TESTDATA

TESTDATA

TESTDATA

Hopp til hovudinnhald
Framsida av rapporten

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2025

5. Finansiering av høgare yrkesfagleg utdanning

Både offentlege og private fagskular vert i stor grad finansierte av statlege tilskot, men skulepengefinansierte utdanningar utgjer òg ein vesentleg del av sektoren.

Fylkeskommunane forvaltar det statlege driftstilskotet til fagskulane. Stortinget har fastsett følgande mål for dei utdanningstilboda som vert finansiert av dette tilskotet:

  • høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning
  • relevant høgare yrkesfagleg utdanning som svarer på kompetansebehova i arbeidslivet
  • god tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning i heile landet
  • effektiv og veldriven fagskulesektor

Fylkeskommunane lyser kvart år ut driftsmidlar til fagskulane på grunnlag av løyvingane i statsbudsjettet. Kor mykje som vert lyst ut kvart år vil avhenge av om det er midlar til nye studieplassar å fordele, og kor mykje av midlane som er bundne til tilbod som allereie er i gang. Fylkeskommunane har ansvar for å sikre at det vert tilbydd høgare yrkesfagleg utdanning i samsvar med behova for kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt, jamfør fagskoleloven (2018, § 3). Dette er viktig for rolla til fylkeskommunane som kompetansepolitisk aktør. Det varierer mellom fylka korleis dei arbeider for å kartlegge behova til arbeidslivet, og gjer prioriteringar på faglege tilbod i høgare yrkesfagleg utdanning. Den nye meldinga til Stortinget, Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning (Meld. St. 11 (2024-2025))inneheld ein del tiltak som vil ha konsekvensar for finansieringa av fagskulane og fylkeskommunane sin forvaltning i framtida.

I tillegg til statleg styring gjennom driftstilskot kjem styring gjennom prosjektbaserte midlar. Eit døme på dette er bransjeprogramma for kompetanse, som bidreg til å utvikle målretta tilbod retta mot konkrete bransjar. Eit anna døme er utviklingsmidlane, som bidreg til auka fokus på kvalitetsfremjande tiltak og utvikling av nye utdanningstilbod.

I 2024 vart det brukt i underkant av 2,8 milliardar kroner på høgare yrkesfagleg utdanning når vi reknar med alle dei ulike statlege og fylkeskommunale tilskota, og skulepengar. Om lag halvparten av desse midlane kjem i form av tilskot frå Kunnskapsdepartementet som fylkeskommunane forvaltar, medan ein tredel kjem i form av skulepengar. Resten er midlar frå fylkeskommunane, frå statlege tilskotsordningar, og direktetildelingar til nokre statlege fagskular.

Figur 5.1 Finansieringskjelder 2024
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.1

5.1 Statleg driftstilskot forvalta av fylkeskommunane

I 2024 vart i overkant av 1,4 milliardar kroner løyvd av Stortinget over Kunnskapsdepartementets budsjett til drift av høgare yrkesfagleg utdanning. Midlane forvaltast i hovudsak av fylkeskommunane, og fagskulane kan kvart år søke fylkeskommunane om tilskot til drift av utdanningstilboda. Om lag 58 millionar kroner av dette tilskotet er øyremerka ordninga Industrifagskulen og forvaltast av HK-dir. Det statlege tilskotet til drift er den største av finansieringskjeldene for fagskulane og utgjorde om lag halvparten av den samla finansieringa av sektoren i 2024.

Ein del av dei statlege driftsmidlane er øyremerka nokre spesifikke fagskular eller utdanningstilbod, i hovudsak fagskular som har tilbod i kreative fag og religion. Desse totalt 12 fagskulane fekk eit øyremerka tilskot etter vedtak i Stortinget i 2019. I 2024 fekk desse fagskulane i underkant av 80 millionar kroner. Samla hadde desse fagskulane i underkant av 600 studentar hausten 2024. Ni av desse tolv fagskulane har færre enn 50 studentar.

Ein del av det statlege tilskotet blir tildelt Industrifagskulen, som er ei ordning for finansiering av kortare studietilbod retta mot industri og bygg. Denne ordninga omfatta 42,5 millionar kroner i 2024. Utover midlane til Industrifagskulen og spesifikke private fagskular, var det i overkant av 1,3 milliard kroner av driftsmidlane over Kunnskapsdepartementets budsjett som vart forvalta av fylkeskommunane i 2024. I kapittel ‎5.6 ser vi nærare på heiltidsekvivalentar og studiepoengproduksjonen for offentleg finansierte og skulepengefinansierte tilbod. Sjå òg vedlegg Fylkesoversikter, med tal for kvart fylke.

5.2 Fylkeskommunane sine frie inntekter

Fylkeskommunane kan òg bruke av dei frie inntektene sine til fagskulane. Med frie inntekter meiner vi her overføringar frå Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett, som ikkje er øyremerka drift av fagskular. Fylkeskommunane tildelte totalt 169,6 millionar kroner frå dei frie inntektene til drift av fagskular i 2024, som vist i tabell 5.1. Dette er ein liten reduksjon i høve til åra før, men det er store skilnader i omfanget mellom dei ulike fylka.

