Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2025
3. Studentane
Den gjennomsnittlege studenten i høgare yrkesfagleg utdanning skil seg frå det tradisjonelle bilete av ein fulltidsstudent. Dei fleste fagskulestudentane er over 30 år, er deltidsstudent ved ei nett- og samlingsbasert utdanning, og har ein yrkesfagleg kompetanse i botn. Dei er i stor grad vaksne arbeidstakarar med lang arbeidserfaring, og er ofte i ein livssituasjon som ikkje let seg kombinere med utdanning på heiltid. Fagskulestudenten er difor avhengig av utdanningar som er fleksible og tilpassa det å stå i arbeid. Men biletet er sjølvsagt meir samansett, og i dette kapitelet går vi nærare inn på dei ulike kjenneteikna til studentane i høgare yrkesfagleg utdanning.
For å få eit utfyllande bilete av utviklinga i høgare yrkesfagleg utdanning må vi sjå talet på studentar og talet på heiltidsekvivalentar (HTE) i samanheng. Ein heiltidsekvivalent vil seie ein student som er meldt opp til eit utdanningstilbod på totalt 60 studiepoeng per år, altså ein fulltidsstudent. Fordi det er mange deltidsstudentar i høgare yrkesfagleg utdanning, og stadig fleire som tek kortare utdanningar på færre en 30 studiepoeng totalt, blir det fleire studentar per heiltidsekvivalent. Til dømes vil to studentar som tek eit eittårig tilbod på deltid med 50 prosent til saman utgjere ein heiltidsekvivalent.
3.1 Studentar og heiltidsekvivalentar
Satsinga på fagskulane gir utteljing
Den store satsinga på fagskulane dei siste sju åra gir framleis utteljing mellom anna i talet på studentar. I 2024 tel vi like over 34 000 studentar i høgare yrkesfagleg utdanning. Det er ein auke på åtte prosent, eller 2 500 studentar frå 2023. I fjor kunne vi melde at studenttalet hadde dobla seg sidan 2017, hausten 2024 ser vi ein vekst på 117 prosent frå 2017. Veksten kjem i både dei offentleg finansierte og dei skulepengefinansierte utdanningane, men det er klart størst vekst som følgje av auken i offentleg finansiering med over 2 100 fleire studentar, ein auke på 9 prosent frå 2023. Veksten i den skulepengefinansierte delen av sektoren var på 410 studentar, eller 5 prosent frå 2023. Sjå kapittel 5.6 for meir analyse av utviklinga i lys av finansiering. I fortsettinga i dette kapittelet bruker vi offentleg og privat eigarskap som perspektiv på tala.
Vekst i talet på både studentar og heiltidsekvivalentar
Ein heiltidsekvivalent vil seie ein student som tar 60 studiepoeng per år, altså ein fulltidsstudent. Fordi det er mange deltidsstudentar i høgare yrkesfagleg utdanning, og stadig fleire som tek kortare utdanningar på færre en 30 studiepoeng totalt, blir det fleire studentar per heiltidsekvivalent. Til dømes vil to studentar som tek eit eittårig tilbod på deltid med 50 prosent til saman utgjere ein heiltidsekvivalent.
I figur 3.1 ser vi fordelinga av studentar og heiltidsekvivalentar på private og offentlege fagskular. Hausten 2024 var det 17 800 studentar ved private fagskular og 16 300 ved offentlege fagskular. Sidan 2017 har talet på studentar auka mest ved dei private fagskulane, med 140 prosent. Dei offentlege har i same periode auka med 96 prosent i talet på studentar. Frå 2023 til 2024 er det derimot dei offentlege fagskulane som har hatt størst prosentvis auke med ni prosentpoeng (1 400 studentar), mens talet på studentar ved private har auka med sju prosentpoeng (1 200 studentar).
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.1
Figuren viser òg at utviklinga i studenttalet og utviklinga i heiltidsekvivalentar veks parallelt, men at veksten i talet på studentar er høgare enn talet på heiltidsekvivalentar. Samla vekst i heiltidsekvivalentar har vore på 86 prosent (9 800 HTE) sidan 2017. Her er det stor skilnad mellom offentlege og private fagskular, som har hatt ein høvesvis vekst i heiltidsekvivalentar på 56 prosent (3 400 HTE) og 120 prosent (6 400 HTE). Frå 2023 til 2024 auka heiltidsekvivalentane med 7 prosent totalt sett, og utviklinga var noko lunde lik ved dei offentleg og private fagskulane.
Den sterke veksten i heiltidsekvivalentar ved dei private fagskulane heng først og fremst saman med at tilfanget av utdanningar på heiltid har halde fram med å auke. Sidan 2017 har det vore ein vekst på 93 prosent i talet på heiltidsekvivalentar på heiltidsutdanningar i dei private fagskulane. Dette står i motsats til dei offentlege fagskulane der omfanget av heiltidsstudiar har gått ned med 14 prosent sidan 2017, mens deltidsutdanningane har auka med 130 prosent.
Skilnaden i utviklinga her heng saman med fleire faktorar, som fagområde, utdanningsform og skulepengar. Dette kjem vi nærare inn på i kapitela som følgjer, til dømes i kapittel 3.2, 3.5 og 5.6.
Studentar ved private fagskular
Dei 17 800 studentane ved private fagskular fordeler seg på 45 ulike fagskular i 2024. Det aller meste av den omtalte veksten frå 2023 kom frå fagskular med fleire enn 1 000 studentar.
Mykje av veksten i den private delen av sektoren har kome som følgje av auka offentleg tilskot, jamfør kapittel 5.6, men det har òg vore ein vekst i den skulepengefinansierte delen.
Den største fagskulen er framleis Noroff med 3 800 studentar. For fyste gong sidan 2018 har dei ein nedgang i talet på studentar. Nedgangen frå 2023 til 2024 er fem prosent (220 studentar). Den nest største private fagskulen er Din Kompetanse fagskule med over 2 000 studentar, dei har økt med om lag 850 studentar (70 prosent) siste året. Dette er ein relativt ny fagskule som på kort tid har etablert seg over store deler av landet med særleg fokus på oppvekstfag, eit område som det har vore relativt få tilbod på tidlegare.
Fagskulen Kristiania er den tredje største private fagskulen med 1 900 studentar. Dei har hatt ein auke på 10 prosent siste året. I 2024 kjøpte eigaren av Fagskolen Kristiania opp NKI Fagskoler og MedLearn AS. Om desse tre organisasjonane vert fusjonert i framtida, vil Fagskolen Kristiania truleg verte den største fagskulen i tida som kjem, då MedLearn og NKI er høvesvis den fjerde og femte største private fagskulen med 1 900 og 1 800 studentar.
Fagskulen Tirna er den sjette største private fagskulen med nesten 1 200 studentar. Den siste av fagskulane med over 1 000 studentar er Gokstad Akademiet som òg har hatt ein markant vekst sidan 2023 på 250 studentar (30 prosent). Totalt har dei no like over 1 000 studentar. AOF Norge hadde nærare 350 studentar då dei gjekk konkurs våren 2024. Samla auke ved alle dei andre private fagskulane som ikkje er omtala her, er på til saman 138 studentar
Studentar ved offentlege fagskular
Dei 16 300 studentane ved offentlege fagskular er fordelt på 18 ulike fagskular, kor av 12 er fylkeskommunalt eig, 5 er statlege og ein er eigd av statlege helseføretak. Dei fire største offentlege fagskulane hausten 2024 er Fagskolen Viken (2 700 studentar), Fagskolen Rogaland (2 400 studentar), Fagskulen Vestland (2 000 studentar) og Fagskolen Innlandet (2 000 studentar).
Medan Fagskulen Viken har fått 100 fleire studentar (opp 4 prosent), har Fagskulen Rogaland fått 460 fleire studentar i 2024. Det utgjer ein auke på heile 24 prosent siste året. Ved Fagskolen Innlandet har det blitt 330 fleire studentar, det utgjer ein auke på 19 prosent. Fagskulen Vestland har uendra studenttal frå 2023 til 2024.
Ved Fagskulen i Agder er det 100 fleire studentar (opp 16 prosent) medan Nordland Fagskule har 80 fleire studentar (opp 21 prosent). Norges grønne fagskole – Vea og Norsk fagskole for lokomotivførere er dei fagskulane med størst nedgang i talet på studentar, med høvesvis 115 og 59 færre studentar i 2024 enn i 2023. Nedgangen utgjer 32 prosent hos begge fagskulane.
Sjå vedlegg V4 for oversikt over studiepoengeiningar fordelt på eigarskap og institusjonar.
Dei fleste studentane tek ei gradsutdanning
Høgare yrkesfagleg utdanning kan være kort og under 30 studiepoeng, men òg strekke seg opp til høgare fagskulegrad på inntil 180 studiepoeng. Figur 3.2 viser at det stadig er fleire studentar som tek gradsutdanning.
I 2024 var det 27 900 studentar som tok ei utdanning som fører til fagskulegrad (13 700) eller høgare fagskulegrad (14 100). I høve til 2023, vart det 1 000 fleire studentar på fagskulegrad i 2024, og 797 fleire studentar på høgare fagskulegrad. Til saman utgjer studentane på gradsutdanningar 82 prosent av studentane.
Dei siste par åra har talet på studentar på fagskulegrad auka meir enn høgare fagskulegrad, og dei er no snart jamstore. Som del av alle studentane har studentar på fagskulegrad auka frå 30 til 40 prosent i perioden 2017-2024. Dette heng i stor grad saman med veksten i helse- og velferdsutdanningar og økonomi- og administrasjonsutdanningar som tradisjonelt har vore eittårige. Delen studentar på høgare fagskulegrad har gått ned frå om lag 60 til 40 prosent i same periode.
I 2024 var det 3 400 studentar på korte utdanningar under 60 studiepoeng og 2 700 studentar på kortare studietilbod under 30 studiepoeng. Dei utgjer høvesvis ti og åtte prosent av studentane, talt som individ. I kapittel 3.5.3 kjem vi tilbake til kortare studietilbod under 30 studiepoeng. Der tel vi oppmeldingar, og studentar som er meldt opp til fleire tilbod vil derfor teljast fleire gonger, og tala vert høgare enn her i dette kapitelet.
Utviklinga i studentar på tilbod under 30 studiepoeng og tilbod mellom 30 og 59 studiepoeng, fekk ein klar topp under pandemien, for deretter å gå noko ned igjen. Dette skuldast den ekstraordinære satsinga på korte tilbod i den perioden for å møte den bråe auken i permisjonar i ein del bransjar. Dei to siste åra ser vi ein liten auke i talet på studentar på tilbod av kortare omfang, særleg under 30 studiepoeng.
Ein del av utviklinga i omfanget av dei korte tilboda skyldast statleg tilskot gjennom ordningane bransjeprogram, industrifagskulen og tilskot for fleksible og desentraliserte utdanningar. Desse ordningane blir omtala i kapittel 5.1.5.
