller krav til handtering av utstyr. Studentar på helsefagutdanningane har til dømes ofte praksis og rettleiing på arbeidsplassen sin, og kan elles få undervisning på nett. Men det er ei oppfatning at mange fagskular legg opp til fysiske samlingar, mellom anna fordi det styrker oppfølginga (Andresen, Silje & Breines, Markus Roos, 2024).

Sjå vedleggstabell V24 for utviklinga per fagområde frå 2017-2024.

Figur 4.13 Utdanningstilbod innan ulike utdanningsformer etter fagområde, 2024
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.13

Utviklinga i fagskulesektoren viser ei stadig større breidde i tilbod og organisering, der utdanningane i aukande grad blir tilpassa både fagleg eigenart, kompetansebehova i arbeidslivet og behova til studentane. Det store talet på samlingsbaserte tilbod, særleg innan helse- og velferdsfag og tekniske fag, reflekterer ei tilpassing til både praksisnære læringsformer og ønska om tettare oppfølging. Dette illustrerer korleis fagskulane kombinerer fagleg relevans med fleksibilitet. Sektoren som heilskap har vorte meir mangfaldig og spesialisert, samstundes som fleire institusjonar har vorte større og meir robuste. I takt med auka fagområdeakkreditering og fleire digitale og fleksible utdanningsformer, ser vi konturane av ein sektor som er i utvikling – med ambisjonar om å møte både arbeidslivets krav og studentane sine behov på ein meir heilskapleg måte.

International Stunt Academy gjekk konkurs først rundt årsskiftet 2024/2025, og tel derfor med i det samla talet på fagskular med aktive studentar hausten 2024.