Den største skilnaden ligg i kva fylkeskommunane rapporterer til DBH-HYU og ikkje. Nokre fylkeskommunar gir tilskot til eigen fagskule for at dei sjølv skal betale til dømes husleige, og rapporterer dette tilskotet til DBH-HYU. Andre fylkeskommunar gir gjerne indirekte tilskot til eigen fagskule i form av gratis husleige, HR- og IT-tenester og liknande, og rapporterer derfor ikkje noko til DBH-HYU. Tala på tilskot frå fylkeskommunane sine frie inntekter er derfor ikkje egna til å gjere samanlikningar på tvers av fylkeskommunar, men heller for å sjå utviklinga over tid for dei einskilde fylkeskommunane og i det totale beløpet som blir rapportert.

Tabell 5.1 Tilskot til fagskular frå fylka sine frie inntekter rapportert til DBH-HYU, 2024
Fylkeskommune
Rapportert tilskot frå fylka sine frie inntekter
Agder fylkeskommune
 11 785 000 
Akershus fylkeskommune
 5 073 000 
Buskerud fylkeskommune
 21 607 000 
Finnmark fylkeskommune
0
Innlandet fylkeskommune
0 
Møre og Romsdal fylkeskommune
 33 900 000 
Nordland fylkeskommune
 20 881 965 
Oslo fylkeskommune
 0 
Rogaland fylkeskommune
 668 000 
Telemark fylkeskommune
 0 
Troms fylkeskommune
 30 983 000 
Trøndelag fylkeskommune
 23 520 000 
Vestfold fylkeskommune
 0 
Vestland fylkeskommune
 21 213 000 
Totalsum
169 630 965
Merknad: Fylka har ulik praksis på korleis dei støttar eigen fagskule økonomisk med til dømes husleige og administrative tenester. Dette påverkar om og kva dei rapporterer til DBH-HYU. Tala er derfor ikkje egna til å samanlikne på tvers av fylka.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T5.1

Sjølv om det samla tilskotet i 2024 er nokon lunde på same nivå som i 2023 er det store endringar i dei ulike fylka. I to av fylka som vart splitta opp, Viken og Troms og Finnmark, var det ein samla reduksjon i tilskot frå frie inntekter på 37,7 millionar kronar. Samstundes var det ein auke i rapportert bruk av frie inntekter frå fire andre fylkeskommunar på til saman 40,4 millionar kronar. Det er særleg Agder, Møre og Romsdal, Nordland og Trøndelag som rapporterer betydeleg høgare bruk av frie inntekter i 2024, medan Rogaland har redusert tilskotet sitt frå nesten 6 millionar kronar i 2023 til 670 000 kroner.

5.3 Skulepengar

Skulepengar utgjorde om lag 845,5 millionar kroner i 2024. Med skulepengar meiner vi betaling for sjølve utdanningstilbodet, og ikkje semesteravgift, læremateriell, samskipnadsavgift eller liknande. Mesteparten av skulepengane, 829,1 millionar kroner, kom frå betaling for utdanningstilbod frå 30 studiepoeng og over. Knapt 16,5 millionar kroner kom frå betaling for kortare tilbod under 30 studiepoeng. I det vidare ser vi på desse gruppene kvar for seg i samsvar med korleis studentane blir talde i kapittel 3. For tilbod på 30 studiepoeng og over ser vi nærmare på studentar som betalte skulepengar hausten 2024. Betaling frå desse studentane utgjer om lag 429,8 millionar kroner av dei totalt 829,1 millionar kronene som blei betalt av denne gruppa studentar i løpet av heile 2024. For tilbod under 30 studiepoeng ser vi på tal for heile 2024.

Skulepengar på utdanningstilbod på 30 studiepoeng og over

Hausten 2024 var det totalt omlag 13 900 studentar som betalte skulepengar for utdanningstilbod frå og med 30 studiepoeng, ein auke på litt over 2 200 studentar. Det er særleg talet på studentar på delvis offentleg finansierte tilbod som aukar, med litt over 1 900 studentar (48 prosent) frå om lag 4 000 i 2023. Det er særleg utviklinga ved Fagskolen Rogaland som slår ut her. Der blei det frå skuleeigarsida avgjort at den fylkeskommunale fagskulen skulle ta skulepengar for utdanningstilboda.

Litt over 7 900 studentar gjekk på utdanningstilbod som var fullfinansiert av skulepengar eller andre eksterne tilskot. Dette er ein moderat auke på nesten 300 studentar frå 2023, og rundt 600 studentar frå 2022. Veksten kjem i hovudsak ved Gokstad Akademiet og NKI, men fleire andre fagskular har òg ein liten vekst. Samtidig har nokon fagskular, særleg Noroff med 220 færre studentar, hatt ein reduksjon i studenttalet som utliknar noko av veksten til dei andre.

Gjennomsnittleg betaling i haustsemesteret for desse 7 900 studentane på utdanningstilbod som er fullfinansiert av skulepengar var på 49 600 kroner i 2024.

Dei 6 000 studentane på utdanningstilbod frå og med 30 studiepoeng som er delvis offentleg finansierte, betalte i snitt 6 000 kroner. Det er store skifter frå år til år i grunnlaget for dei delvis offentleg finansierte tilboda. Til dømes gjekk Fagskolen Viken frå å ha relativt mange delvis offentleg finansierte studentar eitt år til ingen det neste året, som følgje av ein avgjerd om å innføre eit gratisprinsipp. I 2024 blei skulepengar innført for store delar av utdanningane ved Fagskulen Rogaland. Slike store skifter frå år til år medfører at talet på studentar i denne kategorien, og kva dei betalar, kan variere til dels mykje.