Tabell 3.1 viser talet på studentar på studietilbod av ulikt omfang fordelt på fagskular med offentleg og privat eigarskap i 2019 og 2024. Vedlegg V11 viser studentane si alder på studietilbod av ulikt omfang i perioden 2017-2024.
Ved offentlege fagskular tar omlag 60 prosent av studentane ein høgare fagskulegrad (9 500 studentar), medan 25 prosent tar ein fagskulegrad (4 000 studentar). Det er 5 prosent av studentane som går på korte utdanningstilbod på 30-59 studiepoeng (900 studentar), medan like over 10 prosent av studentane går på kortare studietilbod under 30 studiepoeng (1 900 studentar).
Ved dei private fagskulane tek 55 prosent av studentane ein fagskulegrad (9 800 studentar), medan 25 prosent tek ein høgare fagskulegrad (4 600 studentar). Om lag 15 prosent av studentane på private fagskular tek korte utdanningstilbod på 30-59 studiepoeng (2 600 studentar), og berre fire prosent (800 studentar) går på kortare studietilbod under 30 studiepoeng.
2019 | 2024 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Offentleg | Privat | Totalt | Offentleg | Privat | Totalt | |
Kortare studietilbod, under 30 stp. | - | - | - | 1 898 | 780 | 2 678 |
Korte utdanningstilbod, 30–59 stp. | 250 | 1 938 | 2 188 | 877 | 2 566 | 3 443 |
Fagskulegrad, 60–119 stp. | 2 106 | 4 612 | 6 718 | 3 954 | 9 793 | 13 747 |
Høgare fagskulegrad, 120-180 stp. | 6 678 | 2 715 | 9 393 | 9 529 | 4 619 | 14 148 |
Totalt | 9 034 | 9 265 | 18 299 | 16 258 | 17 758 | 34 016 |
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T3.1
Tekstboks 2 Nasjonalt studentombod
Stortinget vedtok i mai 2024 at alle fagskulestudentar skal ha tilgang til eit nasjonalt studentombod frå 1. august 2025. Etableringa av det nasjonale studentombodet er eit tiltak for å sikre likeverdig tilgang til uavhengig studentstøtte i heile fagskulesektoren. Det byggjer vidare på kravet frå 2019 om at alle universitet, høgskular og fagskular skulle sikre studentane tilgang til eit studentombod. Fram til no har det vore opp til kvar institusjon å organisere dette lokalt, med høve til samarbeid mellom mindre institusjonar. Endringa flyttar ansvaret for å tilby studentombod frå den enkelte fagskulen til staten, og det er med det ikkje lenger styret ved fagskulane som har ansvar for å sikre at studentane har tilgang til eit ombod.
Det nasjonale studentombodet skal organiserast og driftast av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, og vil vere lokalisert i Tromsø. Ordninga skal bestå av to heiltidsstillingar og vil omfatte alle fagskulestudentar, uavhengig av om dei er tilknytte offentlege eller private institusjonar.
Studentomboda sine oppgåver omfattar å rettleie studentane i klagesaker, bidra til å løyse saker på lågast mogleg nivå og løfte saker til institusjonsstyret eller institusjonen sitt kvalitetssikringsarbeid ved behov. Det nasjonale studentombodet skal, på lik linje med dagens studentombod, gi råd og hjelp i studiesaker – uavhengig av om saka har prinsipiell betyding. Ombodet har teieplikt og skal utføre arbeidet uavhengig og fritt.
Det nasjonale studentombodet skal operere uavhengig av institusjonane og har teieplikt i samsvar med forvaltningslova. Dette er avgjerande for å ivareta studentane si tillit og rettstryggleik, og for å bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
Kjelde: HK-dir
3.2 Fordeling av studentar på fagområde
Demografiske endringar, teknologiutvikling, grøn omstilling og geopolitiske spenningar påverkar kompetansebehova i arbeidslivet. Desse megatrendane set òg krav til kompetanseheving og formell utdanning for arbeidstakarar gjennom heile yrkeslivet, noko Stortingsmeldinga Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning (Meld. St. 11 (2024-2025)) greier meir ut om. Etterspurnaden etter praksisnær høgare yrkesfagleg utdanning er høg i fleire sektorar arbeidslivet. Helsepersonellkommisjonen peikar på behov for personell med breiare kompetanse innanfor medisin og helsefag (NOU 2023: 4). NHO sitt kompetansebarometer reknar til at medlemsbedriftene manglar 12 000 personar med høgare yrkesfagleg utdanning innan tekniske fag (Furholt, Jon & Børing, Pål, 2024), og partane i maritim næring melder om eit stort behov for sjøfolk dei komande åra (Rege, Maren et al., 2024). I ein kompleks og uføreseieleg verden vert solid kompetanse innan totalberedskap peika på som naudsynt for å sikre nasjonal tryggleik og stabilitet. I dette kapittelet skal vi sjå på korleis studentane fordeler seg på fagområda i høgare yrkesfagleg utdanning.
Tre dominerande fagområde
Tekniske fag, helse- og velferdsfag, og økonomi- og administrasjonsfag held fram som dei tre største fagområda i 2024. Det er i desse fagområde ein òg ser sterkast vekst i talet på studentar frå 2023 til 2024, sjå figur 3.3.
Tekniske fag er det støste fagområdet, med totalt om lag 14 500 studentar. Frå 2023 til 2024 auka studenttalet på tekniske fag med 1 100 studentar (åtte prosent). Det er utdanningane i bygg og anlegg som er størst, med vel 4 200 studentar i 2024, det svarar til ti prosent auke sidan 2023.
Data/IT-fag er det nest største faget i kategorien tekniske fag med 3 800 studentar, etter ein sterk vekst frå 490 studentar i 2017. I 2024 har denne veksten flata ut, og det er om lag same tal studentar som i 2023. Kva dette skuldast veit vi ikkje sikkert. Det vert meldt om behov for IT-kompetanse, samstundes vert det meldt om ein tøff arbeidsmarknad, særskilt for nyutdanna. I følgje NAV hadde talet på utlyste stillingar innanfor IT ein nedgang på 34 prosent frå august 2022 til 2023, og talet på arbeidsledige har auka med 28 prosent i same periode (Vaaland, Mattis, 2023). Det kan med andre ord vere ein naturlig korrigering av tidlegare kraftig vekst på grunn av endringar i arbeidsmarknaden.
Det er Noroff som er desidert størst på data/IT-fag, med 2 400 studentar, det svarar til 65 prosent av alle data/IT studentane. I 2024 har dei ein nedgang i talet på data/IT studentar (110 studentar, 4 prosent) medan andre, særleg Gokstad Akademiet, har ein vekst (100 studentar, 23 prosent). Det er stadig fleire fagskular som tilbyr data/IT-fag med offentleg finansiering, medan Noroff finansierer alt med skulepengar.
På utdanningar i elektro/energi var det om lag 3 200 studentar, og ein auke på seks prosent sidan 2023. På industri/kjemi-fag var det om lag 2 200 studentar, ein auke på 8 prosent frå 2023.
Den største relative auken ser vi på utdanningar i modellering med 46 prosent, eller 200 studentar. Her er det i hovudsak tre nye tilbod i teknisk design ved fagskulen Noroff som står for auken.
I kategorien anna innan tekniske fag vart det 200 fleire studentar i 2024, noko som utgjer ein auke på 180 prosent. Dette er i hovudsak studentar frå Brann- og redningsskolen som i januar 2024 opna ny toårig utdanning i brann, redning og samfunnstryggleik.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.3
Helse- og velferdsfag auka med om lag 900 studentar (12 prosent), og det vart då totalt 8 500 studentar på dette fagområdet i 2024. Auken var størst innan oppvekstutdanningar, der vart det om lag 570 fleire studentar i 2024, ein auke på 26 prosent. Innan helsefaga ser vi berre ein prosent auke (66 studentar) sidan 2023. Sidan 2021 har talet på helsefagstudentar auka med berre 15 prosent til totalt 650 studentar.
På tross av det store omfanget av helsefagarbeidarar i den kommunale helse- og omsorgstenesta, og det sterke fokuset på å kvalifisere dei til å avlaste sjukepleiarar, er veksten i studenttalet på relevante fagskuleutdanningar lågare enn det ein kunne vente. Undersøkingar frå NIFU viser at helsefagarbeidarar med fagskuleutdanning i liten grad får økonomisk utteljing for vidareutdanninga. Dei opplever sjeldan endringar i stilling eller arbeidsoppgåver etter gjennomført utdanning, noko som truleg påverkar motivasjonen for å ta eit deltidsstudium over to år (Høst, Håkon et al., 2025, s. 18). I tillegg kan kombinasjonen av turnusarbeid og studiar vere krevjande dersom arbeidsgivar ikkje legg til rette. Det finst likevel døme på vellukka samarbeid. Mellom anna i Oslo, der studentar ved Fagskolen i Oslo får, i samarbeid med Sjukeheimsetaten, finansiert utdanninga si, fri med lønn eller integrert studium i turnus (Meld. St. 11 (2024-2025), s. 55).
Økonomi- og administrasjonsfaga har sidan 2020 vakse fram som eit av dei tre største fagområda. I 2024 var det 6 100 studentar på desse faga, ein auke på 450 studentar (8 prosent) sidan 2023. Auken er hovudsakeleg på utdanningar i leiing (23 prosent), og løn og rekneskap (11 prosent). Samstundes har det vore ein reduksjon i talet på studentar på utdanningar i reiseliv og marknadsføring.
Det aukande talet studentar på økonomi- og administrasjonsfag, ser vi både i offentlege og privat finansierte utdanningstilbod. Det vil seie at det både har vore prioritert offentleg finansiering til desse utdanningane, samstundes som studentar òg har vist betalingsvilje. Dette kan vi tolke som at utdanningane treff ein etterspurnad etter denne kompetansen. Kandidatundersøkinga viser til dømes at utdanningar i økonomi- og administrasjonsfag både er vidareutdanning for etablerte arbeidstakarar men òg grunnutdanning for personar som vil inn på arbeidsmarknaden eller omskolere seg (Alne, Ragnar et al., 2023).
Utviklinga i talet på studentar på fagområda kreative fag, samferdselsfag og anna har vore noko lunde stabil sidan 2017. I 2024 var det 2 400 studentar ved kreative fag, det er ein svak nedgang på 100 studentar frå året før, hovudsakeleg på utdanningar innan design og musikk, dans og drama.
Ved samferdselsfag vart det ein auke på 230 studentar frå 2023 til 2024. Auken var på dei maritime utdanningane og luftfart, medan utdanningane innanfor jernbane hadde ein liten reduksjon.
Utvikling i fagområda i høve til kvarandre
Figur 3.4 viser utviklinga i den relative storleiken til kvart fagområde i åra 2017-2024. Sjølv om det frå år til år ikkje er store endringar her, er det mogeleg å sjå trendar over tid.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.4
Figuren speglar at det er dei tre største fagområda som har vakse desidert mest, og derfor utgjer ein stadig større del av det samla bilete. Tekniske fag er det absolutt største fagområdet, og dei siste tre åra har delen studentar på tekniske fag vore på sitt høgste med 43 prosent av studentane.
