Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2025
Vedlegg: Fylkesoversikter - statistikk og omtale av dei einskilde fylka.
I dette vedlegget presenterer vi eit utval av statistikk om høgare yrkesfagleg utdanning i kvar enkelt fylkeskommune. Tala omfattar mellom anna studenttal, heiltidsekvivalentar, type utdanningar, tilskot og studiepoengproduksjon. Utvalet av statistikk er meint å gi eit overordna bilde av utviklinga i sektoren frå 2019 til 2024 i kvart enkelt fylke. Det blir òg gitt korte kommentarar til utviklingstrekk, men ikkje inngåande analyser. Tala som presenterast er meint å gje fylkeskommunane, fagskulane og andre interessentar i dei ulike regionane eit innblikk i kva statistikk som finst, og korleis den kan brukast i det kompetansepolitiske arbeidet og forvaltninga av høgare yrkesfagleg utdanning.
Vedlegget kan bli lasta ned frå: (lenke kjem)