Samstundes har talet på studentar på utdanningar på 30 studiepoeng og over som ikkje betaler skulepengar, auka med færre enn 100 studentar sidan 2023. Det vil seie at veksten i den offentleg finansierte delen av sektoren dels har kome i tilbod under 30 studiepoeng, og dels i dei delvis offentleg finansierte tilboda. I tillegg har konkursen til AOF Norge, som tidlegare år hadde mellom 400 og 700 studentar på hausten, heilt klart gitt eit utslag her.

Skulepengar på studietilbod under 30 studiepoeng

Kortare studietilbod under 30 studiepoeng skil seg frå resten av tilboda ved at studentane oftare er meldt opp til fleire kortare tilbod i løpet av eit år. Totalt blei det betalt 16,5 millionar kroner i skulepengar på slike kortare studietilbod. Dei om lag 2 700 individa på slike kortare studietilbod i 2024 var til saman meldt opp til litt over 3 600 slike kortare studietilbod. Av desse var om lag 2 460 av oppmeldingane til fullstendig offentleg finansierte tilbod, 120 til delvis offentleg finansierte, og litt fleire enn 1 000 til tilbod fullfinansiert av skulepengar. Snittbetalinga for dei delvis offentleg finansierte tilboda var 4 500 kroner, medan tilbod som var fullfinansiert av skulepengar hadde ein snittbetaling på 15 400 kroner.

Tal frå Lånekassen på utbetalingar av stipend og lån tyder på at det meste av skulepengane på tilbod som er fullfinansiert av skulepengar, betalast av studenten sjølv (Meld. St. 11 (2024-2025), s. 124). Den største fagskulen på slike kortare, skulepengefinansierte studietilbod under 30 studiepoeng er NKI Fagskule som har nesten 660 studentar på tilbod mellom 5 og 15 studiepoeng. Totalt 6,9 millionar kroner av dei totalt 16,5 millionane som vart betalt i skulepengar for slike tilbod i 2024 kom frå NKI.

Det er òg enkelte døme på at arbeidsgivarar betaler for skulepengefinansierte tilbod. Til dømes finansierer Caverion ein utdanning på 20 studiepoeng for 55 studentar ved Fagskolen Innlandet i 2024. Totalt fem millionar kroner av dei totalt 16,9 millionar kronene som blei betalt i skulepengar for kortare studietilbod under 30 studiepoeng vart betalt av Caverion. Det finst fleire eksempel, men vi har ikkje data som skil mellom kva studentar og bedrifter betaler.

5.4 Dei statlege fagskulane

I 2024 var det fem statlege fagskular: Noregs grøne fagskule – Vea, Dykkarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet og Norsk fagskule for lokomotivførarar, Sjøforsvarets fagskule og Brann- og redningsskulen.

Dei to siste er dei nyaste statlege fagskulane. Sjøforsvarets fagskule er førebels organisert som ei forsøksordning knytt til Forsvarets fag- og funksjonsutdanning, og hadde berre åtte studentar hausten 2024. Fagskulen vert finansiert av Forsvarsdepartementet, men det er ikkje spesifisert kor mykje midlar som går til drifta av fagskulen. Brann- og redningsskulen vert finansiert over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet med totalt 140 millionar kroner til drift av fagskulen i 2024.

Dei tre resterande statlege fagskulane, Vea, dykkarutdanninga og lokførarskulen, fekk totalt 146,6 millionar kroner i 2024. Norsk fagskule for lokomotivførarar vert finansiert over budsjettet til Samferdselsdepartementet, og fekk om lag 84 millionar av desse pengane. Noregs grøne fagskule – Vea fekk om lag 35 millionar, medan Dykkarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet fekk 27,3 millionar kroner, begge finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

5.5 Ulike statlege prosjektmidlar

Kvart år vert det lyst ut midlar til ulike prosjekt i høgare yrkesfagleg utdanning. I 2024 vart det tildelt 115 millionar kroner til fagskular gjennom ulike prosjektbaserte ordningar. Tabell 5.2 gir eit overblikk over kva slags ordningar som inngår i dette talet.

Tabell 5.2 Statlege prosjektmidlar tildelte i 2024
Prosjektmidlar
Tilskot
Kort omtale
Utviklingsmidlar for
høgare yrkesfagleg
utdanning 
86 millionar
kroner
Tildeling til 63 prosjekt
ved 21 fagskular.
Fagskulane fekk midlar til å
1) utvikle nye utdanningar i
samarbeid med arbeidslivet,
2) få på plass nødvendig utstyr
for å kunne tilby utdanningar som
gir kompetanse og ferdigheiter
som arbeidslivet treng,
3) utforske og ta i bruk digital
teknologi i læring og
undervisning for slik å
auke læringsutbytet til
studentane, og
4) tilby kompetanseheving for
lærarar for å sikre
undervisning av høg kvalitet. 
Treparts bransjeprogram
for kompetanse 
21,9 millionar
kroner
Ordninga dekker fleire ulike
bransjar, og ulike utdanningsnivå.
For fagskulesektoren handlar
det om korte, fleksible
utdanningstilbod inntil
30 studiepoeng.
Erasmus +
12,2 millionar
kroner
Tilskot frå EU sitt utdanningsprogram
til internasjonale samarbeidsprosjekt
og mobilitet for mellom anna
tilsette og studentar.
Senter for framifrå
høgare yrkesfagleg
utdanning 
6 millionar
kroner
Senter for framifrå høgare
yrkesfagleg utdanning er
ei forsøksordning etablert
i 2022. To sentre vart tildelt
ein slik senterstatus, og tolv
millionar kroner kvar fordelt på
fire år. Formålet med sentra er
at dei skal vere spydspissar i
sektoren, og bidra til
kvalitetsutvikling.
Tilskot til oppvekstutdanningar
frå Utdanningsdirektoratet
3,1 millionar
kroner
Udir ga tilskot til
utdanningstilbod i
oppvekstfag ved ein
fagskule.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T5.2