Delen studentar på helse- og velferdsfag har tatt seg opp etter ein liten nedgang under pandemien, og utgjer no 25 prosent av alle studentane.
Det tredje største fagområdet er økonomi og administrasjon som har 18 prosent av studentane. Dette fagområdet fekk ein oppsving frå 11 prosent til 16 prosent med tiltak som vert satt i gang under pandemien. Det ser ut til at dette fagområdet har klart å treffe eit behov blant studentane og arbeidslivet, og derfor held seg stabilt opp mot 20 prosent.
Denne utviklinga er i tråd med behova for teknologisk kompetanse og gode velferdstenester som er dei prioriterte områda for utdanning og kompetanse i utsynsmeldinga (Meld. St. 11 (2024-2025); Meld. St. 14 (2022–2023)). Prioriteringa av utdanningar som er viktige for det grøne skiftet er vanskelegare å spore i desse tala, då dette ikkje er eit område som lett let seg avgrense til konkrete utdanningar. Samstundes er veksten i økonomi- og administrasjonsfag ikkje openbart i tråd med dei politiske føringane, men dei representerer likevel generiske kompetansar som bedrifter alltid vil trenge, slik som leiarkompetanse, økonomi og rekneskap, for å nemne noko.
Medan studenttalet ved kreative fag og samferdselsfag har vore stabilt i heile perioden frå 2017-2024, som vist i figur 3.3., har den relative delen studentar ved desse fagområda vorte halvert sidan 2017. I 2024 utgjorde studentane ved kreative fag 7 prosent og studentar ved samferdselsfag utgjorde 6 prosent av alle studentar. Nedgangen i den relative delen studentar skuldast at dei andre fagområda aukar i talet på studentar og utgjer derfor ein større del av den totale studentmengda.
3.3 Tilgang til utdanning og geografisk spreiing
Eit sentralt mål for høgare yrkesfagleg utdanning er at tilboda skal vere tilgjengelege over heile landet. Det er difor relevant å undersøkje kor studentane tek utdanninga si – om dei deltek i stadbaserte eller samlingsbaserte tilbod i dei ulike fylka, eller om dei føretrekk nettbaserte studium som er uavhengige av geografi. Studentane sin bustad gir òg nyttig informasjon om i kva grad fagskulane når ut nasjonalt med sine 178 studiestadar og fleksible nettbaserte løysingar.
Kor vel studentane å studere?
Figur 3.5 viser korleis studentar på stadbaserte og samlingsbaserte utdanningstilbod fordeler seg på studiestader ved offentlege og private fagskular i dei ulike fylka. Utdanningstilbod med nettbasert undervisning er skilt ut som eigen kategori sidan det ikkje gir meining å tilskrive desse studentane til eit einskild fylke når vi vil forstå den geografiske spreiinga av studentane. Det er om lag 10 600 studentar på nettbaserte tilbod, dei resterande om lag 23 400 studentane er knytt til studiestadar i dei ulike fylka.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.5
Flest studentar i Oslo
Oslo, Rogaland og Vestland er dei tre fylka med flest studentar. I 2024 var det over 4 000 studentar ved studiestadar lokalisert i Oslo, 3 000 studentar i Rogaland og 2 600 studentar i Vestland fylke. Av dei totalt 9 600 studentane i desse fylka var 2 900 studentar ved private fagskular, når vi heldt dei nettbaserte tilboda utanom.
Talet på studentar er i all hovudsak proporsjonal med innbyggjartalet i dei ulike fylka. Unntaka er Akershus, Møre og Romsdal og Finnmark som relativt sett har færre studentar pr innbyggjar enn dei andre fylka. I desse tre fylka var det òg færrast studentar i 2024. Det var om lag 100 studentar i Finnmark, og kring 550 studentar i Møre og Romsdal og Akershus fylke.
Det relativt låge talet på studentar i Akershus kan henge saman med nærleiken særleg til Oslo, men òg Buskerud og Østfold, som alle har ein meir utbygd fagskuletradisjon enn Akershus. Det er òg mogleg at det i nokon grad speglar næringsstrukturen i fylket. Det er til dømes relativt få sysselsette i industrien i Akershus. Akershus skil seg frå dei fleste andre fylker ved at dei har størst andel studentar innan helse og velferd. I tillegg er det ein relativ høg andel av studentane som er busett i Akershus som studerer på nett, jf. figur 3.6.
Den relativt låge andelen fagskulestudentar i Møre og Romsdal heng dårleg saman med både næringsstrukturen i fylket og andelen elevar på vidaregåande som vel yrkesfaglege utdanningar. I Finnmark tek fleirtalet av elevane i vidaregåande opplæring yrkesfag, men det totale elevtalet har gått ned. Tal frå SSB reknar at det også framover vil verte færre avgangselevar dei komande åra, noko som kan påverke rekrutteringa til høgare yrkesfagleg utdanning (Finnmark fylkeskommune, 2024; Statistisk sentralbyrå, 2024).
Dei offentlege fagskulane har flest studentar i dei fleste fylka
Korleis talet på studentar fordel seg på offentlege og private fagskular i dei ulike fylka heng saman med kva fagskular som har studiestader der. Dei offentlege fagskulane har flest studentar i dei fleste fylka. Dette heng saman med at desse fagskulane har ein langt høgare andel av studentane sine på stad- og samlingsbaserte tilbod, og ikkje dei reint nettbaserte som vi har plassert i ein eigen kategori.
Basert på fagskulane sine søknader til fylkeskommunane om tilskot til drift er det grunnar til å tru at vi i tida framover vil sjå ei dreiing i retning av fleire samlingsbaserte tilbod òg hos private aktørar. Finansieringssystemet legg opp til at fagskular berre kan søkje om tilskot i fylker der dei har studiestadar. Det vil seie at reint nettbaserte tilbod berre kan søkje om tilskot i eitt fylke.
I Innlandet er det 2 300 studentar på stad- og samlingsbaserte tilbod, og over 80 prosent av dei studerer ved Fagskolen Innlandet som er ein offentleg fagskule. I Vestfold og Oslo tilhøyrer over 70 prosent av studentane private fagskular. I Agder og Akershus er studentane jamt fordelte på studiestader til offentlege og private fagskular. Sjå vedlegg Fylkesoversikter - statistikk og omtale av dei einskilde fylka for fleire detaljer om studentar, heiltidsekvivalentar og finansiering for dei einskilde fylka.
Flest studentar på nett ved private fagskular
Det store fleirtalet av studentar på private fagskular finn vi på dei nettbaserte tilboda. Totalt er det om lag 10 600 studentar ved nettbaserte utdanningstilbod, og om lag 9 300 (90 prosent) av dei er studentar ved private fagskular.
Figur 3.6 viser den relative fordelinga av utdanningsformer som studentane i dei ulike bustadfylka følger. Studentane sitt bustadfylke er henta frå folkeregisteret. Ein kan sjå at studentar på stadbaserte og nettbaserte utdanningar med samling utgjer om lag 70-75 prosent av studentane i alle fylka.
Den geografiske fordelinga av studentar speglar både institusjonslandskapet og busettingsmønstera i landet. I dei nordlege fylka, der både folketal og talet på studiestader er lågare enn resten av landet, er det òg lågast del studentar på stadbaserte utdanningar (om lag 10 prosent). I Oslo og Agder er høvesvis 42 og 45 prosent av studentane på stadbaserte utdanningar.
Om vi ser på dei heilt nettbaserte utdanningstilboda utan samlingar, vert desse følgde av om lag 25-30 prosent av studentane i kvart av landets fylke. Nettbaserte utdanningar gjer det mogeleg for fleire å kunne delta på utdanning, og er ein stadig aukande utdanningsform. I kapittel 3.5 kjem vi nærare inn på fleksible utdanningstilbod.
Kjelde: Utdanningsstatistikk, Statistisk sentralbyrå Vedlegg: F3.6
Kva studentane studerer varierer mellom fylkeskommunane
Det kompetansepolitiske ansvaret i regionane ligg hos fylkeskommunane. Dei skal sørge for at det vert tilbydd høgare yrkesfagleg utdanning som svarar til lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov. Derfor forvaltar dei òg dei statlege tilskota til drift av fagskular. Sjå kapittel 5 og kapittel 6 for analyser av tilbodsstrukturen i lys av finansiering og utviklinga i dei einskilde fylka.
I dette kapittelet gjer vi eit overordna bilete av korleis tilbodsstrukturen ser ut i dei ulike fylka, uavhengig av korleis dei offentlege midlane til drift vert prioriterte. Figur 3.7 viser den relative fordelinga av studentar på dei ulike fagområda i kvart fylke. I utgangspunktet bør vi kunne forvente at utdanningane som vert tilbydd og etterspurt i dei ulike fylke, i stor grad speglar det regionale arbeidslivet og næringsstrukturen. Som tidlegare er nettbaserte tilbod er samla i ein eigen kategori.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.7
Figur 3.7 gir eit tydeleg bilete av at tilbodsstrukturen ser svært ulik ut i dei ulike fylka. Telemark, som er eit typisk industrifylke, skil seg ut med ein særs høg del av studentmassen i tekniske utdanningar, medan resten finst i helse- og velferdsfag. Delen studentar på tekniske fag er jamt over høg i dei fleste fylker der vi kan vente å finne ein relativt høg del sysselsette innan industrirelaterte bransjar. Lågast del studentar på tekniske fag finn vi mellom anna i Vestfold, noko som kanskje er overraskande gitt at det er mykje industri her òg. Men i dette fylket er det òg ein relativt høg andel av sysselsette i andre næringar som til dømes internetthandel og IKT, i tillegg til maritim transport. I tillegg er ein av få luftfartsutdanningar, som har eit nasjonalt nedslagsfelt, lokalisert i Vestfold. Det er derfor rimeleg at det er eit større innslag av fagområda samferdsel og økonomi- og administrasjonsfag her samanlikna med til dømes Telemark (SØA, 2020).
På same måte ser vi ein svært høg andel studentar på samferdselsfag i Møre og Romsdal, der skipsfart er ei viktig næring. Maritim næring er også viktig i dei fleste kystfylke, noko studenttala speglar.
Helse- og velferdsfag er eit fagområde der ein kunne forvente at det var ein relativt høg del studentar i alle fylker, og kanskje at volumet spegla demografien i dei ulike fylka i nokon grad. I fylka Akershus, Østfold og Rogaland utgjer studentar på helse- og velferdsfag over 40 posent. I dei aller fleste andre fylka, med unntak av Telemark, Troms, Buskerud og Vestland, er det over 20 prosent studentar ved helse- og velferdsfag.
