TESTDATA

TESTDATA

TESTDATA

Hopp til hovudinnhald
Framsida av rapporten

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2025

Forord

Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning blir kvart år utarbeida av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Tilstandsrapporten er brukt som grunnlag for styring og forvalting, og av sektoren sjølv.

Database for statistikk om høgare utdanning (DBH-HYU) er den primære kjelda for tala i rapporten. Det vert òg nytta tal frå Statistisk sentralbyrå. Data som blir presenterte i tilstandsrapporten er kvalitetssikra og sett i samanheng, og rapporten beskriv fagskulesektoren i tal og analyser om studentar, fagskular, utdanningstilbod og økonomi for 2024.

Vi arbeider kontinuerleg med utvikling av rapportane, slik at dei er tilpassa ein sektor i vekst og endring. Sektorbiletet fyrst i rapporten viser nasjonale nøkkeltal frå dei siste tre åra innan dei ulike områda rapporten dekker. Sist i rapporten finn ein sektorbilete og eit utval nøkkeltal om fagskulesektoren i kvart av dei ulike fylka. I vedlegg finn ein ytterlegare statistikk og omtale av kvart fylke.

Vi takkar våre kollegaer ved avdeling for data og statistikk for godt samarbeid. Dei har vore ansvarlege for å hente ut og klargjere data frå Database for statistikk om høgare yrkesfagleg utdanning (DBH-HYU). Analysane og sjølve rapporten er utarbeidd som eitt samarbeid mellom tilsette ved avdeling for undersøkingar og analyse, og avdeling for høgare yrkesfagleg utdanning.

HK-dir takkar Kunnskapsdepartementet for oppdraget og for tilbakemeldingar undervegs i prosessen.