5.6 Heiltidsekvivalentar og studiepoengproduksjon etter finansieringskjelder

I starten av kapittel ‎5 er det greia ut om dei ulike finansieringskjeldene og volumet av desse i kroner. I dette avsnittet skal vi sjå nærare på utviklinga over tid med fokus på endringar i omfang i heiltidsekvivalentar og på utvalde variablar som utdanningsform, andel av heiltid og opptaksgrunnlag. Samla sett er utgjer dei 34 000 studentane 21 215 heiltidsekvivalentar, det vil seie tilsvarande studentar på fulltids studiar.

Alle utdanningstilbod er anten heilt offentleg finansiert, delvis offentleg finansiert, eller fullfinansiert av skulepengar eller andre eksterne tilskot. Av totalt 21 215 heiltidsekvivalentar var 53 prosent, om lag 11 200 heiltidsekvivalentar, på utdanningstilbod som var fullstendig offentleg finansiert i 2024. Tilsvarande var 18 prosent, eller 3 760 heiltidsekvivalentar, på tilbod som var delvis offentleg finansiert. Totalt er altså 71 prosent av alle heiltidsekvivalentar i sektoren knytt til heilt eller delvis offentleg finansiert utdanningstilbod, medan 29 prosent, 6 230 heiltidsekvivalentar, finst ved tilbod som er fullfinansiert av skulepengar eller andre eksterne tilskot. Dei aller fleste heiltidsekvivalentane på skulepengefinansierte tilbod finst i den private delen av sektoren, medan heiltidsekvivalentane på dei heilt og delvis offentlege finansierte utdanningstilboda er fordelt med 63 prosent i offentlege og 37 prosent i private fagskular.

Den relative fordelinga av heiltidsekvivalentar på utdanningar med dei ulike finansieringskjeldene har vore nokså jamn sidan 2017, men ein liten dreiing i retning av stadig større del heiltidsekvivalentar knytt til tilbod som er delvis offentleg finansiert, og litt mindre del heiltidsekvivalentar på tilbod som er finansiert av skulepengar eller heilt offentleg finansiert.

Totalt har talet på heiltidsekvivalentar auka med 86 prosent sidan 2017, mykje på grunn av auka statleg tilskot til fagskulane. Dei fullstendig offentleg finansierte utdanningstilboda har auka ned 4 800 (75 prosent) heiltidsekvivalentar, mens dei delvis offentleg finansierte utdanningstilboda har auka med 2 350 (167 prosent) heiltidsekvivalentar. Dei skulepengefinansierte utdanningstilboda har auka med nesten 2 700 heiltidsekvivalentar, og har ein like stor relativ vekst som dei fullstendig offentleg finansierte tilboda på 75 prosent.

Figur 5.2 Tal på heiltidsekvivalentar etter finansieringsform per år. 2017–2024.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.2

I fortsettinga av denne analysen deler vi finansieringskjeldene opp i to kategoriar:

  • Heilt og delvis offentleg finansiert omfattar utdanningstilbod som er fullfinansiert og delfinansiert av offentlege midlar.
  • Skulepengefinansierte omfattar utdanningstilbod som er fullfinansiert av skulepengar eller andre ikkje-offentlege tilskot.

Den offentleg finansierte høgare yrkesfaglege utdanninga

Talet på heiltidsekvivalentar i utdanningar som er heilt og delvis offentleg finansierte har auka med til saman 91 prosent, frå 7 827 til nesten 14 995, sidan 2017. Desse finn vi som sagt i både offentleg og privat sektor fordelt på alle fagområde. Det er dei tekniske faga som har desidert størst andel av dei offentleg finansierte heiltidsekvivalentane. Det er òg dette fagområdet som har lengst tradisjonar for fagskuleutdanning.

Figur ‎5.3 viser korleis veksten i talet på heiltidsekvivalentar i dei offentleg finansierte utdanningane endrar seg frå 2017 til 2024 i dei ulike fagområda. Det er særleg utdanningar i tekniske fag og helse- og velferdsfaga som har fått ein stor vekst i heiltidsekvivalentar sidan 2017. I Økonomi- og administrasjonsfaga har det òg vert ein stor auke, men frå eit svært lågt nivå.

I dei tekniske faga er det spesielt data/IT-faga som har vakse mykje med offentleg finansiering. Meir enn kvar tredje nye heiltidsekvivalent i dei offentleg finansierte tekniske faga finn vi på utdanningstilbod i data/IT-fag. I tillegg har det vore ein god vekst i utdanningar i både bygg- og anlegg, industri/kjemi og elektro/energi, sjå vedlegg V27.

I helse- og velferdsfaga er det oppvekstutdanningar som har hatt den største veksten i både reelle (1 108) og relative tal (474 prosent), men rett nok frå eit lågt nivå. I helseutdanningar har talet på heiltidsekvivalentar auka med 64 prosent til nesten 2 500 heiltidsekvivalentar i 2024.