Skilnadene i delen studentar på helse- og velferdsfag kan henge saman med fleire ting. Utdanningane innan helse- og oppvekst er stort sett offentleg finansierte, òg ved dei private fagskulane. Ettersom det er få utsikter til korkje lønsauke eller stillingsendring etter ei fagskuleutdanning i helsefag, er det truleg ikkje særleg høg betalingsvilje for desse utdanningane. .Dette betyr at fylkeskommunane sine prioriteringar av tilskot til drift vil kunne spele ei meir direkte rolle. I tillegg vil fagskulane sine satsingar spele ei avgjerande rolle, slik vi har sett med Din kompetanse som fylte eit kompetansehol på tvers av fylka innan oppvekstutdanningar, og vart prioritert i fordelinga av tilskot i fleire av fylka.
Fylkeskommunen er avhengig av at ein relevant tilbydar er til stades for å kunne prioritere utdanningane i fordelinga av tilskot. Ein tredje faktor kan vere at dei nettbaserte tilboda dekker etterspurnaden i ein del regionar. Ein fjerde faktor kan vere i kva grad arbeidsgivarar, i dette tilfellet stort sett kommunar, har fokus på kompetanseheving for tilsette i helse- og oppvekstsektoren. Dette kan påverke etterspurnaden.
Økonomi og administrasjon er det tredje største fagområdet. Her ser vi at det er stor variasjon i kor stor del studentar ved desse utdanningane utgjer i kvart fylke. Kvar tredje student innfor økonomi og administrasjon følgjer nettbaserte tilbod. I Rogaland studerer over 25 prosent av studentane utdanningar innanfor økonomi og administrasjon, medan Troms, Finnmark og Telemark ikkje har nokon aktive stad- eller samlingsbaserte studentar ved økonomi og administrasjon.
Kreative fag er representert i berre nokre få fylke. Studentar ved kreative fag finn ein i hovudsak i Oslo (28 prosent), Akershus (12 prosent) og Vestland fylke (12 prosent), medan Troms, Finnmark, Telemark, Buskerud og Østfold ikkje har studentar på kreative fag.
Oslo er fylket med mest jamn fordeling av studentar mellom de ulike fagområda. I dette fylke er fagområdet kreativ, som er eit av dei minste fagområda på landsbasis, størst. Heile ein av tre studentar i Oslo går på ei kreativ utdanning. Dette heng naturleg saman med at det er fleire fagskular som tilbyr slike utdanningar i Oslo, og at kultursektoren av naturlege grunnar er størst i Oslo.
3.4 Alder og kjønn
I 2024 var det 47 prosent kvinnelege og 53 prosent mannlege studentar i høgare yrkesfagleg utdanning. I snitt var studentane 34 år, men dei kvinnelege studentane var i snitt 4 år eldre enn dei mannlege, høvesvis 36 år og 32 år.
Figur 3.8 viser kor stor del av studentane i høgare yrkesfagleg utdanning som er i dei ulike aldersgruppene, samt fordelinga mellom menn og kvinner i kvar aldersgruppe.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.8
Studentane fordeler seg relativt jamt på kvar av dei ulike aldersgruppene i spennet frå 20 til 50 år. Tar vi høgde for at aldersgruppa 41-50 år omfattar fleire år enn dei andre kategoriane, er det noko færre studentar i det øvre sjiktet. Totalt sett er 60 prosent av studentane 30 år eller eldre. Dette skil seg frå universitet- og høgskulestudentane, som er 28 år i snitt.
Vi ser samstundes at menn og kvinner fordeler seg ulikt på aldersgruppene. I hovudsak er dei mannlege studentane yngre enn dei kvinnelege. Den største aldersgruppa for dei mannlege studentane er 20-25 år (25 prosent) og 48 prosent av dei er under 30 år. Tilsvarande er det største gruppa kvinnelege studentar 41-50 år (23 prosent), og totalt er 68 prosent av dei kvinnelege studentane over 30 år. I aldersgruppa over 50 år finn vi 1 656 kvinner og 854 menn.
Figur 3.9 viser aldersfordelinga til studentane innanfor dei ulike fagområda. Der ser vi klart to store grupper yngre studentar frå 20-24 år på samferdselsfag og kreative fag. Heile 61 prosent av studentane på samferdselsfag er i denne aldersgruppa, tilsvarande nesten halvparten av studentane på kreative fag (48 prosent). Mange av studentane på samferdsel kjem i stor grad frå lærlingtid i vidaregåande til vidareutdanning innanfor dei maritime faga. Det er og mange som kjem frå vidaregåande for å ta grunnutdanningar innanfor dei tekniske faga og dei kreative faga (Alne, Ragnar et al., 2023).
Vi ser òg at fagskulestudentane innan særleg helse og velferd, og økonomi og administrasjon er eldre enn studentane på dei andre fagområda. Innan helse og velferd er heile 80 prosent av studentane 30 år eller eldre, medan tilsvarande andel for økonomi og administrasjon er 73 prosent. På dei tekniske utdanningane er aldersfordelinga noko jamnare, der er 48 prosent av studentane under 30 år.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.9
Figur 3.10 viser kjønnsfordelinga innanfor kvar av fagområda i høgare yrkesfagleg utdanning. Vi ser at innanfor helse og velferd er dei aller fleste studentane kvinner (86 prosent). Her er det er ein tydeleg samanheng mellom fagområde, kjønn og alder. Vi har allereie sett at det er flest eldre studentar på dette fagområdet (figur 3.9), og at dei kvinnelege studentane generelt sett er eldre (figur 3.8).
Vidare ser vi òg ein stor del kvinner innanfor kreative fag (69 prosent), og økonomi- og administrasjonsfag (67 prosent). På den andre sida er studentane på samferdselsfag og tekniske fag i all hovudsak menn – her står menn for høvesvis 91 prosent og 84 prosent av studentane. Kjønnsfordelinga i dei typisk mannsdominerte og kvinnedominerte fagområda er i stor grad stabile over tid, men vi ser til dømes at delen menn i helse og velferd har auka frå 10 til 14 prosent sidan 2017, sjå vedlegg V15. Tilsvarande har delen kvinner innan tekniske fag auka frå 6 prosent i 2017 til 16 prosent i 2024, sjå vedlegg V14. I kreative fag, der kvinner allereie er i fleirtal, har delen kvinner auka dei siste åra, frå 59 prosent i 2017 til 69 prosent i 2024.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.10
3.5 Studentar på fleksible utdanningstilbod
Fleksibilitet i utdaninga handlar først og fremst om fleksibilitet for å velje det som passar best for den einskilde student. Ulike studentar har ulike behov, og fleksibilitet kan derfor vere fleire ting. I dette kapittelet omtalar vi deltid, nettbaserte og korte studietilbod som fleksible utdanningar. Men geografi spelar òg ei viktig rolle for å gjere utdanninga fleksibel. Geografi er omtala i kapittel 3.3.
Deltidsutdanningar gjer det mogleg å studere ved sida av jobb
I 2024 var det 25 000 studentar som tok utdanninga si på deltid. Det svarar til 74 prosent av alle studentane. I høve til 2023, er det 2 200 fleire deltidsstudentar, ein auke på 10 prosent. I perioden frå 2017 har det vore ein jamn auke i talet på deltidsstudentar, men dei utgjer òg ein større del av studentane. I 2017 studerte 60 prosent på deltid.
Figur 3.11 viser korleis talet på studentar fordeler seg på heiltids- og deltidsutdanningar per fagområde. I vedlegg V13 kan ein sjå utviklinga per fagområde frå 2017 til 2024. I helse- og velferdsfaga var om lag alle studentane (8 300 studentar, 98 prosent) på deltidsutdanningar i 2024. Denne fordelinga mellom heiltid og deltid på helse- og velferdsutdanningar har vore stabil sidan 2017.
Deltidsstudentane utgjer òg ein stor del innanfor økonomi- og administrasjonsfag (81 prosent) og tekniske fag (72 prosent) i 2024, med høvesvis 4 900 og 10 400 deltidsstudentar. For begge fagområda har delen deltidsstudentar auka sidan 2017.
For samferdselsfag og kreative fag er biletet motsett, innanfor desse fagområda var det flest heiltidsstudentar i 2014. Men utviklinga sidan 2017 går òg her mot større del av studentane på deltid.
Ved samferdselsfag var 87 prosent av studentane heiltidsstudentar i 2024. I perioden frå 2017-2023 har nær 100 prosent av studentane på samferdsel vore heiltidsstudentar. Men det siste året har det vorte 159 fleire deltidsstudentar, det svarar til ein auke frå 4 til 13 prosent på deltid.
Innanfor kreative fag var det 2 000 heiltidsstudentar i 2024, det svarar til 84 prosent av studentane innanfor det fagområdet. Frå 2023 har talet studentar på kreative fag gått svakt ned, men talet og delen deltidsstudentar har auka.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.11
Tabell 3.2 viser fordelinga av heiltids- og deltidsstudentar innanfor ulike aldersgrupper. Ein ser tydeleg at delen deltidsstudentar aukar med aukande alder. Det ser ut til å være eit skilje for studentar over og under 25 år, der heiltid er det mest vanlege for dei under 25 år, og deltid mest vanleg for studentar over 25 år. Som ein kan sjå, er heile 90 prosent av studentane over 40 år deltidsstudentar. Dette mønsteret har ikkje endra seg i særleg grad sidan 2017. Dette viser korleis deltidsutdanning verkar som den føretrekte utdanningsforma for dei eldre studentane som gjerne er dei som kombinerer utdanning med jobb og familieliv.
Sett i samanheng med alder og fagområde, som omtala over, skil studentar ved kreative fag og samferdselsfag seg ut som yngre heiltidsstudentar. Noko som òg passar med at utdanningar innan desse fagområda i stor grad er grunnutdanningar og vidareutdanningar som blir tatt direkte etter lærlingtid i vidaregåande skole (Alne, Ragnar et al., 2023).
Alder | Studentar på deltid | Andel deltid per aldersgruppe | Studentar på heiltid | Andel heiltid per aldersgruppe | Totalt |
---|---|---|---|---|---|
Under 20 | 41 | 12 % | 291 | 88 % | 332 |
20–24 | 3 020 | 44 % | 3 787 | 56 % | 6 807 |
25–29 | 4 657 | 70 % | 1 956 | 30 % | 6 613 |
30–34 | 4 501 | 78 % | 1 260 | 22 % | 5 761 |
35–40 | 4 922 | 85 % | 877 | 15 % | 5 799 |
41–50 | 5 579 | 90 % | 631 | 10 % | 6 210 |
Over 50 | 2 296 | 92 % | 198 | 8 % | 2 494 |
Totalt | 25 016 | 74 % | 9 000 | 26 % | 34 016 |
Nett- og samlingsbaserte utdanningar gjer utdanning lettare tilgjengeleg
Nett- og samlingsbaserte utdanningar vil seie fleksibilitet i både tid og stad for studentane. Som figur 3.12 viser, har det sidan 2017 vore ein kraftig auke i talet på studentar på desse utdanningsformene. I 2024 var det 14 000 studentar på samlingsbaserte tilbod (29 prosent auke), mens 10 600 studentar var på heilt nettbaserte tilbod (7 prosent auke). Til saman utgjer desse 72 prosent av alle studentane, og samla auke for studentar på nett- og samlingsbaserte tilbod har auka med 18 prosent sidan 2023.
