TESTDATA

TESTDATA

TESTDATA

Hopp til hovudinnhald
Framsida av rapporten

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2025

2. Metode og datagrunnlag

Datakjelder

Data til tilstandsrapporten er i hovudsak henta frå fagskulestatistikken i Database for statistikk om høgare utdanning (DBH-HYU) som er drifta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Tala er innrapporterte frå fagskular og fylkeskommunar til DBH-HYU, og speglar sektoren i tal frå 2024.

Vi har òg brukt tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for å kople studentar til bustadfylke og studiefylke.

Teljing av studentar

Aktive studentar på utdanningstilbod på 30 studiepoeng og over vert talde 1. oktober, og rapporterte inn til DBH-HYU 15. oktober. Dersom ein student er registrert på fleire utdanningstilbod, vert studenten talt fleire gongar. Talet på studentar er derfor noko høgare enn talet på individ i sektoren, som er måten SSB tel studentar.

For studentar på kortare studietilbod under 30 studiepoeng er det tre rapporteringar i løpet av året, der fagskulane kan rapportere talet på studentar som er aktive mellom teljetidspunkta. Studentar på studietilbod under 30 studiepoeng kan vere meldt opp til fleire kortare studietilbod både vår, sommar og haust. Sidan det er meir vanleg at ein student er registrert på fleire tilbod ved same studiestad innanfor eit semester, vel vi å telje desse som unike individ frå heile året.

Studenttalet for 2024 (34 000) er derfor ein kombinasjon av aktive studentar på utdanningstilbod på 30 studiepoeng og over på teljetidspunktet 1. oktober, og studentar (individ) på studietilbod under 30 studiepoeng frå heile året.

I tabell ‎3.3 fokuserer vi på utviklinga av kortare studietilbod under 30 studiepoeng i dei ulike fagområda. I den tabellen tel vi alle oppmeldingar, og nokre studentar er derfor talde fleire gonger i den tabellen.

Nokre av studentane som Vea rapporterte inn til DBH-HYU for 2023 vart på grunn av ein feil ikkje overført til databasen. Det gjeld totalt 271 studentar som fordeler seg på vår og haust 2023. For hausten 2023, inkludert studentar (individ) på kortare tilbod haust og vår, blir det 119 fleire studentar. DBH-HYU er no oppdatert, og tala for 2023 er derfor høgare i denne tilstandsrapporten enn førre.

Kategori uoppgitt er fjerna i dei ulike figurane og tabellane, men er tilgjengeleg i vedlegg.

Skulepengar

På grunn av feilrapportering av skulepengar frå enkelte fagskular, har vi nokre stader brukt utrekna tal i staden for rapporterte tal. Skulepengar er utrekna med utgangspunkt i rapportert studentbetaling per student per semester for tilbod på 30 studiepoeng eller meir.

Det er gjort ei korrigering i tilfelle der utdanningstilbodet varer meir enn eitt semester, og der studentbetalinga per semester er lik eller høgare enn den rapporterte betalinga for heile utdanningstilbodet, eller lik eller lågare enn 100 kroner per semester. I slike tilfelle er studentbetalinga utrekna ved å dele den rapporterte betalinga for heile utdanningstilbodet på talet på semester. For kortare tilbod under 30 studiepoeng tek vi utgangspunkt i studentbetaling for heile tilbodet når vi reknar ut totalbeløpet.

Gjennom arbeidet med tilstandsrapporten jobbar vi vidare med tala som vart innrapporterte frå fagskulane, og oppdagar då nokre feil og manglar. På generelt grunnlag ser vi at det ligg eit potensiale for betre datakvalitet. Dette fordrar at fagskulane styrker kvalitetssikringa si av tala dei rapporterer, slik at det blir færre og mindre feil i tala i DBH-HYU.

Gradar

Når vi omtalar utdanningar av ulikt omfang, nytter vi følgjande inndelingar:

  • Høgare fagskulegrad (120–180 studiepoeng)
  • Fagskulegrad (60–119 studiepoeng)
  • Korte utdanningstilbod (30–59 studiepoeng)
  • Kortare studietilbod (<30 studiepoeng)

Felles klassifiseringssystem for fagskulestudentar

Vi nyttar felles klassifiseringssystem for fagskulestudentar ved inndeling i fagområde og utdanningstype. I figurar der fagområda er inkludert, har vi ekskludert kategorien uoppgitt fagområde.

Tabell 2.1 FKF- Felles klassifiseringssystem for fagskuleutdanningar
Utdanningskategori
Utdanningstype
Kreative fag (kreativ)
Visuell kunst
Musikk, dans og drama
Film og foto
Design
Interiør
Mote
Anna
ØkAdm-fag (ØkAdm)
Leiing
Kontor
Lønn og rekneskap
Marknadsføring
Reiseliv
Anna
Tekniske fag (teknisk)
Bygg og anlegg
Elektro/energi
Industri/kjemi
Petroleum
Data-IT
Modellering
Anna
Helse- og velferdsfag (helse og velferd)
Helse
Oppvekst
Anna
Samferdselsfag (samferdsel)
Jernbane
Luftfart
Maritim-Dekk
Maritim-Maskin
Anna
Anna
Grøne fag
Mat og drikke
Religion
Skjønnheitspleie
Anna
Kjelde: NOKUT Vedlegg: T2.1