I økonomi- og administrasjonsfaga er det særleg leiarutdanningar som aukar frå 50 heiltidsekvivalentar i 2017 til 880 i 2024. I tillegg kjem kontorfag og marknadsføring med ein vekst på over 200 heiltidsekvivalentar kvar.

Figur 5.3 Heiltidsekvivalentar per fagområde i 2017 og 2024, heilt og delvis offentleg finansiert
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.3

Vekst gjennom nye studieplassar

Av den samla veksten på 9 825 heiltidsekvivalentar sidan 2017 (sjå figur 5.2 over) har 73 prosent (7 157) kome som følgje av auka tilskot. Frå 2017 til 2024 auka dette tilskotet frå om lag 785 millionar kroner omrekna til 2024-kroner, til 1,4 milliardar kroner i 2024, ein realvekst på 78 prosent.

I perioden 2018-2024 har Stortinget løyvd midlar til 3 238 nye, toårige studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning; 638 plassar i 2018, 1 600 i 2020, 500 i 2023 og 500 plassar i 2024. I tillegg kom det 498 eittårige studieplassar til ordninga Industrifagskulen i 2021. Totalt har det i desse åra kome 3 736 nye studieplassar, sjå figur 5.4. Dei toårige studieplassane inngår i driftsmidlane som fylkeskommunane forvaltar, medan dei eittårige studieplassane er øyremerka ordninga Industrifagskulen som HK-dir forvaltar.

Figur 5.4 Nye studieplassar 2018–2024
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.4

Toårige studieplassar betyr i denne samanhengen at tilskotet til fylkeskommunane vert berekna med utgangspunkt i at det skal vere økonomisk grunnlag for å starte eit kull med studentar på eit toårig utdanningstilbod haustsemesteret (som då vert finansiert i to år), og i tillegg eit nytt kull hausten etter (som òg vert finansiert for toårig utdanning). Sjølv om ein studieplass vert finansiert som ein fulltids toårig studieplass, blir tilskotet i stor grad brukt til å finansiere fleire studentar på deltidstilbod og kortare tilbod, noko som betyr at talet på studentar aukar meir enn talet på nye studieplassar.

For å analysere effekten av dei nye studieplassane vil vi sjå på samanhengen mellom kor mange heiltidsekvivalentar dei nye studieplassane reknast som, og utviklinga i det faktiske talet på heiltidsekvivalentar i utdanningstilboda som er heilt eller delvis offentleg finansiert. Figur 5.5 viser den forventa auken i heiltidsekvivalentar som følgje av nye studieplassar (blå linje) og den reelle auken ved fagskulane (raud linje). Tala viser at fagskulane aukar studiekapasiteten og klarer å rekruttere nye studentar heilt i tråd med den forventa veksten.

Figur 5.5 Forventa og faktisk vekst i heiltidsekvivalentar i utdanningstilbod finansierte av driftstilskotet frå Kunnskapsdepartementet og fylka sine frie inntekter, 2017–2024
Merknad: Tala viser utviklinga i rapporterte heiltidsekvivalentar for utdanningstilbod finansiert med tilskot frå kapittel 240 post 60 i statsbudsjettet, det vil seie dei ordinære driftsmidlane forvalta av fylkeskommunane samt tilskot til Industrifagskulen som blir forvalta av HK-dir og tilskot frå fylka sine frie inntekter.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.5

Utviklinga viser at fagskulane klarer å auke kapasiteten og rekrutteringa i takt med satsinga på auka tilskot til drift. Den forventa veksten er knytt til talet på studieplassar slik dei er definert og finansiert over Kunnskapsdepartementets årlege budsjett. Auken i tilskotet kan brukast til å finansiere utdanningar som er både dyrare og billegare enn det Kunnskapsdepartementet legg til grunn i satsen for studieplassar. Det er opp til fylkeskommunane å definere ein sats for studieplassar for dei ulike utdanningstilboda. Det er derfor ikkje gitt at den forventa auken i heiltidsekvivalentar samsvarer med korleis fylkeskommunane forvaltar tilskotet.

Til grunn for utviklinga i heiltidsekvivalentar ligg òg tilskotet frå fylkeskommunane sine frie inntekter som omtala i avsnitt 5.1.2. Dette kjem ikkje fram av figuren over. I same periode som staten har fasa inn dei om lag 3 700 studieplassane, har tilskotet frå dei fylkeskommunale frie inntektene auka med 65 millionar kroner, eit beløp som svarar til om lag 600 heiltidsekvivalentar med satsen KD la til grunn for studieplassane i 2024. Fagskulane har vist til kor avhengige dei er av dei fylkeskommunale frie inntektene når dei hevdar at den statlege satsen for nye studieplassar er for låg, og studieplassane ikkje er å rekne som fullfinansiert frå statens side (Deloitte, 2022). Utan det auka tilskotet frå dei fylkeskommunale frie inntektene i same periode ville ikkje samsvaret mellom forventa og faktisk vekst i heiltidsekvivalentane vore så tett kopla som figur 5.5 viser.