Det var 9 400 studentar på stadbaserte utdanningstilbod i 2024. Sidan 2017 har talet studentar svinga mellom 9 700 og 11 800, men som del av alle studentane har studentar på stadbaserte tilbod gått frå 62 prosent i 2017 til 28 prosent i 2024. Frå 2023 til 2024 var det en reduksjon på om lag 1 300 studentar på stadbaserte tilbod i 2024, og for første gong var det fleire studentar på både samlings- og nettbaserte utdanningar enn på stadbaserte utdanningar.
Talet studentar på nettbaserte utdanningstilbod har auka med heile 340 prosent i perioden 2017-2024, tilsvarande har talet studentar på dei samlingsbaserte utdanningstilboda auka med 294 prosent.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.12
I vedlegg V12 er utdanningsform kryssa med alder og utdanning på heiltid og deltid. Der ser vi òg mønsteret som er skissert over. Dei aller fleste yngre studentane under 25 år studerer heiltid på stadbaserte tilbod, medan eldre studentar over 30 år i størst grad fordeler seg på samling- og nettbaserte deltidstilbod.
Kortare studietilbod under 30 studiepoeng kan senke terskelen for å starte på ei utdanning
Tabell 3.3 viser talet på oppmeldingar til kortare studietilbod under 30 studiepoeng, og kor stor del dei utgjer av alle oppmeldingar under 30 studiepoeng. Her vil ein student som har meldt seg opp til to ulike tilbod bli telt to gonger, og tala er derfor høgare enn talet på studentar som vart vist i figur 3.2.
I 2024 vart det registrert 3 600 oppmeldingar til kortare studietilbod under 30 studiepoeng. Over halvparten var meldt opp til tilbod i tekniske fag (2 000), medan 30 prosent var innanfor økonomi og administrasjon (1 100). I høve til 2023 er talet på oppmeldingar til dei korte studietilboda uendra, men frå 2022 til 2023, auka talet med 78 prosent, frå 2 000 til 3 600. Dei fleste studentane(41 prosent) var melde opp til tilbod på 10 studiepoeng. Ein fjerdedel tek tilbod på 5 studiepoeng.
Dei miste tilboda som vart tilbydt ved fagskular i 2024, var på 2,5 studiepoeng og berre 27 studentar var meldt opp til eit slikt tilbod. Dette var høvesvis 21 studentar ved prosjektleiing for anleggsbransjen ved Noregs grøne fagskule – Vea, og seks studentar ved tilbodet Cyber Security for everyone ved Oslo Nye Fagskole.
Frå 2022 til 2023 var det størst auke i oppmeldingar til dei kortare studietilboda innanfor tekniske fag, og økonomi- og administrasjonsfag, med høvesvis 800 og 500 fleire oppmeldingar. Vi kan òg sjå ei interessant utvikling i oppmelding til kortare studietilbod innanfor helse og velferd. I 2022 var det berre 45 oppmeldingar, og det svarte til to prosent av alle oppmeldingar til kortare tilbod under 30 studiepoeng. I 2023 vart det 150 fleire oppmeldingar, og andelen auka til tre prosent. I 2024 vart det berre 15 fleire, men andelen har auka til seks prosent. Auken er i stor grad knytt til modular innan observasjons- og vurderingskompetanse, velferdsteknologi og eldreomsorg. Fleire av desse modulane kan settast saman til ei 60 studiepoengs utdanning (fagskulegrad).
Tilnærma 90 prosent av studentane ved tilbod under 30 studiepoeng er meldt opp til eit tilbod som ikkje er vitnemålsgivande, altså tilboda er modular, gjerne henta frå lengre utdanningar, som gjev karakterutskrift som dokumentasjon på avlagde studiepoeng og oppnådd kompetanse
Fagområde | Antal studentar 2022 | Andel studentar 2022 | Antal studentar 2023 | Andel studentar 2023 | Antal studentar 2024 | Andel studentar 2024 |
---|---|---|---|---|---|---|
Helse og velferd | 45 | 2 % | 193 | 5 % | 208 | 6 % |
Kreativ | . | . | . | . | . | . |
Samferdsel | . | . | . | . | . | . |
Teknisk | 1 119 | 55 % | 1 936 | 54 % | 1 970 | 54 % |
ØkAdm | 622 | 31 % | 1 136 | 32 % | 1 102 | 30 % |
Anna | 68 | 3 % | 119 | 3 % | 205 | 6 % |
Uoppgitt | 170 | 8 % | 216 | 6 % | 133 | 4 % |
Totalt | 2 024 | 100 % | 3 600 | 100 % | 3 618 | 100 % |
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T3.3
Når vi skal sjå på kortare studietilbod, er det naudsynt å supplere biletet med utdanningar på til og med 30 studiepoeng. Dette heng saman med at det gjennom tilskotsordningar som til dømes Industrifagskulen og bransjeprogramma vert tilbydd korte og fleksible utdanningar på til og med 30 studiepoeng. Ti fagskular har rapportert inn at nesten 3 000 studentar var meldt opp til om lag 558 HTE på utdanningar som vart finansiert gjennom desse to tilskotsordningane i 2024. Om lag 44 prosent av desse heiltidsekvivalentane er knytt til utdanningar på 30 studiepoeng. Det store fleirtalet av studentane er likevel meldt opp til tilbod på 10 studiepoeng.
Fleire av desse tilboda er modular av lengre utdanningar. I dei jamlege dialogmøta mellom fagskular som har ramme gjennom Industrifagskulen, partane i arbeidslivet og HK-dir, kjem det fram at kortare studietilbod i modular senkar terskelen for at tilsette i industri- og byggenæringa søkjer seg til høgare yrkesfagleg utdanning. Fagskulane fortel at personar som først har teke ein modul, ofte melder seg opp til fleire. Med andre ord kan det å dele opp lengre utdanningar i modular vere eit effektivt grep for å rekruttere studentar, då det senker terskelen for å starte på ei utdanning.
Når vi ser på tilboda finansiert gjennom Industrifagskulen og bransjeprogramma som vart tilbydde i 2024, er om lag 60 tilbod med meir enn 2 000 studentar ikkje-vitnemålsgivande, altså tilboda er modular, gjerne henta frå lengre utdanningar, som gjev karakterutskrift som dokumentasjon på avlagde studiepoeng og oppnådd kompetanse. Om lag 40 av tilboda, med nesten 1 000 studentar er vitnemålsgivande tilbod, altså er tilboda utvikla og akkreditert som sjølvstendige utdanningar som gjev eit vitnemål.
3.6 Opptaksgrunnlag
Hausten 2024 var det over 18 000 nye studentar som starta på ei høgare yrkesfagleg utdanning. Det var om lag 670 fleire enn i 2023 og utgjer ein auke på 4 prosent. Figur 3.13 viser kva opptaksgrunnlag som vart lagt til grunn ved opptak av desse studentane. Opptaksgrunnlaget seier kva kompetanse som krevst for å komme inn på ein utdanning.
Dei fleste vert tatt opp på grunnlag av yrkesfaglege kompetanse
Yrkesfagleg kompetanse, oftast i form av fag- eller sveinebrev, er det vanlegaste opptaksgrunnlaget. Figur 3.13 viser korleis nye studentar fordeler seg på dei ulike opptaksgrunnlaga for åra 2017-2024. Figuren viser tydeleg at talet på studentar med opptak på grunnlag av yrkesfagleg kompetanse har auka jamt med veksten i talet på studentar.
Av dei totalt 18 000 nye studentane i 2024 vart 9 450 (52 prosent) tatt opp på grunnlag av yrkesfagleg kompetanse. Dette er ein relativ nedgang frå ein nokså jamn del på 57-59 prosent mellom 2017 og 2023. Noko av nedgangen kan skyldast at ein del studentar som tidlegare ville blitt rapporterte inn med yrkesfagleg opptaksgrunnlag, no vert rapporterte inn med opptak på grunnlag av til dømes høgare yrkesfagleg utdanning eller spesielle opptakskrav – to nye kategoriar i rapporteringa. Dette kan likevel ikkje forklare heile nedgangen i den relative delen av studentar som vart tatt opp på grunnlag av yrkesfagleg kompetanse.
Noko av forklaringa kan derimot ligge i utviklinga i realkompetansevurdering. Bruken av realkompetansevurdering som opptaksgrunnlag har auka kraftig dei siste åra, og i 2024 vart om lag 4 200 (23 prosent) av alle nye studentar tatt opp på grunnlag av realkompetansevurdering. Det er 940 (30 prosent) fleire enn året før, og heile 342 prosent auke sidan 2017. Vi ser nærare på kva som ligg i tala for realkompetansevurdering i kapittel 3.6.4.
Det tredje mest vanlege kompetansegrunnlaget for opptak til høgare yrkesfagleg er generell studiekompetanse, og det gjeld 3 700 (21 prosent) av alle nye studentar i 2024. Sjølv om det reelle talet på studentar med opptak på grunnlag av generell studiekompetanse har auka sidan 2017, har den relative delen av det samla studenttalet gått ned med seks prosentpoeng frå 27 prosent.
I 2023 vart rapporteringa av opptaksgrunnlag endra for å få ei rapportering som var meir i samsvar med fagskoleforskrifta: kategorien anna kompetansegrunnlag vart erstatta med dei tre kategoriane høgare yrkesfagleg utdanning, utanlandsk utdanning og spesielle opptakskrav. Spesielle opptakskrav kan til dømes vere opptaksprøver til kunstfaglege utdanningar, eller spesifikke krav til sertifiseringar eller liknande.
I 2024 vart 660 nye studentar rapportert på desse nye kategoriane for opptaksgrunnlag. Det er 260 fleire enn året før. Av desse vart 300 tatt opp på grunnlag av spesielle opptakskrav, medan like over 200 var tatt opp på grunnlag av anna høgare yrkesfagleg utdanning.
Av de 150 studentane med opptak på grunnlag av utanlandsk utdanningsbakgrunn hadde om lag 70 norsk statsborgarskap og litt over 30 islandsk statsborgarskap. Deretter følgjer Ukraina, Japan og Nederland med høvesvis 8, 7 og 4. Over 40 prosent av alle med opptak på bakgrunn av utanlandsk utdanning studerer ved ein av luftfartsfagskulane.
Tydelege samanhengar mellom opptaksgrunnlag og fagområda
Figur 3.14 viser kva opptaksgrunnlag som vart lagt til grunn for opptak til dei ulike fagområda i 2024. I fagområda teknisk, helse og velferd og samferdsel har meir enn 60 prosent av studentane opptak på grunnlag av yrkesfagleg kompetanse. I dei kreative faga er generell studiekompetanse opptaksgrunnlag for 60 prosent av dei nye studentane. Dei nye studentane på økonomi- og administrasjonsfag i 2024 fordelte seg jamt mellom yrkesfagleg kompetanse, generell studiekompetanse og realkompetansevurdering.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.14
Den store auken i opptak på grunnlag av realkompetansevurdering som vi kunne sjå i figur 3.13 er særleg tydeleg innan helse- og velferdsfaga, og dei tekniske faga.
Vedlegg V16 viser korleis opptaksgrunnlag til dei ulike fagområda har utvikla seg frå 2017-2024. Berre frå 2023 til 2024 har bruken av realkompetansevurdering i helse- og velferdsfaga auka med nesten 120 prosent, frå 600 studentar til 1 350. Samstundes, og dels på grunn av auken i realkompetansevurdering, har den relative delen med yrkesfagleg opptaksgrunnlag til helse- og velferdsfag gått ned frå 80 til 60 prosent frå 2023 til 2024.
Vi ser noko av den same tendensen i dei tekniske faga der delen nye studentar med opptak på grunnlag av yrkesfagleg bakgrunn gått ned frå 71 prosent i 2021 til 64 prosent i 2024. Den relative nedgangen heng saman med at bruken av realkompetansevurdering har auka mykje. Frå 2021 til 2024 er auken på nesten 145 prosent. I 2024 hadde 19 prosent av alle nye studentar i tekniske fag opptak på grunnlag av realkompetansevurdering, mot 10 prosent i 2021. Utviklinga i bruk av realkompetansevurdering blir òg omtalt i tilknyting til figur 3.16. Generell studiekompetanse vart i 2024 brukt som opptaksgrunnlag for 15 prosent av studentane i dei tekniske faga. Desse finn vi i stor grad i data/IT-faga.
Data/IT er plassert i kategorien tekniske fag, men vi ser at desse studentane skil seg frå studentar på andre tekniske fag langs fleire ulike variablar, som til dømes alder. Dette gjeld òg opptaksgrunnlag. Studentane på data/IT-fag utgjer over 80 prosent av alle nye studentar på tekniske fag med opptak på grunnlag av generell studiekompetanse. For alle andre fag i kategorien tekniske fag er yrkes- og realkompetanse dei desidert viktigaste opptaksgrunnlaga. Opptaksgrunnlaget for dei andre meir tradisjonelle faga er i hovudsak yrkeskompetanse følgt av realkompetanse.
I økonomi- og administrasjonsfaga ser vi at det er tredeling mellom yrkesfagleg kompetanse, generell studiekompetanse og realkompetanse som opptaksgrunnlag. Fordelinga mellom opptaksgrunnlaga svingar relativt mykje frå år til år i dette fagområdet, men sidan 2017 har det vert ein tendens i retning av at ein større del ein høgare andel av studentane blir tatt opp på grunnlag av yrkes- og realkompetanse.
Dei nye kategoriane for opptaksgrunnlag finn vi igjen på samferdselsfag og kreative fag. Ved opptak til samferdselsfag er det 8 prosent som har utanlandsk utdanningsbakgrunn som kompetansegrunnlag. Mange av desse finn vi i luftfartsutdanningane. På kreative fag vart 16 prosent av studentane tatt opp på bakgrunn av spesielle opptakskrav, truleg opptaksprøvar eller liknande.
Alder og opptaksgrunnlag
Ved å skilje på over og under 30 år på nye studentar i 2024, ser ein i figur 3.15 at bruken av dei ulike opptaksgrunnlaga til ein viss grad heng saman med studentane si alder.
Av studentane med opptak på grunnlag av generell studiekompetanse er 58 prosent under 30 år. Generell studiekompetanse er utbreidd i fag der det ofte er unge studentar, som til dømes dei kreative faga. Som vi såg i figur 3.14, vart 60 prosent av nye studentane på kreative fag tatt opp på grunnlag av generell studiekompetanse. Tidlegare har vi òg sett på studentanes aldersfordeling på dei ulike fagområda (figur 3.9). Ved kreative fag er det i størst del studentar mellom 20-24 år.
Samtidig er over 40 prosent av studentane med opptak på grunnlag av generell studiekompetanse over 30 år. Mange av studentane i økonomi- og administrasjonsfag tar utdanninga som eit ledd i å omstille seg til eit nytt yrke (Alne, Ragnar et al., 2023). Desse studentane er derfor litt eldre.
Det same er naturleg nok tilfelle for studentar med opptak på grunnlag av anna høgare yrkesfagleg utdanning og realkompetansevurdering. Desse opptaksgrunnlaga forutset at ein har fullført ein anna utdanning frå før, og/eller at ein har relevant arbeidserfaring.
Det er ikkje veldig mange studentar som blir rapportert med opptak på grunnlag av spesielle opptakskrav, men vi ser at det er stor overvekt av yngre (78 prosent), og at dette opptakskravet i hovudsak vert nytta for opptak til kreative fag, som òg er eit fagområde med sto overvekt av unge studentar.
Nærare om utviklinga i bruk av realkompetansevurdering
Realkompetanse er kompetanse ein har opparbeidd seg gjennom erfaring frå jobb, utdanning, kurs og interesser. Realkompetansevurdering er prosessen å vurdere og verdsetje denne kompetansen. Dersom den opparbeidde kompetansen er slik at den gir deg gode faglege forutsetningar for å kunne fullføre ei bestemt utdanning, kan ein få opptak til utdanninga sjølv om ein manglar det formelle kvalifiseringsgrunnlaget. På denne måten kan fleire få tilgang på relevant utdanning, og fleire får formalisert kompetansen sin, noko som kan styrke posisjonen på arbeidsmarknaden.
Som omtala tidlegare i kapittelet, har fagskulane hatt ein markant auke i bruk av realkompetansevurdering sidan 2017. Særleg dei siste 2-3 åra har utviklinga skutt fart. I 2024 vart 23 prosent av alle nye studentar tatt opp på grunnlag av realkompetansevurdering. Det er likevel ikkje slik at alle desse studentane kjem til fagskulen utan formell kompetanse frå før. Heile 25 prosent av alle studentane med realkompetanse som opptaksgrunnlag i 2024, hadde fullført ein utdanning ved eit universitet eller høgskule frå før, dei fleste ein heil gradsutdanning.
Når fagskuleutdanninga dei søker seg til har fagbrev som opptaksgrunnlag, og søkaren berre har generell studiekompetanse og høgare utdanning frå før, må fagskulen ta dei opp på grunnlag av ein realkompetansevurdering, sjølv om den høgare utdanninga openbart gir dei ein relevant kvalifikasjon, som til dømes når ein sjukepleiar søker seg til helsefag eller ein lærar til oppvekstfag, noko som stadig oftare er tilfelle.
Figur 3.16 viser korleis bruken av realkompetansevurdering ved opptak til dei ulike fagområda har utvikla seg frå 2017-2024. I samband med pandemien starta ein kraftig auke i realkompetansevurdering, først i økonomi- og administrasjonsfaga og så i helse- og velferdsfaga og dei tekniske faga. I 2024 vart 1 350 nye studentar til helse- og velferdsfag tatt opp på grunnlag realkompetansevurdering, tilsvarande 1 260 ved tekniske fag og 1 200 ved økonomi- og administrasjonsfag.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.16
Utviklinga av realkompetansevurdering i helse- og velferdsfaga skjer ved fleire fagskular, men særleg éin fagskule skil seg ut med særs høg vekst og høgt volum. Fagskulen Din kompetanse, med tilbod i oppvekstfag, stod for nesten 60 prosent av den samla veksten frå 2023 til 2024 på 730 studentar med opptak på grunnlag av realkompetansevurdering i helse- og velferdsfaga. Ifølge fagskulen har dei mange lærarar og andre med utdanning frå universitet og høgskule (UH) som søkjer seg til utdanningane. Når opptaksgrunnlaget til utdanningane er fagbrev, må desse tas opp på grunnlag av realkompetanse. Veksten i realkompetansevurdering kan med andre ord ikkje utan vidare tolkast som at folk utan formelle kvalifikasjonar får ein veg inn til formell utdanning.
Kryssar vi tala på fagskulestudentar i DBH-HYU med data på tidlegare UH-studentar i DBH kan vi sjå litt meir konkret kva slags bakgrunn desse studentane har. I tabell 3.4 ser vi tal på fagskulestudentar i helse- og velferdsfag hausten 2024 fordelt på fagområde for fullført universitet- eller høgskuleutdanning. Tala viser mellom anna at det er 100 studentar som starta på ei oppvekstutdanning som har ei lærar- eller pedagogikkutdanning frå UH. På helsefag er det 48 studentar med ei helse- eller sosialfagleg utdanning frå UH. Sjølv om det er nokon tydelege hovudtrekk i tala, er det òg en del spreiing i studentanes bakgrunn.
Fagområde for fullført utdanning frå universitet eller høgskule | Helse | Oppvekst | Anna |
---|---|---|---|
Allmenne fag | 1 | 1 | |
Helse-, sosial- og idrettsfag | 48 | 19 | 11 |
Humanistiske og estetiske fag | 19 | 40 | 13 |
Lærarutdanningar og utdanningar i pedagogikk | 19 | 100 | 9 |
Naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag | 2 | ||
Økonomiske og administrative fag | 11 | 6 | 2 |
Samferdsels- og sikkerhetsfag og andre servicefag | 2 | 1 | |
Samfunnsfag og juridiske fag | 9 | 2 | 4 |
Total | 111 | 168 | 40 |
Vi ser noko av den same tendensen i utdanningstypane data/IT og leiing. 27 prosent (1 100) av alle dei 4 200 nye studentane i 2024 med opptak på grunnlag av realkompetansevurdering tok utdanningar i eitt av desse to faga, og 192 av desse hadde fullført ei UH-utdanning frå før. Sjå kapittel 3.9 for meir om overgangar mellom fagskule, universitet og høgskule.
3.7 Uteksaminerte studentar
Alle som har fullført eit heilt vitnemålsgivande utdanningstilbod vert rekna som ein uteksaminert student. Det kan vere alt frå høgare fagskulegrad til eit mindre vitnemålsgivande tilbod.
Dei siste åra har det kvart år vore ein kraftig auke i talet på uteksaminerte studentar, og totalt vart det uteksaminert 13 000 kandidatar i 2024. I lys av veksten i talet på studentar er det som venta. Frå 2023-2024 var det 1 700 (15 prosent) fleire uteksaminerte kandidatar. Sidan 2017 har auken i uteksaminerte kandidatar vore på over 130 prosent, frå 5 600 uteksaminerte. Den relative veksten i uteksaminerte kandidatar er høgare enn veksten i studenttalet.