Offentleg finansierte utdanningar er stort sett på deltid

For å svare på behovet arbeidslivet har for kompetanse må høgare yrkesfagleg utdanning vere tilpassa personar i ulike livsfasar og arbeidstilhøve. Difor må utdanningane vere kjenneteikna av høg grad av fleksibilitet. Dei offentlege midlane finansierer mest deltidsutdanningar og 69 prosent av heiltidsekvivalentane på offentleg finansierte utdanningstilbod er knytt til deltidsutdanningar, mens 31 prosent er på heiltidsutdanningar, sjå vedlegg V29.

Frå stadbasert til samlingar og nett på offentleg finansierte utdanningar

I dei offentleg finansierte utdanningstilboda har det skjedd store endringar i den relative fordelinga av heiltidsekvivalentar mellom stad, nett- og samlingsbaserte utdanningar berre dei siste sju åra. Delen heiltidsekvivalentar knytt til offentleg finansierte utdanningar som er stadbaserte har gått ned frå 68 prosent i 2017 til 37 prosent i 2024, sjå vedlegg V28. Endringa skyldast ikkje færre heiltidsekvivalentar knytt til stadbaserte tilbod, men at veksten har kome i dei andre utdanningsformane. Dei samlingsbaserte tilboda har auka sin del av heiltidsekvivalentane frå 25 prosent i 2017 til 49 prosent i 2024, ein auke på over 5 300 heiltidsekvivalentar. Dei nettbaserte tilboda hadde seks prosent av heiltidsekvivalentane på offentleg finansierte tilbod i 2017, mot 14 prosent i 2024. Denne utviklinga heng naturleg nok saman med moglegheitene som ny teknologi har gitt. Samstundes har det vore eit høgt fokus på livslang læring, og både frå politisk hald og frå arbeidslivet har det vore eit fokus på behovet for utdanningsmoglegheiter for vaksne folk som står i arbeid fordi arbeidskvardagen endrar seg og krev ny og endra kompetanse. Dette kan vi anta har styrt tilboda i retning meir fleksible utdanningsformar.

Yrkesfagleg kompetanse som opptak til offentleg finansiert utdanning

Det er yrkesfagleg kompetanse som er det viktigaste opptaksgrunnlaget for dei offentleg finansierte studieplassane, og studentane som vart tatt opp på grunnlag av yrkesfagleg kompetanse står for heile 70 prosent av heiltidsekvivalentane i 2024. Studentar som vart tatt opp på grunnlag av realkompetansevurdering står for 17 prosent av heiltidsekvivalentane, medan studentar med generell studiekompetanse som opptaksgrunnlag svarar til 9 prosent av heiltidsekvivalentane. I høve til 2019 har den relative delen heiltidsekvivalentar med generell studiekompetanse og yrkesfagleg kompetanse gått ned, og delen med realkompetansevurdering gått tilsvarande opp. Sjå kapittel 3.6 for meir om utviklinga i opptaksgrunnlag.

Auka studiepoengproduksjon med nye studieplassar

Det er ikkje berre i talet på heiltidsekvivalentar at dei nye studieplassane har gitt effekt. Figur 5 viser den forventa utviklinga i produserte 60-studiepoengeiningar (SPE), gitt at alle heiltidsekvivalentane faktisk tar totalt 60 studiepoeng kvart år (blå linje). Den raude linja viser den faktiske utviklinga i avlagde studiepoengeiningar i offentleg finansierte utdanningar. Den forventa utviklinga i SPE samvarierer med den forventa utviklinga i heiltidsekvivalentar vist i figur 5.5 over, men ligg eitt år bak i utviklinga. Dette heng saman med at det tar minst eitt år frå studentar blir rapportert og talt som heiltidsekvivalentar, til dei har avlagt eksamenar og resultata rapportert til DBH-HYU.

Gitt at auken i heiltidsekvivalentar samsvarer med auken i nye studieplassar, kan ein òg vente at produksjonen av studiepoeng aukar tilsvarande, gitt at fagskulane får studentane til å fullføre utdanningane.

Figur 5.6 Studiepoengeiningar i offentleg finansierte utdanningstilbod, 2017-2024
Merknad: Offentleg finansierte utdanningar med unntak av dei statlege fagskulane som får tilskot direkte over statsbudsjettet.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.6

Tala i figur 5.6 viser at utviklinga i studiepoengeiningar ved fagskulane aukar jamt, og heilt i tråd med dei auka forventningane som følgjer av nye studieplassar. Det betyr at fagskulane ikkje berre klarer å auke rekrutteringa i tråd med forventningane, men at dei òg klarer å få dei fleste til å følgje forventa progresjon i utdanninga. I 2017 vart det produsert rett i underkant av 6 100 SPE i dei offentleg finansierte fagskuleutdanningane. I 2024 vart det avlagt i overkant av 10 800 SPE ved offentleg finansierte utdanningar. Det er om lag 4 700 fleire SPE enn i 2017, ein auke på 77 prosent. Tala tydar altså framleis på at utviklinga i den offentleg finansierte delen av sektoren er i tråd med den finansielle utviklinga, noko samvariasjonen mellom dei to linjene tydeleg viser.

Nivået på SPE ligg likevel noko lågare enn forventa. Det «manglar» kring 750 SPE (13 prosent) i høve til venta vekst på 5 474 sidan 2017. Dette kan skuldast fleire ting, mellom anna forseinkingar knytt til implementering av studieplassar, lite bruk av «overbooking» for å ta høgde for naturleg fråfall, utfordringar med å rekruttere studentar, eller at utdanningane kostar meir enn det som vert lagt til grunn når ein set forventningar til eit visst antal SPE. I figur 5.5 over så vi at fagskulane i 2024 for første gong hadde fleire heiltidsekvivalentar enn forventa, noko som kan tolkast som at dei i større grad enn tidlegare «overbooker» studentar og på den måten tar høgde for noko naturleg fråfall. Dette kan på sikt gje resultat i form av endå høgare andel produserte SPE i høve til forventa.