Talet på uteksaminerte kandidatar aukar i takt med veksten i studenttalet
Som vi ser i figur 3.17 er det dei tre største fagområda, tekniske fag, helse- og velferdsfag og økonomi- og administrasjonsfag som òg har flest uteksaminerte, og det er her det har vore sterkast utvikling. I 2024 vart det uteksaminert om lag 4 800 studentar frå tekniske utdanningar, og like over 3 000 studentar med utdanningar i helse og velferd, og økonomi og administrasjon.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.17
Det vart uteksaminert 1 100 studentar frå kreative fag, og om lag 550 studentar frå samferdselsfag i 2024. Dette er tilnærma uendra frå 2023. Det har vore ei slak positiv utvikling i talet på uteksaminerte studentar i desse fagområda sidan 2017. Uteksaminerte frå kreative fag har auka 35 prosent frå 2017-2024, og for samferdselsfag har talet på uteksaminerte i same periode auka med 11 prosent.
Figur 3.18 viser talet på uteksaminerte studentar i 2024, fordelt på fagområde og omfanget av utdanningane. I vedlegget til figuren (F3.18) finn ein tilsvarande tal for 2017-2024.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.18
I 2024 vart det uteksaminert 2 500 kandidatar med høgare fagskulegrad frå tekniske fag, 700 frå kreative fag og om lag 400 frå samferdselsfag. Som del av dei uteksaminerte studentane frå kvart av desse fagområda, er det høvesvis 50 prosent, 60 prosent og 70 prosent med høgare fagskulegrad i 2024.
Som ein kan sjå av figur 3.17 vart det uteksaminert kandidatar med fagskulegrad frå alle fagområda i 2024. Det var 2 300 uteksaminerte frå helse og velferd, om lag 1 200 frå økonomi og administrasjon, og om lag 1 100 frå tekniske fag. Ved kreative fag vart det om lag 400 uteksaminerte med fagskulegrad, tilsvarande 150 frå samferdselsfag. Om lag kvar tredje uteksaminerte student frå kreative fag og samferdselsfag i 2024, gjekk ut med ein fagskulegrad.
Uteksaminerte studentar med kortare studietilbod under 30 studiepoeng kjem hovudsakeleg frå tekniske fag (1 000 studentar) og økonomi- og administrasjonsfag (800 studentar), men òg nokre frå helse og velferd, og i kategorien anna.
Dei utviklingstrekka vi ser i perioden frå 2017-2024 er i hovudsak at uteksaminerte på dei kortare studietilboda under 30 studiepoeng er ein aukande del av dei uteksaminerte. Dette gjeld særleg tekniske fag og økonomi- og administrasjonsfag, men og helse- og velferdsfag.
3.8 Studiepoengproduksjon og fullføring av utdanningar
Når ein student er rapportert inn som aktiv på eit utdanningstilbod kan vi sjå kor mange studiepoeng det er venta at studenten skal ta kvart år fram til utdanninga er fullført. Ved å sjå på kor stor del av dei planlagde studiepoenga som faktisk vert tatt kan vi seie noko om i kva grad studentane lykkast i utdanninga – år for år.
Over 80 prosent av alle venta studiepoeng vert avlagde kvart år
Tabell 3.5 viser kor mange studiepoengeiningar som var venta avlagt kvart studieår, basert på kva tilbod studentane var melde opp til, og kor mange studiepoeng som faktisk vart avlagde same studieår.
Over 80 prosent av alle venta studiepoeng vert avlagde kvart år, med unntak av det første studieåret under pandemien. Sjølv om del produserte studiepoeng gjekk noko ned i studieåret 2023-2024 i høve til dei to føregåande studieåra, er det overordna bilete ein jamn høg del produserte studiepoengeiningar. I tillegg er strykprosenten låg i dei enkelte karaktergivande emna, i 2024 var han 3,8 prosent (vedlegg V19), mot 7,5 prosent i universitet- og høgskulesektoren (HK-dir, 2025).
Vi ser derimot store skilnader i studiepoengproduksjon i høve til forventa langs ulike variablar, det skal vi sjå nærare på under.
Studieår | Forventa studiepoengeiningar | Produserte studiepoengeiningar | Del av forventa |
---|---|---|---|
2017–2018 | 22 065 | 18 456 | 84% |
2018–2019 | 23 284 | 19 597 | 84% |
2019–2020 | 25 640 | 21 076 | 82% |
2020–2021 | 31 347 | 24 783 | 79% |
2021–2022 | 34 738 | 28 045 | 81% |
2022–2023 | 35 722 | 29 471 | 82% |
2023–2024 | 39 240 | 31 402 | 80% |
Kvifor studiepoengproduksjon og ikkje fullføring på normert tid?
For ei utdanningstype som i stor grad siktar seg inn mot vaksne arbeidstakarar som skal studere på deltid gjennom høg grad av fleksibilitet i tilbodsstrukturen, kan det vere tenleg å vurdere effektiviteten i sektoren ut frå kor stor del av alle planlagde studiepoeng som faktisk vert avlagde. Dette er eit alternativ til å bruke fullføring på normert tid som ein indikator på kvalitet. Forskjellen mellom desse to måtane å telje på er om vi vektlegg tid for gjennomføring av ein heil utdanning, eller om vi vektlegg fullføring av planlagde emne i utdanninga undervegs i utdanningsløpet.
Ei motsetning til å sjå på normert fullføring som ein indikator på kvalitet, er eit mål om å gjere utdanning meir fleksibel og tilgjengeleg for fleire. Det er eit mål at ein ikkje skal bruke lengre tid på utdanninga enn naudsynt, då ein tradisjonelt ikkje er produktiv i arbeidsmarknaden når ein er student. Med fullføring på normert tid ser vi bort i frå alle resultat som ikkje er fullført innan eit gitt tidsrom, og vi vil sjå bort frå alle delar av ei utdanning dersom ikkje siste del òg er gjennomført.
Med ein tilnærming der alle fullførte emnar vert vektlagt som gjennomført læring og auka kompetanse, får alle delar av ei utdanning verdi. Dette gjeld sjølv om fullføringa tek lengre tid enn planlagd, eller om ikkje alle delar av utdanninga vert fullført.
Eit tilleggsmoment i val av tilnærming er graden av fleksibilitet i tilbodsstrukturen. Dette kjem inn som ein faktor som tidvis gjer det svært vanskeleg å følgje ein student frå start til slutt i utdanningsløpet i rapporteringssystema. Dette er til dømes tilfelle der studentar kan veksle mellom heiltid og deltid, eller mellom nett- og stadbasert undervisning undervegs i utdanninga. Eller tilfelle der utdanningstilboda er modulisert slik at ein kan starte på ein enkelt del. men ende opp med ein heil grad dersom ein tek alle modulane. Auka grad av fleksibilitet i utdanningane utfordrar tanken om normert tid som eit mål på kvalitet.
Store skilnader mellom fagområda
Tabell 3.6 viser at det er stor skilnad i delen produserte studiepoengeiningar av forventa, i dei ulike fagområda. Det er høgst del innfor samferdselsfag (88 prosent) og kreative fag (87 prosent). Tekniske fag ligg like over gjennomsnittet, medan det er klart lågast del produserte studiepoengeiningar innanfor økonomi og administrasjon(72 prosent) og helse og velferd (74 prosent). Låg del produserte studiepoengeiningar peikar anten på fråfall undervegs i utdanningsløpet, eller på at studenten har ein lågare progresjon enn venta.
Skilnaden mellom fagområda kjem tydeleg til syne ved til dømes Gokstad Akademiet, som har nettbaserte tilbod i både økonomi- og administrasjonsfag og tekniske data/IT-fag. Andel avlagde studiepoengeiningar ligg på høvesvis 62 prosent og 81 prosent ved desse faga. Det er vanskeleg å seie kvifor økonomi- og administrasjonsfaga skil seg ut på denne måten, men funn i Studiebarometeret viser òg at desse studentane skil seg ut mellom anna ved at dei i mindre grad svarar på undersøkinga og at nesten halvparten rapporterer at dei ikkje har opplevd arbeidslivsbidrag i utdanninga. Dei skårar òg lågast på sosialt og fagleg læringsmiljø (NOKUT, 2024).
Fagområde | Forventa studiepoengeiningar | Produserte studiepoengeiningar | Andel av forventa |
---|---|---|---|
Helse og velferd | 7 175 | 5 329 | 74% |
Kreativ | 4 620 | 4 000 | 87% |
ØkAdm | 5 924 | 4 269 | 72% |
Samferdsel | 2 659 | 2 335 | 88% |
Teknisk | 17 822 | 14 714 | 83% |
Anna | 780 | 631 | 81% |
Uoppgitt | 261 | 125 | 48% |
Totalt | 39 241 | 31 403 | 80% |
Låg andel produserte studiepoeng på nettbaserte tilbod
Ser vi nærare på høvet mellom forventa og faktisk avlagde studiepoeng fordelt etter utdanningstype, ser vi at det er langt lågare del gjennomførte studiepoengeiningar i dei nettbaserte utdanningane enn for dei to andre utdanningsformane, jamfør tabell 3.7. På stadbaserte utdanningstilbod vert 89 prosent av forventa studiepoeng avlagt, tilsvarande 80 prosent på samlingsbaserte tilbod, og 68 prosent på nettbaserte utdanningstilbod.
Fleksibilitet i utdanninga stiller krav til personleg struktur og motivasjon, og Studiebarometeret viser òg at nettstudentane skårar lågt på indeksen for sosialt og fagleg læringsmiljø (Korseberg et al., 2022; NOKUT, 2024).
Utdanningstype | Forventa studiepoengeiningar | Produserte studiepoengeiningar | Andel av forventa |
---|---|---|---|
Stadbasert undervisning | 15 962 | 14 159 | 89% |
Nettbasert undervisning | 11 524 | 7 891 | 68% |
Nettbasert undervisning med fysiske samlingar | 11 754 | 9 351 | 80% |
Små forskjellar mellom utdanningar på heiltid og deltid
Jamt over viser tala òg at det er noko lågare andel produserte studiepoengeiningar på deltidsutdanningar (76 prosent) i høve til fulltidsutdanningar (86 prosent), jamfør tabell 3.7. På fagområda der det er eit visst volum av både deltids- og fulltidsstudentar, økonomi- og administrasjonsfag og tekniske fag, er skilnaden mellom deltid og heiltid på 4-6 prosentpoeng. Men delen produserte studiepoengeiningar innanfor økonomi- og administrasjonsfag på fulltid ligg lågare enn for tekniske fag på deltid. Dette tydar på at deltidsutdanningar kan verke inn på, men ikkje aleine forklare en lågare andel produserte studiepoengeiningar.
Andel av heiltid | Forventa studiepoengeiningar | Produserte studiepoengeiningar | Andel av forventa |
---|---|---|---|
Deltid | 22 239 | 16 847 | 76% |
Heiltid | 17 001 | 14 555 | 86% |
Studiepoengproduksjon blir påverka av ulike faktorar
I dei førre delkapitla har vi sett at det er høg andel avlagte studiepoeng i høve til forventa produksjon, men at både fagområde, undervisningsform og heiltid/deltid påverkar resultatet. Truleg vil òg faktorar som finansiering, arbeidsmetodar i faget og studentanes alder og kjønn spele inn, og det kan være vanskeleg å seie korleis desse faktorane spelar inn på kvarandre, og kva som er mest avgjerande.