Fullføring i dei offentleg finansierte utdanningstilboda

I kapittel ‎3.8 omtalar vi den faktiske studiepoengproduksjon i høve til dei forventa avlagde studiepoenga for alle studentane. Der forklarar vi òg korfor vi omtalar fullføring som produserte studiepoengeiningar som del av kva som var forventa, basert på oppmeldingar. I dette kapitelet ser vi berre på dei offentleg finansierte utdanningstilboda.

Vi ser av tabell 5.3 at med unntak av studieåret 20-21, så vart over 80 prosent av alle forventa studiepoengeiningar på offentleg finansierte utdanningar avlagde kvart studieår tilbake til 2017. Andelen faktisk produserte studiepoeng i høve til forventa på dei offentleg finansierte utdanningane ligg gjennomgåande eit par prosentpoeng høgare enn for sektoren samla sett.

Tabell 5.3 Forventa og produserte studiepoengeiningar, studieåra 2017/18-2023/24, offentleg finansierte tilbod
Studieår
Forventa
studiepoengeiningar
Produserte
studiepoengeiningar
Andel av
forventa
Studieåret
17-18
14 987
13 242
88%
Studieåret
18-19
15 470
13 170
85%
Studieåret
19-20
16 874
14 336
85%
Studieåret
20-21
21 016
16 305
78%
Studieåret
21-22
23 154
18 760
81%
Studieåret
22-23
23 927
19 964
83%
Studieåret
23-24
26 910
22 005
82%
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T5.3

Den skulepengefinansierte høgare yrkesfaglege utdanninga

Samla sett har talet på heiltidsekvivalentar i den skulepengefinansierte delen av sektoren auka med 75 prosent mellom 2017 og 2024, frå 3 563 til 6 230 heiltidsekvivalentar.

Figur 5.7 viser fordelinga av heiltidsekvivalentar på skulepengefinansierte utdanningstilbod i 2017 og 2024. I 2017 var det i hovudsak kreative utdanningar og økonomi- og administrasjonsfag som var skulepengefinansiert. I tillegg var det nokon heiltidsekvivalentar knytt til samferdselfag (luftfart) og tekniske fag, men i relativt lite omfang.

Figur 5.7 Heiltidsekvivalentar per fagområde i 2017 og 2024, skulepengefinansiert
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.7

I dei tekniske faga er det i all hovudsak data/IT-fag som står for utviklinga med ein auke på nesten 348 prosent (1 833) frå 2017 til 2024, til totalt 2 359 heiltidsekvivalentar. Det er i all hovudsak Noroff som står for denne utviklinga i dei skulepengefinansierte tekniske faga.

Dei skulepengefinansierte kreative utdanningstilboda har hatt ein nedgang i heiltidsekvivalentar på åtte prosent sidan 2017, frå 1 643 til 1 514 heiltidsekvivalentar. Denne utviklinga må sjåast i samband med at det samstundes har vore ein vekst i offentleg finansiering av kreative utdanningar på litt over 170 heiltidsekvivalentar. Her ser vi truleg eit utslag av at enkelte utdanningar går frå å vere skulepengefinansierte til å bli offentleg finansierte.

I dei skulepengefinansierte økonomi- og administrasjonsfaga har det vore ein auke i heiltidsekvivalentar på 103 prosent, til 1 719 heiltidsekvivalentar, parallelt med auken i dei offentleg finansierte tilboda. I den skulepengefinansierte delen av økonomi- og administrasjonsfaga er det marknadsføring og lønn og rekneskap som aukar mest frå 2017. Ein tydeleg skilnad frå dei offentleg finansierte utdanningane er at det er generell studiekompetanse som er det viktigaste opptaksgrunnlaget for dei skulepengefinansierte utdanningane i økonomi- og administrasjonsfaga. Heile 47 prosent av alle heiltidsekvivalentane her er knytt til generell studiekompetanse som opptaksgrunnlag, mens 35 prosent er knytt til realkompetanse og 15 prosent til yrkesfagleg kompetanse. Det kan derfor sjå ut som om dei skulepengefinansierte tilboda i dette fagområdet i stor grad rekrutterer ein litt anna målgruppe enn dei offentleg finansierte tilboda.

Heiltidsekvivalentar i skulepengefinansierte samferdselsfag gjeld berre luftfartsutdanningar. Heiltidsekvivalentar her har auka med 54 prosent, frå 271 til 416.

Skulepengefinansierte utdanningar er i hovudsak heiltidsutdanningar

Heile 70 prosent (4 388) av heiltidsekvivalentane i den skulepengefinansierte delen av fagskulesektoren er knytt til heiltidsutdanningar. Dette er ein nedgang på seks prosentpoeng sidan 2017, noko som betyr at andelen deltidsutdanningar har auka noko i same periode. I 2024 utgjer deltidsutdanningar 30 prosent (1 842) av dei skulepengefinansierte heiltidsekvivalentane. Dei fleste som betaler for utdanninga si får truleg lån til skulepengane gjennom Lånekassen (Meld. St. 11 (2024-2025)), sjå vedlegg V29.

Nettbaserte utdanningar dominerer skulepengefinansierte tilbod

Nettbasert undervisning er den viktigaste utdanningsforma i denne delen av sektoren med 63 prosent av heiltidsekvivalentane. Ein relativt høg andel av desse er òg heiltidsutdanningar. Dette er særleg vanleg i data/IT-fag. Berre tre prosent av heiltidsekvivalentane er knytt til samlingsbaserte tilbod.

Dei skulepengefinansierte stadbaserte utdanningstilboda har 35 prosent av heiltidsekvivalentane. Her har det skjedd ei stor endring sidan 2017 då heile 70 prosent av alle heiltidsekvivalentane på skulepengefinansierte tilbod var knytt til stadbaserte utdanningar. Denne utviklinga må sjåast dels som eit resultat av den teknologisk utviklinga vi har sett, og at fagskulane som leverer skulepengefinansierte utdanningar har vore gode på å ta i bruk denne teknologien. Utviklinga er truleg òg eit resultat av typen tilbod som har vore tilbydd mot skulepengar. Det er i høg grad data/IT-fag som omtala over. I tillegg er det openbart at det er tilbod som ikkje krev tilgang på fysisk infrastruktur som laboratorium, simulatorar og liknande, slik som er tilfelle i mange andre utdanningar, sjå vedlegg V28.

Generell studiekompetanse er det viktigaste opptaksgrunnlaget

I den skulepengefinansierte delen av høgare yrkesfagleg utdanning er det generell studiekompetanse som er det viktigaste opptaksgrunnlaget, og 56 prosent av alle heiltidsekvivalentar er knytt til dette opptaksgrunnlaget. Samstundes er heile 29 prosent av heiltidsekvivalentane knytt til realkompetansevurdering som opptaksgrunnlag, medan 12 prosent er knytt til yrkesfagleg kompetanse. Se kapittel ‎3.6 for meir om realkompetansevurdering som opptaksgrunnlag, og utfordringane med å vite kva tala seier oss.

Fullføring i dei skulepengefinansierte tilboda

På dei utdanningane som er finansiert av skulepengar, har produserte studiepoengeiningar som del av forventa, variert mellom 74 og 82 prosent i perioden 2017–2024. Andel produserte SPE av forventa var lågast i studieåret 2017-2018. Frå 2020 til 2023 har andelen vore på sitt høgaste, mellom 80-82 prosent. I 2024 vart 76 prosent av forventa studiepoeng produsert.

Svingingane i fullføring i den skulepengefinansierte delen av sektoren er noko ulik frå den offentleg finansierte. Han svingar meir, og ligg på eit litt lågare nivå. Det kan, som vi tidlegare har nemnt, henge saman med både fagområda som vert tilbydt, og undervisningsform. Det er til dømes høgare andel produserte SPE i dei tekniske faga (79 prosent) enn i økonomi- og administrasjonsfaga (66 prosent) og fagområdet anna (60 prosent).

Tabell 5.4 Forventa og produserte studiepoengeiningar, studieåra 2017/18-2023/24, skulepengefinansierte tilbod
Studieår
Forventa
studiepoengeiningar
Produserte
studiepoengeiningar
Andel av
forventa
Studieåret
17-18
7 078
5 214
74%
Studieåret
18-19
7 814
6 428
82%
Studieåret
19-20
8 766
6 739
77%
Studieåret
20-21
10 331
8 477
82%
Studieåret
21-22
11 584
9 285
80%
Studieåret
22-23
11 795
9 507
81%
Studieåret
23-24
12 330
9 397
76%
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T5.4

Tala som er oppgitt i rapporten er basert på budsjettvedtak av statlege tilskot, og vedtak om tildelingar i ulike tilskotsordningar. Tala på skulepengar og fylkeskommunale frie inntekter er basert på innrapporteringar til DBH-HYU frå høvesvis fagskular og fylkeskommunar. Nokre fylkeskommunar gir indirekte tilskot til fagskular i form av gratis husleige og diverse tenester som ikkje blir rapportert til DBH-HYU, og derfor ikkje rekna med her.

Så vidt vi veit er desse endringane reelle endringar i tilskot, og ikkje berre endra rapporteringspraksis hos fylka.

Dette snittet inkluderer luftfartsfaga som er særleg dyre og trekker snittet opp. Utan luftfartsfaga, som omfattar om lag 416 studentar, er snittbetalinga for dei resterande 7 500 studentane 37 000 kroner.

Dette talet er ikkje direkte samanliknbart med tala oppgitt for denne fagskulen tidlegare år. I talet for i år er det inkludert fleire typar utgifter som tidlegare ikkje var tald med. Talet er derfor om lag fire millionar kroner høgare enn for tidlegare år.

Dei delvis offentleg finansierte utdanningane er inkludert i denne kategorien fordi tilboda i all hovudsak har ein relativt liten andel skulepengar i høve til den offentlege finansieringa.

Omrekna frå 619 millionar 2017-kroner til 2024-kroner på grunnlag av konsumprisindeksen i SSB sin priskalkulator.

I 2025 kom tilskot til ytterlegare 1 000 nye studieplassar, 900 toårige og 100 eittårige. Desse er ikkje med i oversikta sidan rapporten berre omhandlar utviklinga i sektoren til og med 2024.

Ekskludert dei statlege utdanningstilboda som får tilskot utanom fylkeskommunane.