Vi ser mellom anna at det er skilnader mellom ulike fagområde og når det gjeld nettbaserte utdanningar. Del av forventa studieproduksjon innanfor helse- og velferdsfag, og økonomi- og administrasjonsfag, er lågare enn tekniske data/IT fag.
Dette ser vi til dømes ved samanlikning av dei tre største fagskulane på nettbaserte tilbod, Noroff, NKI og Medlearn, som til saman har over 70 prosent av alle venta studiepoengeiningar på dei nettbaserte tilboda. Her varierer andelen avlagde studiepoengeiningar frå 79 prosent ved Noroff til 57 prosent ved Medlearn og 46 prosent ved NKI sine tilbod. Medan NKI i all hovudsak tilbyr økonomi- og administrasjonsfag og Medlearn helse- og velferdsfag, har Noroff dei fleste av studentane på data/IT-fag og kreative fag.
Dette bringer oss vidare til finansiering som ein faktor som òg kan ha noko å seie. Medan dei nettbaserte utdanningane i helse og velferd, inkludert tilboda ved Medlearn som nemnd over, i all hovudsak er offentleg finansierte og gratis for studentane, er ein stor del av dei nettbaserte tilboda i data/IT-fag, og alle tilboda ved Noroff, finansiert gjennom skulepengar.
Når ein student betalar for utdanninga si sjølv, er det rimeleg å tru at det kan gje ekstra motivasjon for å gjennomføre. Dette sett i høve til utdanningar som er offentleg finansierte og gratis. For økonomi- og administrasjonsfaga finn vi likevel ikkje nokon slik samanheng med finansieringsform. Tilboda ved NKI, til dømes, er finansiert av skulepengar.
Andre forklaringar kan vere knytte til studentgruppa. Det er til dels store skilnader på kven studenten er, særleg mellom helse- og velferdsfaga og data/IT-faga, på til dømes alder. Dette er noko som òg peikar mot ulike livssituasjonar og krav om å kombinere utdanning og jobb (sjå kapittel 3.4). Vi ser til dømes at det innanfor kreative fag og samferdselsfag er høgare del avlagte studiepoeng i høve til forventa, og her er studentane yngre, men det er òg større grad av stadbaserte heiltidsutdanningar.
3.9 Overgangar mellom fagskular og universitet/høgskular
Høgare yrkesfagleg utdanning er ein relevant arena for både grunnutdanning, vidareutdanning og omskolering, og kvart år er det studentar med tidlegare utdanning frå universitet eller høgskule som studerer ved ein fagskule. Som omtala i kapittel 3.6 om opptaksgrunnlag, ser vi mellom anna auka bruk av realkompetansevurdering for studentar med ei universitets- eller høgskuleutdanning frå før. Det er òg kandidatar frå høgare yrkesfagleg utdanning som tar vidare utdanning i universitet og høgskule.
Overgang frå universitet eller høgskule til fagskule
I 2024 var det om lag 5 200 studentar ved fagskular som tidlegare har vore registrert som student ved eit universitet eller høgskule (sjå figur 3.19). Dette utgjer 15 prosent av alle fagskulestudentane i 2024. Men berre litt over halvparten (2 700) av fagskulestudentane med ein bakgrunn frå eit universitet eller høgskule hadde fullført ein utdanning der, altså 8 prosent av fagskulestudentane i 2024. Det vil samtidig seie den andre halvparten (2 500), har vore registrert ved eit universitet eller høgskule tidlegare utan å fullføre ei utdanning. Andelen fagskulestudentar med ein bakgrunn frå eit universitet eller høgskule har dobla seg frå 2017, både for dei som har fullført og dei som ikkje har fullført ei utdanning.
Blant dei som hadde fullført ei universitets- eller høgskuleutdanning, hadde 60 prosent fullført bachelor eller tilsvarande lågare grad, 35 prosent hadde fullført årseining eller høgskulekandidatutdanning, og 5 prosent hadde ein fullført høgare grad. Det siste svarar til 135 kandidatar i 2024, ein auke på 82 frå året før.
Blant studentane som starta høgare yrkesfagleg utdanning i 2024 utan å ha fullført ein universitets- eller høgskuleutdanning, hadde 68 prosent tidlegare påbegynt eit bachelorstudium eller tilsvarande lågare grad, 27 prosent hadde påbegynt årseining eller høgskulekandidatutdanning utan å fullføre, og 5 prosent hadde starta på ein høgare grad utan å gjere han ferdig.
Tala viser at høgare yrkesfagleg utdanning vert meir og meir relevant og attraktiv for personar med høgare utdanning på ulike nivå, både for dei som har fullført si høgare utdanning og dei som ikkje har gjort det. Formålet med høgare yrkesfagleg utdanning kan då være alt frå ny utdanning og omskolering til vidareutdanning.
Fagskulestudentane med bakgrunn frå eit universitet eller høgskule kjem frå fleire ulike fagområde, og det er ikkje eit tydeleg mønster. Samla sett for alle 5 200 fagskulestudentane i 2024 med ein bakgrunn frå eit universitet eller høgskule var det 21 prosent som kom frå humanistiske og estetiske fag, 21 prosent frå økonomisk- og administrative fag, og 17 prosent frå lærarutdanningar og utdanningar i pedagogikk.
Ser vi på kva for fagområde desse studentane gjekk til i høgare yrkesfagleg utdanning ser vi at 28 prosent gjekk til økonomi- og administrasjonsfag (i stor grad leiing), 27 prosent til tekniske fag (i stor grad data/IT-fag), og 26 prosent til helse- og velferdsfag (om lag likt fordelt mellom helsefag og oppvekstfag).
Overgang frå fagskule til universitet eller høgskule
Talet på fagskulekandidatar som går vidare med utdanning på eit universitet eller høgskule er svært stabilt frå år til år, med om lag 9 prosent av kandidatane som avsluttar utdanninga si det same året (Tabell 3.9.) Dei påfølgande par åra er det ein ytterlegare fem prosentpoeng auke for det same avgangskullet. Etter sju år ser vi at nesten kvar fjerde fagskulekandidat som vart uteksaminert i 2017 på eit seinare tidspunkt har vore registrert som student på eit universitet eller ein høgskule.
Årstal | Tal på fagskulekandidatar | Tal på fagskulekandidatar seinare registrert ved UH (per 15. mars 2024) | Andel fagskulekandidatar seinare registrert ved UH |
---|---|---|---|
2017 | 5 618 | 1 342 | 24% |
2018 | 6 094 | 1 319 | 22% |
2019 | 6 145 | 1 340 | 22% |
2020 | 7 013 | 1 548 | 22% |
2021 | 8 265 | 1 634 | 20% |
2022 | 8 865 | 1 481 | 17% |
2023 | 9 655 | 1 374 | 14% |
2024 | 10 950 | 1 004 | 9% |
Tabell 3.10 viser kva fagområde desse fagskulekandidatane kom frå før dei starta på universitet eller høgskule. Som tidlegare år er det klart flest kandidatar frå dei kreative faga som går vidare til ein universitets- eller høgskuleutdanning same året som dei gjer ferdig fagskuleutdanninga. I 2024 var det heile 20 prosent av alle uteksaminerte kandidatane frå kreative fag som vart registrert som student ved eit universitet eller høgskule same året. Dette er ein auke på eitt prosentpoeng frå 2023, og fire prosentpoeng frå 2022. I økonomi- og administrasjonsfaga var det 12 prosent av alle uteksaminerte kandidatane i 2024 som gjekk direkte vidare, ein auke på eitt prosentpoeng frå 2023. I helse- og velferdsfaga var det 7 prosent av dei uteksaminerte kandidatane, ein nedgang på eitt prosentpoeng frå 2023.
Fagområde | Tal på fagskulekandidatar | Tal på fagskulekandidatar seinare registrert ved UH | Andel fagskulekandidatar seinare registrert ved UH |
---|---|---|---|
Helse og velferd | 2 969 | 203 | 7% |
Kreativ | 1 108 | 223 | 20% |
Samferdsel | 537 | 4 | 1% |
Teknisk | 3 812 | 260 | 7% |
ØkAdm | 2 217 | 269 | 12% |
Anna | 291 | 44 | 15% |
Uoppgitt | 16 | 1 | 6% |
Totalt | 10 950 | 1 004 | 9% |
Dersom utviklinga for 2017-kullet, der kvar fjerde fagskulekandidat har gått vidare til eit universitet eller høgskule, òg gjer seg gjeldande for 2024-kandidatene, vil meir enn 3 300 studentar uteksaminert i 2024 ha starta på ei utdanning ved eit universitet eller ein høgskule innan 2031. Det er klart flest kandidatar frå dei faga der studentane oftast har generell studiekompetanse som går videre til universitets- eller høgskuleutdanning. Med denne bakgrunnen er dei allereie kvalifisert for opptak til ein slik utdanning, medan dei med til dømes fagbrev må i hovudsak ta ei heil toårig fagskuleutdanning for å kvalifisere til opptak ved eit universitet eller høgskule.
Om nivået på overgangar frå fagskule til universitet og høgskule kjem til å halde ved i dei komande åra er usikkert. Med dei komande endringane i nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk og gradar, som vil opne for fagskuleutdanning på same nivå som i universitet og høgskular, er det grunn til å tru at dette bilete kan sjå annleis ut i 2031.
Skifta namn frå Fagskolen AOF Vestlandet- Agder i 2024
Det var 2 678 enkeltpersonar som var meld opp 3 615 gonger, med andre ord, i nokre av tilfella var ein og same person meldt opp til fleire tilbod same år
Grunna avgrensingar i Visma in School, som dei fylkeskommunale fagskulane er pålagde å bruke til skuleadministrativt system, er det feil og manglar i rapporteringa knytt til korte og fleksible tilbod.
Fagskoleforskrifta § 7(4) slår fast at «Med spesielle opptakskrav menes krav om bestemte fag, fagbrev, svennebrev, karakterer, poeng, opptaksprøver, arbeidserfaringer, autorisasjoner, sertifiseringer eller andre yrkesgodkjenninger.» Vi har ikkje data om kva som inngår i dei spesielle opptakskrava som er stilt.
Ein studiepoengeining er 60 studiepoeng faktisk produsert, tilsvarande eit års studiar på heiltid.
Fordi dei fleste studiane startar på haustsemesteret er det naudsynt å jamføre forventa produksjon med faktisk produksjon av studiepoeng etter studieår og ikkje kalenderår. Studentane vi tel på hausten tek ein stor del av studiepoenga på vårsemesteret året etter at dei startar studia.
Strykprosent vert målt gjennom eksamenssvar som er vurdert til ikkje bestått eller bokstavkarakteren F